Henden Sport og Fritid Henden Sport og fritid Sparebanken Sogn og Fjordane

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Velkomen til Barne- og Ungdomssida

 

15.09.11

Fire gutardeltok på terrengritt i Førde

4 av juniorane frå Eidsfossen Sykkel deltok på Terrengsykkelkarusellen til Førde CK på Langeland sist tysdag. 2 blad Solid Eide og 2 Rauset gjorde ein flott innsts der. Eirik Rauset fekk bestetid i 4km løypa, medan Andreas og Mats var dei einaste som sykla 6 km.

Resultat på www.fordeck.org

Neste ritt er tysdag 20.september kl 18.00 på same stad.

 

Barnetreningane har i 2011 vore avvikla etter planen nedanfor. Oppmøtet har vore variabelt, enkelte gongar veldig bra, medan færre møtte andre dagar. Det vart desverre ikkje avvikla noko barneritt utanom Eidsfossen Grand Prix i år. Men fleire har delteke i ulike konkurransar utanfor kommunen og fylket, mellom anna Norges-cup på Sola og Stavanger, Ungdomsbirken, Alperittet og Terrengkarusell i Følrde.

 

01.05.11

Førebels liste over trenigsdatoar for barn:

Terrengsykkel treninger for barn ca 1-2 timers varighet
Lørdag  30.apr 16:00 Vereide Oppmøte Nordfjord folkehøgskole
Torsdag 12.mai 17:30 Langisane Oppmøte Best bensinstasjon
Lørdag 21.mai 16:00 Vereide Oppmøte Nordfjord folkehøgskole
Lørdag 28.mai 16:00 Føleide Oppmøte Nordfjord folkehøgskole
Lørdag 04.jun 16:00 Åsebø Oppmøte Nordfjord folkehøgskole
Lørdag 11.jun 16:00 Stetta Oppmøte Nordfjord folkehøgskole
Lørdag 18.jun 16:00 Vereide Oppmøte Nordfjord folkehøgskole
Torsdag 04.aug 17:30 Eidsfossen GP løypa Oppmøte Best bensinstasjon
Torsdag 11.aug 17:30 Eidsfossen GP løypa Oppmøte Best bensinstasjon
Søndag 14.aug Eidsfossen Grand Prix      
Laurdag 27.aug Ungsomsbirken sykkel og Barnas birkebeinerritt  
Laurdag  03.sep Alperittet        

 

Ein vil freiste å få til ritt på nokre av desse datoane, to på våren og eitt på hausten i tillegg til Edisfossen Grand Prix.

Følg med her for oppdateringar

 

30.04.11

Årets første barnetrening avvikla

11 barn møtte på Nordfjord Folkehøgskule i dag, alle med stilige klubbtrøyer! Turen gjekk oppover til føleide og endå lengre oppover derifrå. Deretter var det mest unnabakkar i terrenget med 3 utforkøyringar med pause mellom. Til dels smal og humpete sti, og nokre gjekk på trynet. Men ingen slo seg. Yngstemann Matias Nesgård fyller snart 7 år og hang flott med. Dei eldste var 14 år og er nok snart klare for vaksentreningar.

 

 

Fleire bilete her: https://picasaweb.google.com/EisfossenSykkel/BarnUngdom2011#

Neste trening vert på Langisane, oppmøte på Best. Nokre treningar blir torsdagar og nokre søndagar. Følg med på sidene her, meir informasjon kjem etterkvart. 

 

27.04.11

Sykkeltrening for barn

Barnetreningane startar opp førstkomande laurdag kl 16.00. Oppmøte på Nordfjord Folkehøgskule. Ein vil freiste å få til nokre treningar framover, og eit par uhøgtidelege ritt etter mønster frå i fjor, før sommarferien. Treningane ser pr. idag ut til å bli på laurdagar (av og til på torsdagar), og det vil vere fokus på leik og moro i terrenget. Treningane vil høve best for born frå 9 år og oppover, men yngre kan også vere med. Oppmøtestad vil variere mellom Vereide og Kleivedammen. Meir informasjon om dette kjem seinare. Følg med på nettsidene.

 

02.04.11

Sesongen 2011

Karusellritt vert også arrangert i 2011 over same lest som i fjor. Ein vil freiste å få til to ritt før sommarferien og to etterpå. Det vil også mest truleg verte arrangert treningar for barn og unge. Meir informasjon vil kome seinare.

 

 

07.09.10

Sesongavslutning for juniorane

Årets siste barneritt blei avvikla i Eidsmona i dag. Vi fekk låne crossbana og sykla runder der. Først ein prolog på ei runde, deretter finalar med to runder. Det var 20 deltakarar i flott sommarver, og mange av desse fortsette syklinga etter rittet var avslutta. Etterpå var det saft og is til alle og premiar til dei som hadde sykla 3 og 4 ritt i år.

 

 

Resultat finalar:

Andreas Rauset (1997) 2.53

Even Nesgård (2000) 3.07

Håvard Bergheim Holvik (1999) 3.29

Simon Hjelmeset Kirkeide (2000) 3.31

Eirik Rauset (1999) 3.34

Matias Sollid Eide (1999) 3.35

Oda Eide (1997) 3.39

Marcus Røed Frøyset (2000) 3.40

Ruben Elvebakk Nesdal (1999) 3.46

Magnus Eide (2000) 4.12

Marcus Heltne Damli (2000) 4.44

 

8 og 9-åringar utan tidtaking:

Ola søreide, Sondre Bruland, Jon Ingvar Engelstad, erik Pele Gran, Simen Rauset, Gunhild Nesgård, Per Helge Egge Eide, Andreas Kaale.

 

Bilete frå siste rittet er å finne i albumet saman med dei to første ritta.

 

 

05.09.10

Mange unge på startstrek og to sigrar i Alperittet!

 

Ein minnerik dag for dei unge og håpefulle; frå venstre: Mats Sollid Eide, Andreas Rauset, Eirik Rauset Dag Otto Lauritsen og Matias Sollid Eide

 

Eidsfossen Sykkel hadde ei stor tropp avgarde til Stranda og Alperittet i helga. I strålande sol og flott sykkelvere var det svært gledeleg at klubben hadde mange unge på startstrek. Desse gjorde også svært skarpt. I klasse gutar 11-16 år vann Mats Sollid Eide, Andreas Rauset blei nummer 3, Eirik Rauset 10, Matias Sollid Eide 13 og Ruben Elvebakk Nesdal 21. Klassa hadde 31 startande. Flott innsats av unggutane! Det er å håpe at dette gav meirsmak for desse gutane og at vi ser dei igjen i sykkelritt i mange år framover.

Dei vaksne gjorde det ikkje stort dårlegare. Kjetil Eide vann i år som i fjor klasse M 45-49 og Svein Rune Aland blei nummer 8 i same klasse. Her var det 22 deltakarar.

 

Resultalister her

 

Bilete frå Alperittet 2010, fotograf Liv Kristin Eimhjellen Rauset

 

 

02.09.10

Barneritt

Siste barnerittet for sesongen vil bli arrangert i på crossbana i Eidsmona tysdag 7.september kl 18.00. Ein vil forsøke å få til prolog, heat og finalar om det let seg gjere.  Dette avheng noko av oppmøtet. Det vankar også premiar til dei som har delteke på 3 eller 4 ritt, då Eidsfossen Grand Prix inkludert.

Styret i klubben er ikkje fulltallige denne gongen so vi er avhengige av litt hjelp utanfrå. Det er fint om eit par vaksne kan stille opp og hjelpe til.

Vel møtt!

 

 

 

 

15.08.10

Eidsfossen Grand Prix

 

Resultat:

Gutar 10-12 år - 1 runde

1. Even Nesgård 10:51

2. Eirik Rauset 11:14

3. Simon Hjelmeset Kirkeeide 11:55

4. Matias Sollid Eide 12:16

5. Håvard Bergheim Holvik 13:41

6. Johan Lothe 14:43

7. Magnus Eide 14:58

 

 

 

Gutar 13-15 år - 1 runde

1. Evald Osnes Devik 09:24

2. Andreas Rauset 09:40

3. Mats Sollid Eide 10:04

 

Jenter 13-15 år - 1 runde

1. Ragnhild Vereide 11:11

2. Oda Eide 12:40

 

 

03.06.10

Resultat andre barneritt

Det andre barnerittet blei avvikla i Eidsmona i dag med 17 deltakarar. Løypa var på 1,6 km med variert underlag; sti, grusveg og grasmark. Dei yngste sykla ei runde medan 1997-årgangen sykla 2.

 

 

 

 

Resultat fødde 2001 og yngre, utan tidtaking:

Per Helge Egge, Gjertrud Eide, Jon Ingvar Engelstad, Simen Rauset og Gunhild Nesgård.

 

2000:

1. Even Nesgård 4,38

2. Simon Hjelmeset Kirkeeide 4,55

3. Marcus Frøyset 5,13

4. Magnus Eide 5,24

5. Marcus Heltne Damli 6,42

 

1999:

1. Håvard Bergheim Holvik 4,55

2. Eirik Rauset 5,00

3. Matias Sollid Eide 5,05

4. Ruben Elvebakk Nesdal 5,05 

 

1997:

1. Andreas Rauset 8,37

2. Mats Sollid Eide 9,00

 

jenter:

1. Oda Eide 10,51

 

 

Fleire bilete her: http://picasaweb.google.no/EisfossenSykkel/Barneritt2010#

 

 

31.05.10

Sykkelritt for barn

 

 

Torsdag 3.juni går det andre barnerittet av stabelen. Denne gongen vert det i Eidsmona med start og mål på nedsida av vegen ved Trebo-Hus. Løypa går utover god sti og veg til Leirbakken, over mot Eidsfossen og attende til mål på veg og sti. Løypa er på 1,6 km og tek mellom 4 og 5 minutt og sykle for dei raskaste. 8-9 år syklar utan tidtaking og 10-15 år med tidtaking. Dei eldste syklar to runder. Det vert puljeinndeling etter  aldersklasser og etter kor mange som møter. Påmelding frå 17.30, start kl 18.00. Styret i klubben oppmodar alle til å kringkaste dette og invitere born i aktuell alder med. Husk at det vert premiering ved sesongslutt for dei som deltek på 3 eller 4 ritt.

Annonse kjem i firda Tidend onsdag.

 

 

06.05.10

Første barneritt avvikla

 

 

25 barn i alderen 8-13 stilde på startstrek på Myra i Åsen i dag. 11 gutar og jenter i alderen 8-9 år sykla utan tidtaking ei runde på 2 km først. Deretter var det klart for dei større med tidtaking, desse fordelt på tre heat med jamne tette duellar heile vegen.

 

2001-2002:

Andreas Kaale, Gunhild Nesgård, Per Helge Egge, Simen Rauset, Tore Tveit, Markus Heggheim, Maren Hjelmeset Kirkeiede, Gjertrud Eide, Sondre Bruland, Sivert Solheim, Juni Margrethe Flølo.

 

Resultat:

2 km fødde 2000:

Gutar:

1. Even Nesgård 4.54

2. Simon hjelmeset Kirkeeide 4.55

3. Magnus Eide 5.43

4. Kristoffer August Vereide 5.45

5. Markus Rød Frøyset 5.56

 

Jenter 2000:

Solvei Roska 7.11

 

Gutar 1999:

1. Håvard Bergheim Holvik 4.57

2. Eirik Rauset 4.58

3. Ruben Elvebakk Nesdal 5.22

Matias Sollid Eide brote

 

2 runder, 4 km

Gutar 1996 og 1997:

1. Andreas Rauset 8.56

2. Mats Sollid Eide 9.05

3. Sebastian Haugen 10.01

 

Jenter 1997:

1. Oda Eide 11.10

 

Bilete her: http://picasaweb.google.no/ErlendEide1990/SykkelrittPaMyra#

og her: http://picasaweb.google.no/EisfossenSykkel/Barneritt2010#

 

Neste ritt blir torsdag 3.juni kl 18.00. Stad er enno ikkje fastsett.

 

 

04.05.10

Terrengritt for dei yngste

Som det stod å lese i Firda Tidend mandag satsar klubben i år på ritt for born i aldersgruppa 8 til 15 år. Første ritt vert i Barkeløypa torsdag 6.mai med start på Myra frå kl 18.00. Oppmøte noko før slik at starten for dei første kan gå presis. Dette blir eit spennande opplegg og vi håpar på stort oppmøte. I tillegg til styret i klubben er nokre ekstra kalla ut som medhjelparar til avviklinga. Fellestreninga blir som nemnt etter dette rittet frå Myra på terrengsykkel, so fleire kan gjerne møte opp og ta i eit tak om det trengs. Aldersklassene 8-9 år (2001-2002) syklar utan tid. Øvrige klasser med tidtaking. Det vil bli delt inn i heat alt etter oppmøte der dei yngste syklar ei runde, dei største to.

Vel møtt!

 

13.04.10

Aktivitetar for born og unge 2010

Barnetreningane hadde i 2009 nokso dårleg oppmøte, og styret i klubben har vedteke å ikkje vidareføre desse i same form som i fjor. Aktivitetar for born vil vi likevel ha i inneværande år. Det vil bli tre nye ritt for aldersgruppa 8-15 år, med Eidsfossen Grand Prix som det fjerde. Det vil bli tidtaking for alle frå og med 10 år, og premiering for dei som har delteke i fleire ritt.

Rittdatoar som er sett opp er som følgjer:

  1. Torsdag 6.mai kl 18:00: Barkeløypa i Åsen
  2. Torsdag 3.juni kl 18:00
  3. Søndag 15.august: Eidsfossen Grand Prix
  4. Torsdag 2.september kl 18.00

Rittstader for 6.juni og 2.september er ikkje fastsett, men aktuelle stader som har vore diskutert er Vereide, Loggane, Ryssdalen, Skytebana i Bukta

Dette blir ritt med terrengsykkel i ei forholdsvis lett rundløype med klasseinndeling der dei eldste gjerne syklar fleire runder enn dei yngste.

Dette opplegget krev at fleire vaksne frå klubben er med og arrangerer, bakar kaker ol. Førespurnad vil gå ut til 5-10 stk før kvart ritt.

Vaksentreningane desse dagane (6.mai og 3.juni) vil utgå i si oppsette form og blir erstatta med intervalltrening på terrengsykkel etter at barnerittet er avslutta.

 

 

14.06.09

7 stk på trening i dag med årets første minikonkurranse. Ei lita rundløype på sti og litt grusveg der alle sykla kvar for seg. Best tid fekk den eldste som var med, nykomar Ingvild Slagstad på 2 min 10 sek. Alle som ville fekk prøve to gongar og det var svært jamt bak den raskaste. Elles litt "teknikk"-trening med å sykel to og to i ein liten firkant der det var om å gjere å ikkje vere nedi med beina.

 

Oda Eide rett etter start i "minikonkurransen"

 

Fleire bilete her: http://picasaweb.google.no/EisfossenSykkel/Barnetreningar2009#

 

07.06.09

Kun 4 stk på trening i dag, denne gongen var det DM i friidrett og 4H-leir som kom i vegen for mange

Ein tur nedom Langisane med stisykling og teknikktrening blei etterfølgd av ein tur innover i Eidsmona.

 

 

 

31.05.09

6 stk på trening i dag. Vi var mesteparten av tida på crossbana i Eidsmona. Først på den gamle bana der vi fann ei runde som vi brukte til stafettløype. Etterpå prøvde vi den nye, og her var flott underlag med mykje krappe svingar og innlagde humpar. Denne må vi tilbake til seinare!

Ein av dei som var med stilde likegodt også opp på motbakketesten opp Engesetåsen i lag med dei vaksne etterpå.

 

Evald Osnes Devik i lufta

 

Fleire bilete her: http://picasaweb.google.no/EisfossenSykkel/Barnetreningar2009

 

24.05.09

Godt oppmøte på dagens barnetrening med 13 stk, dei fleste av desse frå Vereide og fleire av dei sykla i tillegg til treninga tur-retur Vereide!

I dag fekk alle øvd seg litt på ulike øvingar og leikar i tillegg til litt stisykling og sjølvsagt gjennom Grasdalen.

 

Ingeborg Åsebø i fint driv

 

Fleire bilete her: http://picasaweb.google.com/ErlendEide1990/Barnetrening24Mai#

 

Neste trening søndag 31.mai kl 16.30

 

10.05.09

Årests første barnetrening er avvikla. Litt dårleg veir og fotballturnering same dag gjorde sitt til at ein del ikkje hadde høve til å vere med, so eit oppmøte på 6 stk var ikkje so aller verst.

Ein liten kollisjon før start medførte ei punktering. Men med lånt sykkel fekk vedkomande vere med likevel.

Innover Grasdalen på blaut veg til Eidsfossen, der det var mange ulike øvingar å bryne seg på. Her fekk alle også sjansen til å vise litt litt "sirkus"-kunstar

 

Simon Hjelmeset Kirkeeide viser sirkuskunstar

 

 

Fleire bilete: http://picasaweb.google.no/EisfossenSykkel/Barnetreningar2009#

 

Nestre trening er 24.mai kl 16.30.

 

----------------------------------------------------------

 

Her vil det vere informasjon om barnetreningane, av og til kva vi har tenkt å gjere på neste trening, eit lite referat frå den forrige og litt bilete (iallefall peikarar til albumet).

 

Det er planene at første trening blir 10.mai. Det blir søndagar kl 16.30 i år også med oppmøte ved bensinstasjonen på Kleivedammen. Aldersgruppe er 8-14 år (fødde 1995-2001)

Vidare blir datoane:  

 

24.mai

31.mai

7.juni

14.juni - med ein liten minikonkurranse for dei som vil

21.juni

28.juni - minikonkurranse

Pause i juli

2.august

9.august

16.august er det Eidsfossen Grand Prix

23.august

30.august - minikonkurranse

 

5.september er det Alperittet på Stranda, der er det også løyper for barn. Vi vil prøve å reise ein gjeng oppover til det.

 

Med minikonkurranse er dei meint at ein finn ei lita rundløype der ein tek tida på dei som ønskjer det.

 

Her er ein del bilete frå treningane i 2008: http://picasaweb.google.no/EisfossenSykkel/BarneOgUngdomstreningar#

 

 

-----------------------------------------------------------------------------------

 

Her er litt historikk frå 2008:

8 stk på trening 10.august. Desse fekk prøve seg på Eidsfossen Grand Prix-løypa og også trene litt teknikk og balanse. Ingen bilete denne gongen heller dessverre. Dette var siste treninga for i år. Søndag 17.august er det Eidsfossen Grand Prix, og då må so mange som har tid stille på enten i Konglerike-klassa (under 12), familieklasse utan tidtaking eller konkurranseklassa (10 år eller eldre).

Neste år satsar vi på å starte treningane for born og unge tidleg i mai månad. Meir informasjon om dette kjem sjølvsagt seinare


------------------------------------------------------------------


3 stk på trening 3.august. Siste trening før Eidsfossen Grand Prix blir søndag 10.august 16.30


-----------------------------------------------------------------


Kun 2 stk kpå trening 22.juni. Dette var aktive gutar som fekk kvar sin peronlege trenar. Siste trening før sommarferien er 29.juni. Deretter tek vi ferie i juli og satsar på to treningar i august, 3. og 10. Søndag 17.august er det Eidsfossen Grand Prix, og det blir sesongavslutning for den yngre garde i år.


-----------------------------------------------------------------


5 stk på trening 15.juni


-------------------------------------------------------------------


Kun 2 barn og 4 trenarar møtte opp 8.juni, so to av trenarane fekk fri. Det hadde regna godt like før treninga starta, so veret får ta skulda for det dårlege oppmøtet.
Men det var ikkje so verst når vi sykla. I dag var der ingen motorsyklar i crossløypa, so vi fekk prøve den. Her kan vi ha mykje moro framover om vi slepp til. Vi sykla også ei runde i skogen ned mot elva på leit etter gjengrodde stiar, men fann ikkje alle dei. Avslutta litt tidlegrae pga. lite oppmøte.


---------------------------------------------------------------------


17 stk på trening 1.juni. Dei største fekk prøve seg i tøffe motbakkar oppover Valborgkleiva. På toppen var det konkurranse i å sykle seinast over ein kort distanse, her var det delt inn i heat og til dslutt blei det finale der det blei kåra ein vinnar. Etter dette var det nedover i humpete unnabakkar, der det også var muleg å sykle over ei elv. Til slutt blei det litt stafett.

Dei mindre ungane fekk også prøve seg på ein del bakkar i dag, spesielt ein som var veldig bratt. Nokre sykla opp denne fleire gongar! Vi hadde også ei lita løype med ulike øvingar; slalåm, på planke og over pålar og fjøler. Sykla også litt på stiar ol., men i crossløypa var der dessverre motorsyklar, so der slapp vi ikkje til.

Fleire bilete i barnetreningsalbumet


Til tross for fotballturnering og turnstemne denne helga var det likevel bra oppmøte på sykkeltrninga 25.mai. Dei største sykla denne gongen ein noko lengre tur, mellom anna var dei rundt Ryssdalen. Det blir også rapportert om nokre tøffingar som sykla opp Leirbakken, det er det ikkje kven som helst som klarar!

Nokre fleire bilete er lagt inn i fotoalbumet.


Vellukka sykkel-løp i samarbeid mellom Olav K. Henden og Eidsfossen Sykkel i Sandane sentrum laurdag 24.mai. I flott ver var det godt oppmøte med heile 36 born i alderen 6-10 år. Dei fekk sjekka syklane sine av Politiet før dei starta i løypa. Der var det 5 ulike stasjonar, sykling over humpar, sykle so seint som muleg, på planke, i sirkel og slalåm. Dei fleste sykla mange runder, medan nokre nøydde seg med ei. Etterpå var det diplom, saft og kake til alle. Heldig vinnar av ny sykkel blei Sivert Solheim.

Fleire bilete her


Minner om sykkel-løp for dei frå 6-10 år på Heradsplassen laurdag 24.mai kl 12.00. Der blir det enkle løyper med liten fart midt i sentrum av Sandane, ein kan rekne med slalåm, balanse, sykling over planke ol. Det er muleg å vinne ein ny sykkel for alle som er med, det kostar ingenting. Sjå annonse i Firda Tidend onsdag.
Vel møtt!


Første trening 18.mai

Fantastisk oppmøte med 34 stk!
Vi delte oss i fleire puljer og sykla innover Grasdalen, litt på humpete stiar og litt på grusveg. Det gjekk ganske roleg føre seg denne første gongen, alle borna var veldig flinke til å sykle fint på rekke, og elles gjere som dei fekk beskjed om. Vi hadde også nokre øvingar som slalom, balansere på planke og sykle over plankar. Alle fekk også prøve seg på å sykle so seint dei klarte, og dei som ville sykla fort opp dei siste bakkane tilbake til Kleivedammen.
Flott at so mange møtte, vi håpar på like godt oppmøte neste gong også.
Det er fint om nokre foreldre også kan vere med å sykle rundt når vi er so mange.

Fleire bilete herog her

 

SYKKELTRENING!

EIDSFOSSEN SYKKELKLUBB SKAL STARTE MED TRENING FOR BARN OG UNGDOM FRÅ 8-15 ÅR.
VI TEK SIKTE PÅ Å DELE I TO GRUPPER (8-10 OG 11-15 ÅR).
DU TRENG IKKJE HA SPESIELLE FERDIGHEITAR FOR Å DELTA, MEN TRENG SYKKEL SOM ER I BRA STAND OG SJØLVSAGT HJELM!
TRENINGANE BLIR SØNDAGAR FRÅ 16.30-18.00.
OPPMØTE OG AVSLUTNING FRÅ BEST STASJONEN PÅ KLEIVEDAMMEN. OPPSTART 18.MAI 2008.

HØYREST DETTE SPENNANDE UT, SÅ MØT OPP!

 

 

 

Eidsfossen Sykkelklubb © 2009

www.eidsfossensykkel.no