Henden Sport og Fritid Henden Sport og fritid 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

20.05.12

Jølster rundt

Det vart ein flott dag Jølster rundt i dag i strålande sol. Eidsfossen Sykkel hadde heile 20 deltakarar på startstrek. 3 mann starta i rekordpulja, Bjørnar Gilleshammer, Per Erik Eimhjellen og Øystein Kristiansen. Dei følgde pulja si heilt inn, men blei slått av to stk frå Førde CK. Meir om desse kan ein lese på nrk.no.

I lagpulja starta 16 mann frå klubben saman med 9 stk frå Flora CK. Sistnemnde klubb hadde med nokre ungdomsryttarar og skulle ta vare på desse. Dette medførte at Eidsfossen-gutta køyrde sitt eige løp med hjelp av nokre ein tok att undervegs. Disiplinert køyring til Vassenden, og god organisering vidare derifrå gjorde at alle frå klubben kom samla til mål. Lengre bak starta einaste dame frå Eidsfossen Sykkel, Yngvill Oen. Ho kom seg også flott gjennom rittet. Veldig bra jobba av alle!

Resultat kjem på www.fordeck.org

 

16.05.12

Barnetreningar

Barnetreningane går sin gang på mandagar i henhold til oppsett plan. Svein Hauge har teke ein del bilete som ein kan sjå i dette albumet

Gunhild Nesgård

 

Per Erik tok også nokre bilete under Utvikfjellet opp som ein kan sjå i dette albumet.

 

Stig Svalheim - førstemann Utvikfjellet Opp 10.mai, tid 23.45

 

Sykkeltur i Bremanger?

Invitasjon til roleg sykkeltur/-ritt i naturskjøne omgjevnader i Bremanger 2.juni finn du her.

 

14.05.12

Melkesyra

Stig Svalheim følgde opp sin Motbakkesuksess frå Utvikfjellet og tok ein suveren siger og sette klar ny løyperekord under motbakkerittet "Melkesyra" i Måløy laurdag 12.mai. Svein Rune Aaland deltok også og fekk ein 6.plass i si klasse.

Resultat her.

Les Stig sin eigen vurdering av konkurransen her.

 

08.05.12

Medlemskontigent

Dei som ikkje har betalt medlemskontigen for 2012 er herved oppmoda om å gjere det so snart råd.

Satsane er som tidlegare år:

  • Familiepris kr. 300.
    Famile inneber inntil 2 vaksne med ubegrensa antal barn tom. det året dei fyller 18
  • Enkeltmedlem vaksen kr. 200
  • Enkeltmedlem barn/ungdom kr. 100 (tom. det året dei fyller 18)
  • Støttemedlem kr. 100

Innbetal aktuell sum for medlemskap i Eidsfossen Sykkel til kontonr. 3705.07.87428

 

07.05.12

Downhill

Pål Kristian Gimmestad og Sigleif Ravnestad deltok i helga i Norgescup i utfor i Kristiansand, og oppnådde der flotte plasseringar! Under seedinga vart dei nummer 15 og 18 av 40 deltakarar og i finalen nr. 21 og 22.

Meir info her, sjekk også videoen av løypa!

 

06.05.12

Breimstafetten

Eidsfossen Sykkel hadde i år 2 lag med i Breimstafetten. For første gong stilde vi eit reint damelag. I klasse damer veteran kom dette laget på ein flott 2.plass ikkje langt bak Førde Friidrett.

I klasse herrar veteran sprang dessverre ein av løparane feil og tapte mykje tid på det, men likevel heldt det til ein flott 3.palss av 6 deltakande lag i den klassa, 18 sek bak 2.plassen. Den var nok innan rekkevidde om løypevakta som stod i svingen hadde passa betre på. Uansett flott innsats av alle som deltok!

Resultatliste

 

05.05.12

Sykkelvit

NCF har laga 10 reglar for godt sykkelvit med tilhøyrande forklaring.  Det er viktig at alle som er ute og syklar på landevegen mellom andre trafikantar les godt igjennom desse og legg seg dei på minnet.

 

 

Stoltzekleiven Opp

Tirsdag 8. mai og onsdag 9. mai åpner den individuelle påmeldingen til årets Stoltzekleiven Opp.

For den eksklusive delen av startfeltet er det tirsdag 8. mai som gjelder. Denne dagen er satt av til dem som står bokført med over 10 starter fra tidligere i Stoltzekleiven Opp, eller er kvalifisert til seedet gruppe.

Alle andre som ønsker startnummer til den store motbakkefesten 28. og 29. september må vente til onsdag 9. mai klokken 07:00.
Les mer her
Info om seeding av løpere

 

 

04.05.12

Glimt frå Mallorca

 

Her er nokre bilete frå dame-turen til Mallorca april 2012

 

03.05.12

Lagsmeisterskap

Første øvinga i lagsmeisterskapen vart avvikla i dag under noko utrivelege forhold med regn og våt vegbane. Kort tempo SFE-Rygg (3,9) km stod på programmet. 20 deltakarar møtte og det vart som venta jamnt og spennande. Vinnarar i dei ulike klassene vart Ragnhild Gundersen, Andreas Rauset, Johnny Hauge og Henry Hammersland. Flott med so mange deltakarar og spesielt kjekt at damer og juniorar er med.

 

Resultat:

Kvinner:

1. Ragnhild Gundersen: 6.55

2. Ragnhild Sollid 7.03

 

Junior:

1. Andreas Rauset (15 år) 6.28

2. Eirik Rauset (13) 6.51

3. Håvard Bergheim Holvik (13) 7.40

4. Mathias Sollid Eide (13) 8.08

 

Juniorane, frå v. Mathias Sollid Eide, Håvard Bergheim Holvik, Andreas Rauset og Eirik Rauset

 

Herrar senior:

1. Johhny Hauge 5.22

2. Per Erik Eimhjellen 5.30

3. Øystein Kristiansen 5.41

4. Arne Nesgård 5.47

4. Ole Marius Gloppestad 5.47

6. Jørn Lothe 5.53

7. Trond Hansen 5.55

8. Stig Svalheim 6.00

9. Helge Roska 6.06

10. Magne Mortisgård 6.23

11. Vidar Eide 6.24

12. Odd Bjarne Tveit 6.32

 

Jørn Lothe på veg inn til 6.plass i klasse herrar senior

 

Herrar veteran (over 50 år):

1. Henry Hammersland 6.07

2. Jon Husabø Hansen 6.22

 

Dei to veteranane Henry Hammersland og Jon Husabø Hansen

 

Flerie bilete frå kort tempo 2012

 

01.05.12

Lagsmeisterskap kort tempo

Torsdag 3.mai er det klart for den første lagsmeisterkapen, kort tempo SFE-Rygg. Første start er kl 18.00. Vidare med eitt minutt mellomrom. Damer og ungdomar er spesielt oppfordra til å møte. Hadde vore flott med mange deltakarar på dette korte raske rittet.

NB! Ta omsyn til trafikken før, under og etter rittet!

 

27.04.12

Sykkelritt i nærområda

Det vert arrangert ein del ritt i nærområda som er vel verd å få med seg. Her er eit utval:

12.mai: Melkesyra. 2 km motbakkeritt i Måløy, arrangør Måløy IL sykkel

20.mai: Jølster Rundt. Førde CK

9.juni: Aarseth tråkket, Høyanger www.goyanger.no

5.aug: Ørstarittet, arr. Ørsta Sykkelklubb

19.aug: Sykkylvsrittet

19.aug: Gaularfjellet Opp. Førde CK

I september går vel også motbakkeritta Kleiva Opp og Skarsteinsætra Opp

 

24.04.12

Damer på tur

Her kan alle følge med på damene sitt solfylte sykkelopphold på Mallorca:

http://eidsfossensykkel-mallorca.blogspot.com/

 

 

Det kjem nok daglege rapportar. Damene ønskjer kommentarar på bloggen, det er berre å legge inn!

 

24.04.12

Barnetrening 23.04

Tidenes første racertrening i ungdomsgruppa gjekk føre seg mandag 23.april 2012. Arne N. og Svein leia ei gruppe på 5 ivrige gutar utover Sørstranda, opp Sandebakken og innatt. Det blei mellom anna øvd på rulle, noko gutane fiksa fint!

Dei yngste som ikkje hadde racer (7 stk) fekk prøvd seg på terrengsykling i langisaneområdet med avslutning på crossbana på Mykllebustflata.

 

22.04.12

Ulsteinrittet

Sesongen er i gang og to mann frå klubben deltok i dag i landevegsrittet Ulstein Nordea-rittet i Ulsteinvik. Per Erik Eimjellen fekk tida 1,51,10 og vart nummer 4 i M30-39, 2.31 bak vinnaren. Henry Hammersland kom inn 19 sek bak Per Erik og vart nummer 2 i klasse M50-59, berre 6 sekund bak vinnaren. Sterk sesongopning for desse to! Totalvinnar i rittet vart Ola Inge Drøpping på 1.48.32.

Resultat på www.ulsteinsykkel.no

 

20.04.12

Damer på tur

Mandag reiser 8 damer frå klubben til Mallorca for å utforske vegane der på sykkel. Turen er kjøpt via firmaet Velotel. Dei som reiserer til varmare strøk er Ragnhild Sollid, Marit Skinlo, Kjersti Rønningen, May Kristin Sæther, Gro Pleym Iversen, Bente Sundal, Ingrid Fjellestad og Else Margrethe Larsen. Mange av desse er i god form allereie, og kjem nok enno sprekare tilbake. Kanskje det også vert komponert eit dame(veteran?)lag til Breimstafetten på denne turen. God tur!

Det er forventa rapportar og bilete i etterkant av turen.

 

18.04.12

Nytt diskusjonsforum

Som dei fleste vel har registrert har det strøyma på med søppel på diskusjonsforumet i det siste. No er det oppretta eit nytt eige forum som vi admistrerer sjølve. Dette finn du her.

Brukarane må registrere seg på nytt (via knapp oppe th i skjermbiletet) før ein postar første innlegg.

"Reglane" er som før, alle må gjerne bruke det aktivt, men personsjikane og ufine innlegg skal ikkje førekome. Vis også "edruelighet" ved oppretting av nye trådar, og lag ikkje nye trådar for mindre saker eller liknande som er frå før. "Laust og fast" kan brukast til mykje. Vel møtt til mange saklege og livlege diskusjonar!

Det gamle diskusjonsforumet finn ein att på www.wattforum.no om ein har behov for å leite fram tidlegare utsegner eller historikk. Men det har liten hensikt å poste noko meir der.

 

17.04.12

Trenarkurs

Vidar Eide deltok sist helg på trenarkurs på Byrkjelo, Trenar 1 praktisk del som går på trening av barn og unge, totalt 16 timar. Fleire ulike aktivitetar og øvingar vart uført på sykkelen, både med tanke på trening i terreng og på landeveg. Det var også innlagt litt basistrening inne og mekking. Teoridelen vert avvikla til hausten. Det var første dag 7 deltakarar på kurset (biletet) og andre dag 9 stk.

 

Deltakarane første dag, frå venstre: Helge Løtuft, Vidar Eide, Andreas Aabrekk, Per Rune Hjelle, Johnny Gåsemyr, Frode Birkeland og Erlend Birkeland. Andre dag var også Jostein Flølo og Bjarte Heggheim med.

 

16.04.12

Treningane er i gang!

I dag starta barnetreningane opp med heile 16 deltakarar med! Veldig bra at så mange møter!. Pga. snø i terrenget vart det mest sykling på grus og asfalt. Først ein liten tur til crossbana på Myklebustflata og derifrå vidare til Eidsfossen der det var ulike aktivitetar og øvingar. Trenar Arne hadde også med litt premiar til alle i sekken.

 

 

Fleire bilete frå barnetreninga her

 

Det vert treningar kvar mandag framover kl 18.30 i høve til oppsett plan. Der står det imidlertid at det annakvar gong er tenkt racer for dei som har det og treninga er frå 12 år og oppover. Vi opnar desse treningane for alle frå 7 år og oppover og organiserer det slik at dei som har racer gjerne møter med det når det er oppsett og alle andre har med anna type sykkel. Vi deler opp i grupper for dei ulike aktivitetane. Det er fullt mogeleg for dei største som berre har terrengsykkel å vere med "racerane". Vel møtt på trening neste mandag kl 18.30! Vi håpar like mange stiller då.

 

Dametreningane er også i gang med 6 deltakarar første treningsdag.

 

09.04.12

Treningar for barn/ungdom

Eidsfossen sykkel tek sikte på å starte opp med treningar for barn/ungdom på mandagar kl 18.30. Første treningsdag er 16.april. Oppmøte vert på Kleivedammen dei fleste gongane, med eit par unntak. Trenar er Arne Nesgård med assistanse av Vidar Eide eller andre det måtte høve for. Det er lagt opp til terrengsykkel og racer annakvar gong, men terrengsykkel kan gjerne brukast kvar gong for dei som ikkje har tilgang på racer. På racer-øktene bør deltakarane vere minst 12 år, medan for terrengsykkel kan gjerne yngre også vere med. Klubben har 3 racerar til disposisjon. 2 av desse er utlånt til 21.april. Desse er meint å låne ut ein månad pr. person kvar gong. Dei som ønskjer å låne sykkel kan ta kontakt med kjetil.eide@enivest.net 91801547.

Det er laga ein treningsplan som er meint som eit utkast. Denne kan justerast etter oppmøte, verforhold og anna. Vel møtt på trening i 2012!

 

 

 

 

08.04.12

Trenarkurs

Førskomande helg vert det arrangert trenarkurs 1 på Byrkjelo i regi av Breimsbygda IL. Dette er retta mot sykkeltrening for barn og unge. Klubben treng slike trenarar og oppmodar interesserte til å melde seg på. Dette er første del, praktisk del. Teroridelen vert gjennomført til hausten. Meld dykk gjerne på så rakst som mogeleg til vidar.eide@enivest.net så vert påmeldinga vidareformidla til arrangøren.

Informasjon om kurset finn de her og her.

Kjetil Eide og Arne Nesgård har delteke på tilsvarande kurs tidlegare, så om det er noko ein lurer på er det berre å ta kontakt med desse. Klubben dekkkar sjølvsagt deltakaravgifta.

 

04.04.12

Gode sykkelvenn: start oppladinga til


Nibberittet

Geiranger - laurdag 16. juni – start kl. 12.45
21 km - 1500 meter stigning

Med start i fjøresteinane i Geiranger og mål på Dalsnibba, nær 1500 m.o.h. utfordrar vi deg til ei herleg styrkeprøve midt i eit unikt verdsarvlandskap. Opplev den mild vestlandssommaren ved start, fossar, isbrear og islagte vatn undervegs og meterhøge brøytekantar ved mål. Både mosjonistar og rytterar på høgt nivå kjem att år etter år og roser både den spektakulære løypetraseen og den trivelege ramma kring arrangementet. – og ei flott oppleving ynskjer vi å by deg i år også.

Løypa er 21 km og består nesten utelukkande av stigning. Dei første 17 km er på asfalt og dei siste 4 km på grusveg. Du kan enten delta i aldersklasser frå 17 år o.e. for kvinner og menn, eller i eliteklasse med junior og seniorsklasse for kvinner og menn. Alle sykkeltypar tillatt.

Premiering: 5000,- for raskaste tid og 10000,- i bonus for ny løyperekord. Deltakarmedaljar, 1.-3. pl. i kvar klasse, pengepremiar, gåvepremiar. Startkontingent: 500,- for betaling fram til 8.juni og 700,- fram til nettpåmeldinga stenger den fredag 15.juni kl 16.00. INGEN PÅMELDING VED START! Eingongslisens kr 200,- Eliteklassa må ha aktiv lisens.

Geiranger frå fjord til fjell består også av motbakkeløpet Nibbeløpet og trimaktiviteten Nibbemarsjen. Søndag kan du vere med på guida skitur (!) til ein av Geiranger sine mange fjelltoppar.

For meir informasjon og påmelding gå til www.frafjordtilfjell.com. For ytterligare informasjon, kontakt Eidsdal IL v/Jan Kåre Eide tlf. 951 46 088.

Vi ynskjer deg velkomen til Geiranger 16. juni!

Helsing Eidsdal IL og Geiranger IL
www.frafjordtilfjell.com
Lik oss på Facebook

PS! Sjekk denne videoen. Her er fleire kjende fjes å sjå! Finst også fleire filmar frå Nibbereittet 2011 på youtube

 

03.04.12

Rittinvitasjonar i Bergensområdet

For aktive rytterar, store og små:

Bergen Cykleklubb inviterer til Sund Fellesstart lørdag 21. april og Straumemilen 22. april. Samme helg er det få andre ritt for aktive i Sør-Norge, og vi håper på mange tilreisende og god deltakelse. Rittene vil være en god mulighet som siste oppkjøring før første NorgesCup påfølgende helg.

Invitasjonen finner du her.

Velkommen til ritthelg i Bergen!

Bergen Cykleklubb
Fjøsangerveien 213
Postboks 57
5854 Bergen
 

19.03.12

Fellesstreningar 2012

Oppsett liste over fellestreningar er no klar, sjå link nedanfor og i menyen til venstre. Lista er mykje lik tidlegare år, men med noko utviding. Det er sett opp 6 lagsmeisterskap/treningsritt og det er kome inn ei tysdagstrening. På Årsmøtet vart det uttrykt ynskje om ei slik trening noko seinare på kvelden med høg intensitet for dei som ikkje har høve til å møte på dei andre treningane. Sykkeltype er ikkje sett opp på tysdagstreningane, og heller ikkje kvar turen skal gå. Det er høve til å bruke diskusjonsforumet for å avtale desse treningane nærare.

Laurdagstreningane er sett opp som utgangspunkt, og kan med fordel kortast ned eller endrast ved dårleg oppmøte og/eller rufsete vertilhøve. Forslag om endringar kan ein gjerne legge fram på forumet på førehand slik at dei som har tenkt å vere med er med på diskusjonen eller får med seg evt. endringar.

Torsdag- og søndagstreningane ligg noko meir fast slik at ein slepp lange diskusjonar før treninga. Men også dei kan sjølvsagt kortast ned om vertilhøva er dårlege.

Vel møtt på trening i 2012!

Det vart på Årsmøtet også understreka (nok ein gong) at ein skal ta hensyn til alle som møter opp, og starte treningane roleg. Ein delar so i grupper undervegs når det er ønskje om eller trong for det.

Turliste 2012

 

18.03.12

Medlemskontigent 2012

Årsmøtet vedtok at medlemskontigenten skal vere uendra frå tidlegare år. Satsane er som følgjer:

  • Familiepris kr. 300.
    Famile inneber inntil 2 vaksne med ubegrensa antal barn tom. det året dei fyller 18
  • Enkeltmedlem vaksen kr. 200
  • Enkeltmedlem barn/ungdom kr. 100 (tom. det året dei fyller 18)
  • Støttemedlem kr. 100

Medlemane kan dermed Innbetale aktuell sum for medlemskap i Eidsfossen Sykkel til kontonr. 3705.07.87428.

Nye medlamar må i tillegg sende e-post til obtveit@online.no  med namn og fødselsår på alle innmelde medlemar. Oppgje i same e-post namn på hovudmedlem og e-postadresse og mobiltelefonnr. til vedkomande.

 

17.03.12

Birkebeinerrennet

Det var flotte forhold over fjellet om mange sterke tider på dagens raske føre.

Her er resultata for "våre" deltakarar:

Edvard Fjellestad 3.15.25

Helge Roska 3.41.35

Jørn Lothe 3.51.24

Bjørnar Gilleshammer 4.56.40

Olav Gloppestad 4.58.59

Jarle Gjengedal 5.46.11

Av desse var det berre Edvard som klarte merket.

 

Andre utvalde Glopparar:

Roger Aa Djupvik 2.21.58 (nr 2 totalt)

Odd-Bjørn Hjelmeset 2.32.27

Odd Arne Kolseth 3.32.06

Atle Støyva 3.43.24

Jan Steinar Roset 3.43.57

Kjel Sandal 4.00.35

Aksel Njøsen 4.13.45

Leidulf Sollid 4.15.07

Svein Hjelmeset 4.18.34

May Kristin Sæther 4.25.39

Steffen Fjellestad 5.00.51

 

15.03.12

Birkebeinerarrangement

Ungdomsbirken sykkel er no flytta til søndag 26.august, dagen etter hovudrittet. Det vil med andre ord kunne ligge tilrette for ei familiehelg på Lillehammer i år for dei som har ungdomar i aldersgruppa 12-16 år.

 

Det kan også nemnast at Birkebeinerløpet som går av stabelen laurdag 15.september har endra løype. Det vert no start på Birkebeineren skistadion i motsetnad til tidlegare år då det har vore start på Sjusjøen. Dette medfører langt færre unnabakkar og dermed ei noko tyngre løype.

 

Fyrstkomande laurdag går Birkebeinerrennet. Fleire frå Eidsfossen Sykkel deltek der; Ringrevane Edvard Fjellestad, Jørn Lothe og Helge Roska er alle å finne på startlistene i år også. Sameleis med dei to debutantane Jarle Gjengedal og Olav Gloppestad.

 

 

14.03.12

Sykkelklede

No som ein ny sesong står for døra kan det vere på sin plass å skaffe seg sykkelklede. Nye medlemar må sjølvsagt kjøpe dei flotte draktene, og dei som har vore med nokre år har også høve til å kjøpe nytt. Vi har følgjande på lager:

  • Korte trøyer for både dame, herre og barn
  • Korte bukser for dame og herre
  • Skoovertrekk
  • Hanskar

Alt dette i ulike storleikar. Det vert gitt rabatt på barnetrøyer. For prisar og detaljert utval av storleikar ta kontakt med kjetil.eide@enivest.net tlf 91801547. Han administrerar salg av klubbtøy. Det er også mogeleg å få prøve ulike storleikar av det vi har inne.

 

13.03.12

Rekrutteringssyklar

Minner om at det er 3 rekrutteringssyklar, type racer i forholdsvis liten storleik for fritt utlån i klubben. Desse høver for personar inntil 175 cm, og er primært tenkt for barn/ungdom frå 12 år og oppover. No er det imidlertid ein damegjeng som skal til Mallorca i april, og dei av desse som ønskjer å prøve ein racer før den tid kan ta kontakt med kjetil.eide@enivest.net tlf 91801547. Kjetil administrerar desse syklane også i 2012, det er berre å ta kontakt for dei som er interesserte!

 

05.03.12

Årsmøte

Årsmøtet vart avvikla søndag 4.mars. Godt oppmøte med 18 stk. I etterkant av det var det diskusjonskveld, og etter det igjen eit styremøte der styret konstituerte seg og fatta avgjerd i nokre saker. Det viktigaste som kom ut av kvelden kan oppsummerast som følgjer:

Kjetil Eide og Dag-Arne Eide takka av etter 5 år i styret. Nytt styre for 2012 er no som følgjer:

Vidar Eide - leiar, vald for eitt år

Helge Roska - nestleiar, på val i 2013

Odd Bjarne Tveit - kasserar, vald for to år

Magne Mortisgård - sekretær, vald for to år

Rgnhild Gundersen - styremedlem, på val i 2013

Kjersti Rønningen - vara, vald for eitt år 

 

Under diskusjonskvelden kom ein fram til følgjande treningstider:

  • Søndagar kl 19.00 - terrengsykkel
  • Mandagar - dametrening
  • Tysdagar kl 20.00 - "Ekstratrening" lagt til eit seinare klokkeslett som supplement først og fremst tenkt for dei som ikkje har høve til å delta på dei andre treningane. Høg intensitet.
  • Torsdagar kl 18.00 -  landeveg
  • Laurdagar tidleg morgon - rolege langturar på landeveg. Primært fram til sommarferien.

Oppstart søndag 1.april. Diskusjonsforumet bør brukast til å legge inn forslag til/avtale om turar på tysdagar og laurdagar, og oppmøtetidspkt på laurdagane. Det er sjølvsagt også råd å bruke diskusjonsforumet til å avtale treningar før 1.april.

Ein vil i større grad enn tidlegare år freiste å dele opp i puljer med ulikt tempo/nivå. Men det skal ikkje gå raskare i starten enn at alle kan henge med. Damer på eit visst nivå er også velkomne til å delta på desse treningane.

Det vert som tidlegare år sett opp ei turliste, denne kjem seinare. Etter ønskje frå fleire vert det sett opp nokre turar på nordsida av Nordfjorden.

Ein vil freiste å få til treningar og også nokre korte enkle ritt for barn/ungdom.

 

Lagsmeisterskap:

I etterkant av Årsmøtet vedtok det nye styret opplegget for lagsmeisterskap.

Birkebeinrrittet og oppmøte utgår av konkurransen. Det vert innført ei veteranklasse som vert frå 50 år og oppover. Damer er spesielt oppmoda om å stille opp, og om det er nokon som har 4 eller fleire konkurransar vil det verte kåra ein lagsmeister også for damer.

Mesterskapet består av 6 konkurransar der dei 4 beste vert teljande. Ein vil freiste å få inn to i mai, to i juni og to i august (datoar kjem når turlista er klar). Dei vert avvikla i følgjande rekkefølgje:

1. Kort flat tempo (SFE-Rygg)

2. Fellestart landeveg (same løype som tidlegare år)

3. Tempo (Vassenden-Andenes t/r)

4. Fellesstart med sykkelbyte, terreng-landeveg (løype ikkje fastlagd enno)

5. Motbakkeritt, terrengsykkel

6. Terrengritt fellesstart (Eidsfossen Grand Prix)

Det vert i tillegg til dette ein eigen merksemd til den med flest oppmøte (søndags- og torsdagtrening)

 

Pga "ny" treningsdag tysdag og to ekstra konkurransar i lagsmeisterskapet er det ikkje noko særleg rom for ytterlegare treningsritt.

 

23.02.11

Seedingsritt

Lista over seedingsritt framfor Birkebeinerrittet er no klar. Det er gledeleg å sjå at Postvegrittet i Dale står på denne lista i år også. Fleire frå klubben (alle debutantane og nokre andre) bør stille her eller i eit anna seedingsritt for å få ein god startposisjon i Birkebeinerrittet. Det er ein svært stor fordel å seede seg for å få ein triveleg tur mellom Rena og Lillehammer. Samstundes slepp ein då å gå halve dagen på Rena for å vente på å starte. Postvegrittet går av stabelen 4.august 2012.

 

13.02.12

Statistikk

Her er litt statistikk over aktivitetar i klubben dei to siste åra. Dette for dei som er litt over gjennomsnittet interessert i kva som har foregått.

 

 

10.02.12

Den store styrkeprøven, Trondheim-Oslo

Klubben har motteke  følgjande invitasjon frå Førde CK om styrkeprøven:

 

Til Flora CK,  Dale IL sykkel og Eidsfossen sykkel


Dei ivrigaste i klubben er truleg alt informert, men vi vil gjerne at de legg ut noko på nettsidene dykkar om dette. 

Som tidlegare år satsar Førde CK på Styrkeprøven - Trondheim Oslo.  I år har vi planlagt ei 17:50 gruppe.  Vi har hatt flotte turar tidlegare år og har veldig gode erfaringar med å ha med deltakarar frå naboklubbane våre.  Deltakarane må vere med på nokre fellessamlingar i løpet av våren. Det blir felles reiseopplegg til Trondheim, og følgjebil(-ar) og støtteapparat på turen sørover.  Sjå innom nettsidene til førde CK, www.fordeck.org.  Der ligg to oppslag om Trondheim Oslo,  litt generelt om opplegget og eitt om påmelding. 


Med helsing
Ingvar Byrkjeland
Førde CK

 

06.02.12

Årsmelding

Årsmeldinga er no klar og kan lesast her

 

 

04.02.12

Velkomen til Årsmøte i Eidsfossen Sykkelklubb Gloppebua 4. mars 2012 kl 18.00

 

 

 Sakliste

 

1.   Godkjenning av innkalling og sakliste

2.   Val av møteleiar, sekretær og to til å skrive under møteboka

3.   Innkomne saker til styret

4.   Godkjenning av årsmelding

5.   Godkjenning av rekneskap

6.   Godkjenning av kontingent for 2012

7.   Val

Årsmøtet er slutt

 

Matøkt

 

I etterkant av årsmøtet;

Premieutdeling lagsmeisterskap

 

Ordet fritt:

Drøfting av opplegg for fellestreningar, klubbmeisterskap, konkurransar m.m.

 

Saker til Årsmøtet (ref.pkt 3 på saklista over) må sendast til vidar.eide@enivest.net innan 20.februar. Årsmelding vert lagt ut innan få dagar.

 

02.02.12

Lisens 2012

Dei som ønskjer heilårslisens for 2012 må gje melding til dette til vidar.eide@enivest.net 

Dei som ikkje har hatt slik lisens før må oppgje e-postadresse og fødselsdato. 

Lisensprisar finn du her 

 

26.01.12

Påmelding Bergen-Voss 2012

Påmeldinga til årets Bergen-Voss opnar søndag 29.januar 2012 kl 09.00. Slik det har vore dei siste åra har puljene fylt seg svært raskt opp, så det gjeld å vere klar søndag morgon. Meir info her.

 

23.01.12

Bergen -Voss

Det er no kome eit 28-siders blad om siste nytt om Bergen-Voss 2012. Dei som er interesserte kan lese det på nett her.

 

Den Store Styrkeprøven Trondheim-Oslo 2012

Førde CK satsar i år på ei pulje med sluttid ca 17.50 i Trondheim-Oslo. Det er også mogeleg for andre frå Sogn og Fjordane til å vere med på dette. Meir informasjon om dette opplegget og kontaktpersonar kan ein finne på www.fordeck.org

 

 

15.01.12

Birkebeinerrennet

Fleire frå klubben vil nok også i år delta på Birkebeinerrennet. For desse kan det vere interessant å lese Oddbjørn Hjelmeset sine ulike forslag til treningsopplegg. For dei som enno ikkje er påmelde er det mogeleg å vinne startnummer på www.yt.no

 

 

 

03.01.12

Spinning

Eidsfossen Sykkel satsar også i år på eigne spinningkveldar. Vi startar opp førstkomande søndag 8.januar kl 17:30 i STIL-stova. Våre utmerka instruktørar frå tidlegare år har sagt seg villige til å ta desse timane i tillegg til dei som dei allereie har frå før. Andre interesserte kan sjølvsagt også få sleppe til med sin musikk frå instruktørsykkelen om det er ønskjeleg. Det er ingen påmelding til desse timane, det er berre å møte opp. Det vert som tidlegare år ført oppmøtestatistikk, og betaling skjer samla for alle timane når spinning-sesongen er avslutta.

Ein er avhengig av at medlemane viser interesse og møter til desse spinningøktene for at dei skal kunne gjennomførast. Ei særskilt oppmoding om å "hive seg på" dette går til alle damene som har vore aktive i 2011, og då spesielt dei som skal til Mallorca i vår.

VEL MØTT TIL SPINNING!