Nyhendearkiv

 

 

23.12.11

I desse mørke vinterdagar er det lov å drøyme seg til sol og sommar og fine turar ein kan ta ut på i den varme årstid. Her er nokre flotte bilete frå ein tur over Rallarvegen av familien Nesgård i sommar.

 

Styret i Eidsfossen Sykkel vil med dette ønskje alle medlemar og andre sykkelinteresserte ei riktig God Jul og eit God Nytt idrettsår i 2012!

 

10.12.11

Startlister Birkebeinerrittet

No er startlistene på Birkebeinerrittet oppdaterte, og Eidsfossen Sykkel ligg inne med 33 deltakarar! Detter er klart høgste antal påmelde vi har hatt nokon sinne, og det er sjølvsagt å håpe at alle desse stiller til start. Her er 7 debutantar og 6 damer med. Framleis har vi fleire som har delteke tidlegare som enno ikkje er å finne på listene. Det er å håpe at desse kjøper seg plassar etterkvart og stiller på igjen. Vi har deltakarar i dei fleste alderskalsser på herresida, og aldersspennet er dermed stort. Yngstemann fyller 18 i 2012 og eldste 60.

Her er dei som er påmelde:

 

 

 

 

 

 

Startnr. Navn Klubb Pulje Starttid Ant. merker Ant. deltatt
Klasse: K35, (Kvinner 35 - 39 år)  
0 Skinlo, Marit Eidsfossen sykkel 0 0
0 Fjellestad, Ingrid Eidsfossen sykkel 3 3
Klasse: K40, (Kvinner 40 - 44 år)  
0 Iversen, Gro Pleym Eidsfossen sykkel 0 0
0 Sollid, Ragnhild Eidsfossen sykkel 3 4
Klasse: K45, (Kvinner 45 - 49 år)  
0 Larsen, Else Margrethe Eidsfossen sykkel 1 5
0 Sæther, May Kristin Eidsfossen sykkel 0 2
Klasse: M18, (Menn 18-19 år)  
0 Eide, Iver Eidsfossen sykkel 0 0
Klasse: M20, (Menn 20 - 24 år)  
0 Hauge, Johnny Eidsfossen sykkel 4 4
0 Eide, Erlend Eidsfossen sykkel 2 2
Klasse: M35, (Menn 35 - 39 år)  
0 Fjellestad, Edvard Eidsfossen sykkel 5 5
0 Svalheim, Stig Eidsfossen sykkel 0 0
0 Hansen, Trond Eidsfossen sykkel 3 4
0 Tveit, Odd Bjarne Eidsfossen sykkel 0 3
Klasse: M40, (Menn 40 - 44 år)  
0 Hansen, Benny Østerbye Eidsfossen sykkel 1 1
0 Gloppestad, Olav Eidsfossen sykkel 0 0
0 Bruland, Arild Eidsfossen sykkel 0 0
0 Lothe, Jørn Eidsfossen sykkel 3 5
Klasse: M45, (Menn 45 - 49 år)  
0 Eide, Vidar Eidsfossen sykkel 9 16
0 Eide, Kjetil Eidsfossen sykkel 10 11
0 Gjengedal, Jarle Eidsfossen sykkel 0 0
0 Henden, Olav Eidsfossen sykkel 4 8
0 Moritsgård, Magne Eidsfossen sykkel 3 4
0 Roska, Helge Eidsfossen sykkel 6 6
Klasse: M50, (Menn 50 - 54 år)  
0 Ose, Otto Eidsfossen sykkel 1 1
0 Hammersland, Henry Eidsfossen sykkel 7 9
0 Aaland, Svein Rune Eidsfossen sykkel 6 7
0 Vereide, Sigmund Eidsfossen sykkel 0 1
0 Sundal, Øystein Eidsfossen sykkel 1 3
Klasse: M55, (Menn 55 - 59 år)  
0 Hansen, Jon Husabø Eidsfossen sykkel 2 2
0 Gimmestad, Kåre Eidsfossen sykkel 0 1
0 Eide, Dag-Arne Eidsfossen sykkel 11 11
0 Myklebust, Arne Eidsfossen sykkel 3 5
Klasse: M60, (Menn 60 - 64 år)  
0 Flølo, Jostein Eidsfossen sykkel 0 4

 

 

25.11.11

Påmeldingslister Birkebeinerrittet 2012

Påmeldingslistene for dei ulike Birkebeinerarrangementa er no lagde ut, og og her er mange spennade debutantar, og kvinneandelen er betydeleg auka!

Elles er følgjande lokale å finne på listene: Jostein Flølo, Stig Svalheim, Arne Myklebust, Øystein Kristiansen, Benny Østerbye Hansen, Erlend Eide, Odd Bjarne Tveit og kanskje enno fleire. Desse må gå inn på "min side" og leggje inn klubbnamn. Då kan det sjå ut som vi passerar 30 deltakarar i 2012!

I tillegg kjem vel også nokre på Ungdomsbirken.

Nokre deltakarar som har gjordt det skarpt i Brikebeinerrittet tidlegare manglar førebels på listene. Av desse kan nemnast Arne Nesgård, Per Erik Eimhjellen og Ole Marius Gloppestad.

Søkbare påmeldingslister for Birkebeinerarrangement i 2012 finn du her.

 

 

07.11.11

Påmelding Birkebeinerrittet

Det vert opna for påmelding for alle dltakarar til Birkebeinerrittet 2012 onsdag 9.november kl 09.00. Les dette først og gjer

deg klar framfor datamaskina i god tid før kl 09.00 onsdag. Neste år kan det bli sol og kort-kort........

 

14.10.11

Påmelding Birkebeinerarrangementa 2012

Påmeldinga for dei ulike Birkebeinerarrangementa startar for utvalde grupper onsdag 19.oktober kl 09.00.

Meir informasjon om påmelding og fristar kan du finne her: http://www.birkebeiner.no/Pamelding-2012/

For dei som vil bestille madrassovernatting er det lurt å velge Barneskolen, då bussen mest truleg vil køyre dit.

Eidsfossen Sykkel satsar på felles transportopplegg til Birkebeinrrittet også til neste år,

men vil då sjå på alternativ transportør for om mogeleg få det noko billegare.

 

06.10.11

 

 

 

24.09.11

Sterk innsats i Stoltzen!

Erlend Eide gjorde også i år eit knalløp i Stoltzekleiven opp i Bergen. Han fekk tida 09:01 som er 8 sek betre enn i fjor. Han vart med dette nummer 7 totalt, på plassen før verdscupvinnar i skiskyting Tarjei Bø (biletet under tv.) Klar vinnar av løet vart Thorbjørn Ludvigsen på 08:22 framfor Mats Mjøs Andersen på 08:43 og Joel Dyrhovden på 08:44. Odd-Bjørn Hjelmeset (biletet under th) fekk tida 09:36.

Svært sterk innsats også av Andreas Rauset som vart nummer 3 i klasse gutar 12-14 år på den gode tida 10:26.

Trond Midtkandal var nummer 17 i klasse M40-44 på 11:14, Eivind Rauset på 43.plass i same klasse på 11:47 og Dag-Arne Eide nr 34 i klasse M50-54 på 12:36. Resultat på www.stoltzen.no

Reportasje på NRK Sogn og Fjordane

 

 

 

 

21.09.11

 

Invitasjon til Trollrittet søndag 25.september 2011
 
 
Flora Ck kan med glede invitere til nok eit Trollritt. Merk at vi i år arrangerer rittet på ein søndag.
 
Start like ved krysset på Svarthumle RV5, og målgang ved Trollstova på Ramsdalheia.
 
 

 
Rittet vert arrangert som fellesstart over ca 6 km, med 320 høgdemeter. Alle deltar i trimklasse med uoffisiell tidtaking.

Rittstart kl.12. Dei aller yngste startar kl.11.50 evt. saman med dei som vil ta seg ekstra god tid.

Påmelding før fredag 23..september kl.21 til Rune Horgen mobil: 9283 4977
eller mail: rhorgen@online.no

Startavgift: Kr.50,- opp til 18 år, kr.100,- for voksne.

Etteranmelding ved start fram til kl.11.30 mot kr.50,- ekstra.

Premie frå våre sponsorer til (nesten?) alle vert uttrekt på startnummer. (Forrige år hadde vi 2 premiar til dei aller fleste!!!)

Til alle deltakarar blir det gratis betasuppe, saft og kaker på den peisvarme Trollstova etter rittet!

Sal av mat og drikke til publikum.


Veganvisning: Svarthumle ligg på gamle RV5 over Ramsdalheia i Flora Kommune.

Frå Florø køyrer ein i retning Førde, men tek til venstre vel 1 km før Sunnfjordtunellen.

Frå Førde/Naustdal køyrer ein gjennom Sunnfjordtunellen. Etter tunellen tar ein første veg til høgre etter vel 1 km. NB! Det er slutt på bompenger ved tunellen :-)

NB! Vegen er open for alminnelig trafikk, og alle må følge trafikkreglane! Strekninga er særs lite trafikkert, og det vil bli tydelig merking som viser at sykkelritt pågår.
 

 

 

18.09.11

Betaling buss Birkebeinerrittet

No er rekninga for Birken-bussen komen. Den var på totalt 23.200. Det vert 1400 kroner pr.person. Det er fint om dei som var med betalar dette til kontonummer 3705.07.87428 så snart råd. Han som var med kun eine vegen og hadde sagt ifrå om dette på førehand (Øystein) betalr kr 700,-.

 

18.09.11

Birkebeinerløpet

Fleire frå klubben var denne helga avgarde og deltok på dei ulike variantane av Birkebeinerløpet.

Tidlegast på start laurdag morgon kl 07.00 var Eivind Rauset som deltok på Motbakkebirken som vart arrangert for første gong. Han fekk der ein flott 14.plass i klasse herrar over 40 år på tida 1,56,18. I denne klassa var det 41 deltakarar. Dette løpet blei vunne av Glopparen Roger Aa Djupvik på 1,31,00. Løypa var omvendt veg av Birkebeinerløpet, men noko kortare mot slutten på Sjusjøen.

Eirik og Andreas Rauset deltok på Ungdomsbirken løp og fekk gode plasseringar der. Eirik vart nummer 11 av 105 og Andreas nr 16 av 102 på tidene 20,04 og 19,04. Med dette fullførte dei også Ungdomstrippelen og vart henholdsvis nr 22 og 9 i sine klasser der.

 

Helge Roska sikra seg sitt fjerde fat som Superbirkebeinar, med merke på renn, ritt og løp i same kalendarår. Han kom inn på tida 1,48,41  og vart med det nr 119 av 612 deltakarar i si klasse. Vidar Eide sprang inn til sitt første merke på løpet på tida 1,57,00 og vart nummer 241 i same klasse.

Desse blei nummer 63 og 118 av 252 i Trippelen i klasse M45-49.

May Kristin Sæther blei nummer 134 av 379 på tida 2,11,42.

Ho fullførte med det også Trippelen og vart nummer 44 av 69 i klasse K40-44.

 

Andre Glopparar som deltok på Birkebeinerløpet:

M60-64: 55 Rolf Tennebø, SFE-BIL 2,05,28

M40-44: 519 Jan Erik Roset, GFIL 2,08,02

M65-69: 22 Jan Steinar Roset 2,08,39

M40-44: 585 Øystein Hellerud, Brodd 2,13,01

M60-64: 84 Ivar Bruun, GFIL 2,17,53

M60-64: 88 Lars Ulvestad SFE-BIL 2,20,31

 

Meir om løpet og søkbare resultatlister på www.birkebeiner.no

 

 

15.09.11

Fire gutar deltok på terrengritt i Førde

4 av juniorane frå Eidsfossen Sykkel deltok på Terrengsykkelkarusellen til Førde CK på Langeland sist tysdag. 2 blad Sollid Eide og 2 Rauset gjorde ein flott innsts der. Eirik Rauset fekk bestetid i 4km løypa, medan Andreas og Mats var dei einaste som sykla 6 km.

Resultat på www.fordeck.org

Neste ritt er tysdag 20.september kl 18.00 på same stad.

 

 

 

11.09.11

Terrengsykkelkarusell på Langeland

Førde CK inviterer til terrengsykkelkausell på Langeland no i haust. Første ritt er tysdag 13.september kl 18.00. Dette er kanskje spsielt aktuelt og kjekt for dei yngre, der ein kan få prøvd seg litt i konkurranse i terrengsykling og bryne seg litt mot Førdianarar. Det er også mogelelg for seniorar og veteranar å delta. Informasjon om rittdatoar og opplegget her.

 

 

 

10.09.11

Skarsteinsætra Opp

Nyvinninga Skarsteinsætra Opp vart arrangert i Olden i dag. Dette er eit kombinert motbakkeløp og sykkelritt, dvs. løparar og syklistar starta samstundes i Olden sentrum, medan mål var på Skarsteinsætra 400 moh. Dag-Arne Eide var førstemann opp på 22.02, og sette iflg. arrangøren ein svært sterk løyperekord som skal bli vanskeleg å slå. Vidar Eide kom også på pallen i det han tok tredjeplassen på 24.18. Begge desse for anledninga på lånt DBS Intruder 2:40. Mellom dei kom Roger Rake frå BOC på 22.27. Det vanka flotte pokalar og heider og ære til dei tre på pallen. Svein Rune Aaland vart slått på målstreken og kom inn på 5.plass på 25.24. Beste løpar vart Helge Hafsås som kom i mål mellom 2. og 3.syklist på 23.29. Det starta 15 syklistar og 11 løparar på tid, og omkring 100 trimmarar utan tidtaking. Eit flott arrangement i strålande natur og flott ver. Stor stemning med mykje publikum i den aller siste bratte bakken opp mot mål. Eidsfossen-syklistane var hjarteleg velkomne og blei godt mottekne, og arrangøren oppmoda oss om å stille fleire på startstrek neste år.

 

 

Nokre bilete frå Skrateinsætra Opp nedst i dette albumet

Bilete frå arrangøren

Resultatliste

 

 

05.09.11

Kleiva Opp

Dagen etter Alperittet starta Svein Rune Aaland i neste konkurranse. Han sette seg på sykkelen igjen og vann likegodt sykkelklassa i Kleiva Opp på Hopland.

Resultat her

 

03.09.11

Alperittet

Fleire barn og ungdomar starta i dag i Alperittet på Stranda. Årets nye startordning fall dessverre dårleg ut for eit par av våre deltakarar.  

Det var i år lagt inn ei ekstrarunde for dei vaksne som skulle sykle løypa for dei unge først saman med desse. Når denne runda var over

låg Mats Sollid Eide og Sander Nesdal føre fleire vaksne og vart stoppa når dei skulle sykle mot mål og vinka vidare i langløypa. Ein uheldig

arrangørtabbe. Men desse to gutane sykla godt og kom likevel først over mål etter ei ekstrarunde saman med ein annan. 

Even Nesgård og Simin Hjelmeset Kirkeeide sykla også denne løypa og gjorde ein flott innsats.

Surr med tidtakarsystemet gjorde at tidene ikkje var klare med ein gong.

Svein Rune Aaland var einaste som sykla langløypa frå Eidsfossen Sykkel. Han kom på 5.plass i si klasse på tida 2.07.

Gunhild og Mathias nesgård deltok i 2 km løypa utan tidtaking.

Resultat kjem her: http://www.alperittet.com/sykkel1.htm

 

 

03.09.11

Resultat lagsmeisterskap

No føreligg dei endelege resultata frå lagsmeisterskapen 2011, sjå tabellen nedanfor.

8 personar deltok i alle konkurransane, og 14 mann fekk 4 teljande resultat.

Gratulerer til Ole Marius Gloppestad som vart lagsmeister for andre gong!

 

Tempo Motbakke Terreng Birken Fellesstart Oppmøte Sum 

1

Ole Marius Gloppestad

 

2

1

2

4

5

2

7

2

Øystein Kristiansen

 

5

 

1

7

1

3

10

3

Johnny Hauge

 

4

5

5

3

3

1

11

4

Per Erik Eimhjellen

 

1

10

7

14

2

4

14

5

Arne Nesgård

 

3

2

3

6

6

10

14

6

Edvard Fjellestad

 

8

7

4

1

4

15

16

7

Henry Hammersland

 

6

8

12

8

8

6

28

8

Jørn Lothe

 

7

6

9

19

 

15

37

9

Odd Bjarne Tveit

 

11

11

11

18

14

8

41

10

Vidar Eide

 

13

15

16

12

12

7

44

11

Trond Hansen

 

 

9

10

15

 

10

44

12

Helge Roska

 

 

13

13

11

9

17

46

13

Jon Husabø Hansen

 

10

16

17

 

15

22

58

 

 

For spesielt interesserte kan all statistikk for Eidsfossen Sykkel siste to år lesast her. Her finn ein overiskt over treningar, rittdeltaking, lagsmeisterskap og anna.

Om det skulle vere noko vesentleg feil i statistikken er det berre å ta kontakt med vidar.eide@enivest.net så vert det retta opp.

 

 

02.09.11

YT kårer Norges råeste

Du er kanskje ferdig med årets tøffeste sykkeltur fra Rena til Lillehammer, eller er i oppkjøringen til Oslo Maraton?
Nå venter en ny utfordring på deg: 5. september starter konkurransen YT Challenge, som gjennom seks innledende utfordringer kårer
Norges råeste dame og mann! Les mer på yt.no og se filmen med Odd-Bjørn Hjelmeset.

Utfordringene får du av YT-teamet, som består av Olaf Tufte, Odd-Bjørn Hjelmeset og Cecilie Skog.

Gjennom konkurransen kan du teste deg selv mot YT-teamet, men konkurransen står bare mellom deg og alle de andre som melder seg på.

YT-teamet Cecilie, Olaf og Odd-Bjørn sender deg herved utfordringene, som kan tas på yt.no/challenge fra og med 5. september.


Lenke til nettsiden: http://ytchallenge.yt.no/

http://www.yt.no/

 

 

 

01.09.11

Bilete frå fellesstarten

Mange fine sykkelbilete i flott natur frå dagens ritt i Erlends galleri

 

01.09.11

Lagsmeisterskap

I dag vart lagsmeisterskapen avslutta med fellesstart landeveg. Gledeleg med heile 15 mann på startstrek. Øystein Kristiansen gjekk av med sigeren i dagens spennande konkurranse framfor Per Erik Eimhjellen og Johnny Hauge (foto under):

Resultat:

1. Øystein Kristiansen 57.58

2. Per Erik Eimhjellen 58.06

3. Johnny Hauge 58.06

4. Edvard Fjellestad 58.08

5. Ole Marius Gloppestad 58.09

6. Arne Nesgård 58.11

7. Olav Henden 58.44

8. Henry Hammersland 58.45

9. Helge Roska 58.46

10. Stig Svalheim 58.56

11. Svein Rune Aaland 60.10

12. Vidar Eide 60.10

13. Magne Mortisgård 60.10

14. Odd Bjarne Tveit 60.12

15. Jon Husabø Hansen 61.46

 

 

Samanlagtvinnar i lagsmeisterskapen vart Ole Marius Gloppestad med plassiffer 7 (2+1+2+2). Øysten Kristiansen kneip med dagens siger 2.plassen samnlagt med 10 (5+1+3+1). 3.plass gjekk til Johhny Hauge med 11 (4+3+1+3). Foto under.  Fullstendig oversikt over resultata og fleire bilete frå fellesstarten kjem seinare.

 

 

 

 

30.08.11

Birkebeinerstatistikk

Nettredaktøren blei gjort merksam på ein faktafeil i opplysningane som var lagd inn i går. Den sterke tida til Edvard Fjellestad i årets ritt er ikkje klubbrekord. Den skriv seg frå 2008 og innhavar av den er Trygve Henden Gaasø med tida 3,03,32.

For spesielt interesserte kan Birkebeinerstatistikk for lokale utøvarar siste 12 år lesast her.

Tidene er ikkje direkte samanliknbare alle år i det det har vore stadige løypeendringar/forbetringar. Det einaste strekket som har vore heilt identisk i alle år er partiet frå Kvarstad til Storåsen. Ny avslutning (skogveg i Avskåkalia) kom i 2006 og ny start kom i 2009.

 

 

 

 

29.08.11

Birkebeinerstatistikk

Her er årets statistikk utarbeida av Erlend Eide:

Skramstad

Bringebu

Kvarstad

Storåsen

Mål

Kl.

Plass

Delt.

Edvard Fjellestad

31,53

32,35

1,04,28

42,28

1,46,58

43,28

2,30,26

36,04

3,06,30

M35

52

2111

Erlend Eide

31,54

32,36

1,04,30

43,46

1,48,16

44,01

2,32,17

36,07

3,08,24

M20

25

346

Johnny Hauge

32,03

34,57

1,07,00

45,05

1,52,05

45,24

2,37,29

36,59

3,14,28

M20

35

346

Ole M. Gloppestad

32,02

33,20

1,05,22

46,43

1,52,05

45,54

2,37,59

38,15

3,16,14

M30

76

1182

Dag-Arne Eide

33,48

35,58

1,09,46

43,53

1,53,39

45,38

2,39,17

37,22

3,16,39

M50

30

1390

Arne Nesgård

31,54

33,39

1,05,33

43,14

1,48,47

50,34

2,39,21

39,24

3,18,45

M35

164

2111

Øystein Kristiansen

32,17

36,51

1,09,08

45,51

1,54,59

48,36

2,43,35

37,10

3,20,48

M30

113

1182

Henry Hammersland

34,02

36,57

1,10,59

45,46

1,56,45

48,41

2,45,26

38,16

3,23,42

M45

162

2116

Benny Ø. Hansen

34,07

36,30

1,10,37

46,48

1,57,25

48,56

2,46,21

38,23

3,24,44

M35

271

2111

Magne Moritsgård

34,30

37,52

1,12,22

46,36

1,58,58

51,45

2,50,43

38,34

3,29,17

M45

240

2116

Helge Roska

34,36

37,41

1,12,17

46,07

1,58,24

52,34

2,50,58

39,18

3,30,16

M45

266

2116

Vidar Eide

36,24

38,48

1,15,12

46,52

2,02,04

50,09

2,52,13

38,25

3,30,38

M45

274

2116

Olav Henden

34,31

38,00

1,12,31

48,23

2,00,54

54,04

2,54,58

39,38

3,34,36

M45

380

2116

Per Erik Eimhjellen

34,10

36,59

1,11,09

48,15

1,59,24

56,57

2,56,21

38,20

3,34,41

M35

478

2111

Trond Hansen

36,18

38,04

1,14,22

50,23

2,04,45

54,39

2,59,24

38,49

3,38,13

M35

529

2111

Otto Ose

37,28

38,37

1,16,05

51,17

2,07,22

55,21

3,02,43

39,57

3,42,40

M50

300

1390

Svein Rune Aaland

37,07

38,34

1,15,41

51,37

2,07,18

58,21

3,05,39

40,35

3,46,14

M50

354

1390

Odd Bjarne Tveit

37,13

41,04

1,18,17

49,41

2,07,58

1,02,25

3,10,23

41,08

3,51,31

M35

837

2111

Jørn Lothe

33,55

37,04

1,10,59

1,12,44

2,23,43

53,11

3,16,54

39,26

3,56,20

M40

1071

2590

Kåre Gimmestad

41,17

46,27

1,27,44

57,14

2,24,58

1,01,26

3,26,24

44,13

4,10,37

M55

310

727

Sigmund Vereide

41,48

47,22

1,29,10

59,58

2,29,08

1,12,00

3,41,08

52,12

4,33,20

M50

947

1390

May Kristin Sæther

48,39

53,13

1,41,52

1,03,09

2,45,01

1,13,18

3,58,19

54,34

4,52,53

K40

181

386

Jostein Flølo

53,19

1,00,17

1,53,36

1,13,35

3,07,11

1,29,35

4,36,46

56,54

5,33,40

M55

651

727

Else M. Larsen

54,35

58,18

1,52,53

1,14,13

3,07,06

1,29,58

4,37,04

1,00,28

5,37,32

K45

222

298

 

 

29.08.11

Klubbmeisterskap

Minner om fellestarten torsdag 1.september. Start på Kleivedammen kl 17:30. Løypa vert som tidlegare år. Det hadde vore kjekt med godt oppmøte også på denne konkurransen!

 

Når det gjeld samandraget i klubbmeisterskapet er spenninga over når det gjeld topplassen. Ole Marius Gloppestad kan gratulerast som Klubbmeister også i 2011! Han har ei uinntakeleg leiing. Stillinga før siste konkurranse med hittil 4 beste teljande:

1. Ole Marius Gloppestad 7

2. Johnny Hauge 13

3. Arne Nesgård 14

4. Øystein Kristinansen 16

5. Edvard Fjellestad 20

6. Per Erik Eimhjellen 23

Det er framleis mogeleg med ei strykning til, og fleire av desse har ei "dårleg" plassering som kan strykast. Det interessante og artige er at vi har fått ulike vinnarar i alle konkurransane:

Tempo: Per Erik EImhjellen, Motbakke: Ole Marius Gloppestad, Terreng: Øystein Kristiansen, Birken: Edvard Fjellestad og oppmøte: Johnny Hauge. Dette vitnar om høg kvalitet og god breidde i klubben!

 

29.08.11

Birkebeinerrittet

Også i år var det god deltaking og mange sterke tider under Birkebeinerrittet. Bestemann vart Edvard Fjellestad på den imponerande tida 3.06.30. Dette er ny klubbrekord og samstundes vart han bestemann frå Sogn og Fjordane i årets ritt!  Det sterke løpet gav han ein 52.plass av 2111 deltakarart i klasse M35-39. Han vann også kåringa "Årets namn" under Birkebeinerrittet 2011.

Erlend Eide gjorde også eit sterkt ritt, med tida på 3.08.24 fekk han ein 25.plass av 346. I desse klassene vart også ein god del som sykla i eliteklassa plassert inn når dei kom i mål. Sterk innsats også av Dag-Arne Eide som med tida 3.16.39 vart nummer 30 i klasse M50-54. Flotte gjennomførte ritt også av debutantane, mellom anna merke til Otto Ose og Benny Østerbye Hansen. Totalt hadde klubben 23 menn og 2 kvinner på startstrek, og desse samla 17 merke.

I Ungdomsbirken deltok Oda Eide, Eirik og Andreas Rauset, her hevda Andreas Rauset seg veldig bra i klasse gutar 14 år. Med start frå pulje 2 langt bak i feltet sykla han seg opp til ein 23.plass av 119 deltakarar. 3 gutar frå Eidsfossen Sykkel deltok også i Barnas Birkebeinerritt. Samla sett var det 31 stk i aksjon på sykkel i Birkebeinerarrangementa laurdag. Med dette er vi største (og beste) klubb frå Sogn og Fjordane på Birkebeinerrittet også i år.

Resultatoversikt med strekktider for lokale deltakarar kjem seinare.

Søkbare resultatlister på www.birkebeiner.no

 

Debutant Sigmund Vereide på veg mot mål til tida 4.33.20.

Fleire bilete frå årets ritt

 

 

 

26.08.11

Kleiva Opp

Søndag 4 september 2011 blir det på nytt Kleiva Opp. Sett av dagen og vær med på å skape en folkefest ut av arrangementet.
I år vil det bli pengepremiar til dei tre beste i herre -og dameklassa. Høvesvis kr 3000 for fyrste plass, 1500 for andre plass og 1000 kr for tredje plass. I tillegg vankar det 2000 kr for løyperekord. Dette betyr at vinnaren i herre og dameklassa kan stikke av med 5000 kr dersom dei samstundes set løyperekord.
Dette gjeld i løpsklassa. I sykkelklassa vil det framleis bli premiert med gåvepremiar.
Nytt i år er det at sykkelklassa går heilt til topps. Det betyr at ein må nytte terrengsykkel. Vi prøvar også med ei mosjonsklasse som startar på tid saman med dei som er under 16 år frå Rand skule. Konkurranseklassene forøvrig startar ved kaia på Hopland.
Start mosjonsklasse frå kl 1200. Start konkurranseklasse kl 1400.

Vi håpar dette kan vere med å på å få på plass mange og gode løparar til eit av landet sine aller eldste motbakkeløp!
Påmelding til Torstein Tvinnereim: 91713422 eller torstein.tvinnereim@sfj.no
Meir på www.hardbagg.no Løyperekordhaldar er Roar Hjelmeset.

 

 

25.08.11

Alperittet

Sesongen er ikkje over med Birkebeinerrittet. Laurdag 3.september går Alperittet av stabelen på Stranda. Dette er eit flott terrengritt med mykje motbakkar, og Eidsfossen-syklistane har tradisjonelt sett hevda seg godt her med fleire klassesigrar. I år er det gjort ei lita løypeendring; Seniorane gjer unna ungdomsløypa først før motbakkane mot Strandafjellet startar og den ordinære rittløypa vert sykla.

Det er også ungdomsklasser i dette rittet, og det har tidlegare vore god premiering med mange uttrekkspermiar. Rittet er absolutt å anbefale for liten og stor. Info på  http://www.alperittet.com/sykkel1.htm

 

22.08.11

Gaularfjellrittet

Stig Svalheim gjorde i dag ein svært sterk rittdebut i Gaularfjellrittet. Han sykla opp fjellet på den sterke tida 33.34 og kom med det på 6.plass totalt i rittet og vann klasse M30-39, ei klasse med 24 deltakarar. Han var kun 1.20 bak vinnar Sondre Austrheim frå Sogn CK. Det er fleire sterke namn og røynde syklistar å sjå på resultatlista bak han. Arne Myklebust deltok også og fekk tida 38.36 og kom med det på 4.palss i klasse M50-59.

 

 

21.08.11

Kletten Opp

Erlend Eide vann i går motbakkeløpet Kletten Opp i Naustdal på suveren ny løyperekord.

Meir på www.tambarskjelvar.no

 

 

15.08.11

Klede

Sykkelkleda som vart bestilt tidlegare i sommar er no mottekne. Det meste av det som var førehandstinga er no utdelte i postkasser til dei som har bestilt, faktura ligg ved. Det er fint om de betalar raskast mogeleg då ein er avhengig av å få inn det meste uteståande for å kunne betale rekninga for heile bestillinga. Kleda er av topp kvalitet, og prisane er desverre nokså høge. Vi skulle gjerne ha gitt litt meir rabatt enn det som er gjort, men klubbøkonomien tillet pr. i dag ikkje det. Årsaka til det er at det no er bestilt inn betydeleg mengde klede til lager, slik at ein har liggjande til nye medlemar og til andre som treng nytt tøy. Erfaringar frå tidlegare år har vist at det stadig heldigvis er spørsmål om å få kjøpt drakter. Om dei som har motteke tøy no ikkje har fått rett storleik, kan korte trøyer og korte bukser bytast i meir høveleg storleik hos Kjetil Eide i Lyngvegen 39.

 

Det som er kjøpt inn til lager og som kan kjøpast hos Kjetil er:

Korte trøyer 430,-

Korte trøyer, junior 300,-

Korte bukser m/pad (ny type med nett i ryggen) 700,-

Korte bukser junior (kun 2 stk) 300,-

Sommarhanskar 125,-

Skoovertrekk 300,-

Alt dette har vi i ulike storleikar, trøyer og bukser også i damemodellar. Då klubben gjerne skulle rekruttert fleire aktive damer, har desse også høve til å forsøke seg på pruting.

 

14.08.11

Eidsfossen Grand Prix med deltakarrekord!

Til tross for kollisjon med NM i friidrett på Byrkjelo vart det i år deltakarrekord på Eidsfossen Grand Prix med totalt 145 på startstrek. Spesielt kjekt å sjå at nokre frå Flora Sykkelklubb tok turen, og at fleire ungdomar over 16 år som ikkje har delteke på ritt tidlegare stilde sporty opp i senioklassa. Likevel skuffande at ingen damer var med i konkurranseklassa og kun to jenter.

Som vanleg knyttar det seg stor spenning til seniorklassa for herrar, og der vart som forrige helg i Postvegrittet, Øystein Kristiansen bestemann i ein tett kamp framfor fleire andre klubbkameratar. Under gode og tørre forhold vart det også ny løyperekord på tida 33.29.

Andre klassevinnarar vart Otto Ose, Andreas Rauset, Even, Nesgård, Oda Eide og Sunniva Ramsdal.

 

 

 

 

Dei tre beste i seniorklassa, frå v. nr 2. Ole Marius GLoppestad, 1. Øystein Kristiansen, 3.Arne Nesgård

 

Resultat:

Gutar 10-12 år:

1. Even Nesgård 9.45

2. Eirik Rauset 9.50

3. Simon Hjelmeset Kirkeeide 10.24

4. Håvard Bergheim Holvik 10.30

5. Johan Lothe 10.42

6. Ruben Elvebakk Nesdal 11.05

7. Simen Ramsdal 11.09

8. Matias Sollid Eide 11.39

 

Gutar 13-15 år:

1. Andreas Rauset 8.31 (ny løyperekord) 

2. Marius Langø 8.44

3. Sander Nesdal 8.48

4. Mats Sollid Eide 9.11

5. Sebastian Haugen 10.22

 

Herrar senior:

1. Øystein Kristiansen 33.29

2. Ole Marius Gloppestad 33.30

3. Arne Nesgård 33.31

4. Edvard Fjellestad 33.52

5. Johnny Hauge 34.48

6. Stig Svalheim 34.53

7. Per Erik Eimhjellen 35.02

8. Kjetil Eide 35.09

9. Jørn Lothe 35.21

10. Trond Hansen 36.25

11. Odd Bjarne Tveit 36.39

12. Henry Hammersland 36.52

13. Helge Roska 37.10

14. Olav Henden 37.47

15. Atle Sparby Ommedal 37.48

16. Vidar Eide 39.29

17. Sveinung Susort 41.52

18. Joakim Ramsdal 47.31

19. Thomas Hammersland 47.40

20. Vegard Hauge 47.53

 

Herrar Veteran:

1. Otto Ose 38.03

2. Jon Husabø Hansen 39.46

Arne Myklebust DNF

 

Jenter 10-12:

Sunniva Ramsdal 17.43

 

Jenter 13-15:

Oda Eide 11.51

 

I kongle-klassa for born under 12 år var det 64 deltakarar og familiklassa utan tidtaking 42 deltakarar.

Vinnar av sykkel frå Olav K. Henden/G-sport vart Otto Ose

Andreas Rauset vart vinnar i klasse Gutar 13-15 år på ny løyperekord

 

Bilete frå rittet her og her

 

13.08.11

Sterke tider under Skåla Opp

Debutant Erlend Eide slo til med ei knalltid under motbakkeløpet La Sportiva Skåla 1848 m rett opp i dag. Tida 1.24.25 ga ein tredjeplass i klasse M20-22, og med det vart han klart bestemann frå Eidsfossen Sykkel i år. Elles er det verd å merke seg sterke løp av Edvard Fjellestad, Trond Midtkandal og Henry Hammersland.

 

Nokre resultat:

M20-22:

3.Erlend Eide 1.24.25

8 deltakarar

 

M35-39:

9.Edvard Fjellestad 1.30.55

10.Sverre Nesdal Aske 1.34.38

74 deltakarar

 

M40-44:

13.Trond Midtkandal 1.36.13

21.Jørn Lothe 1.42.48

89 deltakrar

 

M45-49:

10.Henry Hammersland 1.37.35

15.Kjetil Eide 1.41.26

19.Svein Hauge 1.43.34

40.Helge Roska 1.52.40

83 deltakarar

 

M50-54

12.Dag-Arne Eide 1.43.09

53 Deltakarar

 

 

12.08.11

Eidsfossen Grand Prix

For dei som ikkje måtte ha fått det med seg, så går Eidsfossen Grand Prix av stabelen søndag 14.august. Rittet vert arrangert etter mønster frå tidlegare år, med start og mål på Eide.

Sjå elles i menyen tv. under Eidsfosssen GP for tidspunkt og andre opplysningar.

 

11.08.11

Sist helg deltok mange frå Eidsfossen Sykkel i ulike arrangement fleire stader i landet

 

Grenserittet Ung, 5.august

Mats Sollid Eide deltok i klasse gutar 13-14 år og fekk ein flott 21.plass av 61 på tida 1.23.19. Vinnartida var 1.10.32. Resultat her. Det kan i denne samnheng nemnast at tidene til Kjetil og Vidar
Eide på same strekninga dagen etter var 1.22.55 og 1.25.49.

 

Grenserittet 6.august

Her starta 3 mann frå klubben med følgjande oppnådde resultat:

Kjetil Eide 3.03.46, nummer 66 av 1047 i klasse M 45-49, og nummer 496 av 6545 totalt i rittet.

Vidar Eide 3.17.10, nummer 198 i si klasse og nr 1142 totalt

Ole Geir Flølo 4.31.26, nummer 896 i si klasse og 5176 totalt

Løypa var lagd om og var noko lengre enn tidlegare år, difor vart tidene for dei fleste ein del dårlegare.

Søkbare resultatlister

 

Postvegrittet 6.august

Eidsfossen Sykkel gjorde seg sterkt bemerka under Postvegrittet i Dale med heile 12 mann på startstrek. Dessverre vart rittet prega av at fleire sykla feil og nokre var involvert i ein velt. Men dei fleste frå klubbnen kom svært godt ifrå det i dette rittet. Mellom anna var det femdobblet i klasse M30. Totalvinnar vart Bjarte Engelsen, Svelvik på tida 1.39.55. Resultat på www.postvegrittet.no

 

Imponerande rittdebut av Otto Ose (t.v.) som sikra seg 4.plass i si klasse

og dermed god seeding til Birkebeinerrittet.

 

Tidene til våre deltakarar:

Øystein Kristiansen 1.41.41

Edvard Fjellestad s.t

Ole Marius Gloppestad s.t.

Arne Nesgård s.t

Trond Hansen 1.47.17

Dag-Arne Eide 1.47.36

Benny Østerbye Hansen 1.49.41

Otto Ose 1.55.24

Arne Myklebust 1.57.24

Helge Roska 2.01.05

Kåre Gimmestad 2.09.42

Johnny Hauge braut

 

Bilete frå rittet

 

Sykkelenern 6.august

Her deltok to frå klubben;

Svein Rune Aaland 3.13.23 fekk ein svært sterk 14.plass av 120 deltakarar i M50-54!

May Kristin Sæther 4.20.55, nr 20 av 39 i K40-44. www.enern.com

 

Buff Fanaråken Opp 6.august

Trond Midtkandal gjorde eit kjempeløp og gjekk heilt til topps i klasse M40-44 på tida 1.12.41, imponerande innsats!

 

www.fanaraaken.com

Reportasje i kondis

04.08.11

Aktivitetar komande helg

No har oppkøyringa framfor Birkebeinerrittet starta for alvor, og klubben har deltakarar i fleire ritt komande helg:

I det lokale Postvegrittet i Dale laurdag har klubben i skrivande stund 70 påmelde, av desse er 8 frå Eidsfossen Sykkel. Dette er einaste seedingsritt på Vestlandet mellom Bergen og Molde. Siste frist for påmelding er torsdag 4.august kl 23.00.

Grenserittet frå Strømstad til Halden går av stabelen same dag, og er Noregs nest største sykkelritt med 7000 deltakarar. Her deltek 4 stk frå klubben.

I Sykkelenern på Oppdal har vi to på startstrek.

Motbakkeløpet Buff Fanaråken Opp går også til helga, og her vil venteleg fleire frå klubben delta

Følg med på desse arrangemneta sine respektive heimesider for resultat.

 

 

31.07.11

Aktivitetar i helga og tidlegare i juli

 

Hardingrittet:

Per Erik Emhjellen deltok i Hardingrittet laurdag 30.juli, og var med på å vinne dette! Dette er eit nokså flatt turritt på landeveg på 77 km som går under morellfestivalen i Hardanger.

 

Rallarvegen

Eidsfossen Sykkel gjorde seg også bemerka på Rallarvegen i helga. I flotte drakter i strålande ver sykla ein heil gjeng frå Eidspossen og Hafrsjord over vakre Rallarvegen. Til tross for fleire velt med skrubbsår som resultat og ein knekt hengar kom alle seg velberga til Flåm.

 

 

 

 

 

Motbakkeløp:

Trollenykjen opp:

Kvar bygd har sitt motbakkeløp, og på Eid har dei Trollenykjen opp som vart avvikla 3.juli. 4 mann frå Eidsfossen Sykkel deltok i dette løpet på Eid.

Erlend Eide vart bestemann av desse og fekk tida 40.21, noko som gav han ein andreplass i klasse M20-22, berre slått av totalvinnar Joel Dyrhovden (35.10)

Øvrige deltakarar:

Trond Midtkandal 42.50

Henry Hammesland 45.27

Dag-Arne Eide 49.27

Alle fekk 2.plass i sine respektive klasser

Resultatliste

 

Mefjellet opp:

I Mefjellet opp på Sunnmøre 26.juli deltok Trond Midtkandal og fekk også der ein 2.plass i si klasse på ei sterk tid.

Resultatliste

 

Rimstigen opp:

Ein nytt motbakkeløp vart arrengert i verdsarområdet ved Nærøyfjorden laurdag 30.juli i samband med Geitosfestivalen,Rimstigen Opp. Her deltok Vidar Eide som fekk ein 5.plass i si klasse.

 

Fleire bilete her

Resultatliste ikkje å finne på nettet søndag kveld.

 

Eggenipa opp gjekk av stabelen søndag 31.juli, men ingen resultat å finne på arraqngøren si heimeside søndag kveld, men Omtale på NRK sine sider

 

25.07.11

Viking Tour

Mandag 25.juli var etapperittet Viking Tour innom Gloppen. Dagens etappe gjekk frå Balestrand til Sandane. Tysdag går rittet vidare til Geiranger (Dalsnibba). Meir info om rittet og resultat på www.vikingtour.no

 

24.07.11

Triatlon

Eidsfossen Sykkel gjorde også i år reint bord under triatlon-konkurransen i Hyen. Pga nordavind og høge bølgjer vart det ikkje symjing i år, men i staden ei 500 m løp etappe først. Derretter dei kjende løypende både med sykkel og løp. Det blei dobbeltsiger i klasse M35-44 ved Edvard Fjellestad og Jørn Lothe. Vidar Eide vann klasse M45-54. Team Rauset tok ein klar siger i stafettklassen. Litt dårlegare deltaking i år både totalt sett og frå Eidsfossen Sykkel.

Resultat med etappetider her: http://idrett.speaker.no/Downloads/25788/docs/Etappetider_Triatlon_2011.pdf

Omtale og etterkvart bilete på www.hyenil.no

 

19.07.11

Treningar

Eidsfossen Sykkel har også i år hatt eit tilbod til dei som ønskjer eit litt meir moderat tempo på sykkelturane enn det gjerne er på dei ordinære treningane. Mosjonsgruppa har oppmøte i Sandene sentrum på torsdagar kl 18.00. Svein Petter Tveit og Arlid Reppen har møtt opp som leiarar for desse treningane, men oppmøtet av andre har dessverre vore minimalt. Møt gjerne opp og bli med på sykkletur!

Barnetreningane har hatt sommarferie, men startar opp att torsdag 4.aug kl 17:30, oppmøte ved Best på Kleivedammen.

Damentreningane går sin gang, oppmøte på Kleivedammen kl 17:30 kvar mandag.

 

11.07.11

Motbakkeløp

Galdhøpiggen Opp

Trond Midtkandal vann laurdag si klasse i motbakkeløpet Galdhøpiggen Opp, og gjentok med det bedrifta frå 2009. Han fekk tida 1,16,55, noko som er om lag 8 minutt betre enn han hadde sist han deltok.

Vetenløpet

Henry Hammersland deltok laurdag på Vetenløpet i Bremanger og sikra seg ein flott 4.plass i si klasse på tida 35.44. Med det vart han nr 17 totalt av herrane.

 

09.07.11

Jotunheimen rundt

Eidsfossen Sykkel hadde to mann på startstreken, Svein Rune Aaland og Arne Myklebust,  i det som med rette vert kalla "Norges tøffaste sykkelritt". Og tøft blei det. Mykje regn frå start og meir undervegs også. I mørket med regn og låge temperaturar punkterte Arne på tur nedover frå Fillefjell. Han vart då hekta av og sykla mykje åleine derifrå vidare nedover dalen. Avtalen var at dei skulle vente på kvarandre på Fagernes. Når Arne kom var imidlertid Svein Rune så kald og frosen at han ikkje makta å sykle vidare og braut løpet der. Arne fortsette eit par hundre meter og snudde attende, men ombestemte seg og fortsette likevel. Alle gode felt og mindre grupper reiste forbi ved punkteringa, og han plukka sporadisk opp svakare rytterar undervegs, men sykla gjerne forbi dei og fortsette åleine. Han fullførte rittet på om lag 19,5 timar etter å ha sykla mykje på eigahand. Imponerande innsats av 56-åringen under svært tøffe tilhøve!

http://jotunheimenrundt.com/

 

06.07.11

Familien Nesgård på sommarturne

Med planlagd Norgescup i Svarstad med tre ritt i slutten av juni var det ei stor skufiing at desse vart avlyst pga for dårleg påmelding

Som ei erstatning deltok Arne på Okserittet 2.juli i Lyngdal. Her sikra han seg ein svært sterk 11.plass i okse-klassen i kunkurranse med eliterytterar. Resultat her.

 

Fleire frå klubben sykla Den store Styrkeprøven Trondheim-Oslo. Svein Rune Aaland sykla saman med Førde CK og kom inn på tida 18.33, og Jarle Gjengedal med sterk personleg bestenotering på 19.04. Det kan også nemnast at far og son Jon og Tor Åge Myklebust frå Breimsbygda sykla på 18.33.

 

Nettredaktøren har ikkje kjennskap til om fleire frå klubben deltok i Stryrkeprøven eller andre ritt dei siste helgane. Om så skulle vere tilfelle er det viktig å gje meldig slik at dette kan nemnast her og registrerast i statistikken.

 

Komande helg er det klart for Jotunheimen Rundt med start i Lærdal fredag kl 21. Fleire frå klubben (mellom anna Svein Rune Aaland og Arne Myklebust) har signalisert at dei vil delta der sjølv om vermeldingane ikkje er dei beste. Om fleire er interesserte ta kontakt med reiseleiar Svein Rune 90688668.

 

 

 

 

 

14.06.11

Stor aktivitet i pinsehelga

Dei siste dagane har det vore fleire ulike arrangement med deltakarar frå Eidsfossen Sykkel, klubben har vore representert i to motbakkeløp og to sykkelritt.

 

Aarseth-tråkket 11.juni

Dag-Arne Eide, Per Erik Eimhjellen og Andreas Rauset representerte klubben i dette gaterittet i Høyanger sentrum. Seniorane sykla 10 runder og juniorane 3 runder på 3,5 km.

6.plass til Per Erik, 11.plass til Dag-Arne og 2.plass til Andreas i eit ritt som hadde forholdsvis lita deltaking.

Resultat

 

Per Erik i farta under Aarseth-tråkket

 

Trappeløpet 11.juni

Erlend Eide blei nr to på Trappeløpet. Berre slegen av suverene Torbjørn Ludvigsen, fjorårets stoltzenvinnar, og vinnar av Ulriken Opp i år. Erlend gjekk med dette inn som nr 4 på Adelskalendaren i dette 18 år gamle motbakkeløpet. Beste tid oppnådd av nokon frå Sogn og Fjordane. Dagens vinnar sette rekord, fjorårets vinnar Mats Mjøs Andersen blei slegen av Erlend i år. Desse to, og Jon Tvedt har betre tider enn Erlend på Trappeløpet. Mestvinnande i Trappeløpet, Sindre Hoff, sette pers med 5 sek, men måtte likevel sjå seg slegen av eidsfossaren med 2 sek.

Andreas Rauset vann klasse 12-15 år, medan broder Eirik blei nummer 5 i same klasse.

Resultat

 

 

Nibberittet 12.juni

Eidsfossen Sykkel hadde 6 deltakarar i det etterkvart så tradisjonsrike Nibberittet frå Geiranger til toppen av Dalsnibba. Desse Fleire sterke tider og palsseringar i år også. Nytt av året var ei ungdomsklasse med ei kortare løype frå Djupvashytta til toppen av fjellet. Her deltok Mats Sollid Eide. Det er verd å merke seg sterk innsats av debutant Ingrid Fjellestad med 3.plass på tida 1,49,44.

 

Resultat:

M 30-39 (72 deltakarar):

20. Trond Hansen 1,34,12

 

M40-49 (116 delt.)

9. Kjetil Eide 1,19,40

15. Jørn Lothe 1,25,05

 

M50-59 (72 delt):

21. Arne Myklebust 1,35,19

 

K30-39 (10 delt):

3. Ingrid Fjellestad 1,49,44

 

Nibberittet 5 km (10 delt.)

4. Mats Sollid Eide 15,26

 

Fullstendig resultatliste

 

Svinestrandsløpet 12.juni

Fleire frå klubben deltok i det lokale Svinestrandsløpet, mellom anna fleire som hadde sykla på Dalsnibba dagen før. Best frå klubben blei Trond Midtkandal på tida 63.00. Vinnar Vart noregsmeister Øyvind Heiberg Sundby på 52,41. Resultat og bilde her

 

09.06.11

Betaling for buss til Bergen og frå Voss

Dei som var med minibussen til Bergen-Voss i år gjer venleg å betale kr 775,- til kontonummer 3705.07.87428 snarast råd. Han som var med kun eine vegen betalar halvparten.

 

08.06.11

Lagsmeisterskap motbakkeritt

I dag vart lagsmeisterskapet i motbakke avvikla. Start var ved havnivå i Ryssfjøra, og mål oppe på Dimma vel 500 moh. Heile 20 deltakarar stilde på startstrek, deriblant to damer. Gledeleg å sjå at også denne gongen var det med ein heilt ung utøvar, og også dei som er godt over 50.

Førstemann til å krysse målstreken var Ole Marius Gloppestad på tida 26.23. 26 sekund bak kom Arne Nesgård på andreplass, og tredjemann på pallen var Kjetil Eide på 27.00.

 

Mange harde duellar oppover bakkane: Johhny Hauge framfor Edvard Fjellestad, Jørn Lothe og Kjetil Eide. Sistnemnde var først av desse på toppen og sikra seg ein tredjepalss

 

Resultat:

Herrar:

1. Ole Marius Gloppestad 26.23

2. Arne Nesgård 26.49

3. Kjetil Eide 27.00

4. Stig Svalheim 27.12

5. Johnny Hauge 27.22

6. Jørn Lothe 28.00

7. Edvard Fjellestad 28.34

8. Henry Hammersland 28.56

9. Trond Hansen 29.14

10. Per Erik Eimhjellen 29.52

11. Trond Midtkandal 30.24

12. Arne Myklebust 30.58

13. Helge Roska 32.24

14. Mats Sollid Eide 32.39

15. Vidar Eide 33.38

16. Jon Husabø Hansen 33.48

17. Svein Rune Aaland 33.52

Øystein Kristiansen DNF

 

Damer:

1. Ingrid Fjellestad 36.24

2. Ragnhild Sollid 39.46

 

 

Fleire bilete

 

 

07.06.11

Komande konkurransar

Onsdag 8.juni er det lagsmeisterskap motbakkeritt. Fellesstart frå Ryssfjøra kl 17:30, mål øvst oppe på Dimma så langt bilvegen går. Damer og ungdom er også velkomne. Registrering før start.

 

Laurdag 11.juni er det duka for Aarseth-tråkket i Høyanger. Same dag er vert også Trappe-løpet arrangert i Høyanger.

Søndag 12.juni går Nibberittet av stabelen i Geiranger.

Det er ikkje for seint å melde seg på desse arrangementa.

 

04.06.11

Bergen-Voss 2011

Eidsfossen Sykkel hadde 16 mann på startstrek under årets Bergen-Voss. Fire av desse starta i rekordpuljer og alle desse oppnådde sterke tider. Flott innsats også av dei øvrige. Helge Roska er veteranen i klubben på dette rittet og deltok i år for 10.gong. Bestemann Ole Marius Gloppestad blei nummer 28 totalt av 4216 startande og nummer 12 av 1048 i si klasse. Ein svært sterk prestasjon!

I år var det noko meir ruskete forhold som gjorde at tidene for mange vart ein del dårlegare enn under fjorårets optimale tilhøve.

 

Resultat frå deltakarane frå Eidsfossen Sykkel:

434 Ole Marius Gloppestad Eidsfossen Sykkelklubb 4:17:39 162 km M30-39
496 Per Erik Eimhjellen Eidsfossen Sykkelklubb 4:25:44 162 km M30-39
590 Johnny Hauge Eidsfossen Sykkelklubb 4:35:33 162 km M20-29
591 Øystein Kristiansen Eidsfossen Sykkelklubb 4:35:33 162 km M30-39
709 Henry Hammersland Eidsfossen Sykkelklubb 4:42:37 162 km M40-49
885 Helge Roska Eidsfossen Sykkelklubb 4:45:24 162 km M40-49
711 Magne Moritsgård Eidsfossen Sykkelklubb 4:47:58 162 km M40-49
1184 Kjetil Eide Eidsfossen Sykkelklubb 4:56:15 162 km M40-49
1185 Vidar Eide Eidsfossen Sykkelklubb 4:58:41 162 km M40-49
1188 Svein Rune Aaland Eidsfossen Sykkelklubb 4:59:33 162 km M50-59
1171 Solhaug Kjell Petter Eidsfossen Sykkelklubb 5:00:31 162 km M40-49
1187 Arne Myklebust Eidsfossen Sykkelklubb 5:05:56 162 km M50-59
1294 Olav Gloppestad Eidsfossen Sykkelklubb 5:17:40 162 km M40-49
1293 Arild Bruland Eidsfossen Sykkelklubb 5:42:57 162 km M40-49
1186 Jarle Gjengedal Eidsfossen Sykkelklubb 5:59:44 162 km M40-49
401 Jostein Flølo Eidsfossen Sykkelklubb 7:12:32 162 km M50-59

 

Søkbare resultatlister

Bilete

 

Det kan også nemnast at i pulja som Magne og Henry starta i var det mykje Stygg køyring. Mellom anna small ein mann rett i ein mur og eit par mann hang over autovernet og heldt på å falle i sjøen.

 

 

03.06.11

Postvegrittet - Info frå Dale IL Sykkel

Dale IL sykkel arrangerer Postvegrittet i Dale 6.august 2011.

 

Dette er eit tur-terrengritt rundbane på totalt 46 km med start og mål i ved Fjalerhallen i Dale. Løypa har ca 620 høgdemeter, og fylgjer stort sett den Trondheimske postvegen på grus, sti og kjerreveg gjennom Fjaler, derav namnet.

 

Rittet vart arrangert fyrste gong som eit prøveritt i fjor, med gode tilbakemeldingar frå deltakarane. I år er vi godkjent som SEEDINGRITT BIRKEN, som einaste ritt mellom Bergen og Molde. Vi forventer syklistar frå heile Sogn og Fjordane samt Sunnmøre etter god omtale i siste Birkebeinermagasin, og har sett første påmeldingsfrist allereie no den 15.Juni. (det vil vere mogeleg å melde seg på fram til 4. August mot ei høgare avgift.)Vi har sett eit maks tak på antal deltakarar til 300 pers.

 

Vi ynskjer med denne info å sikre oss at klubbar i nærområdet får med sine Birken ryttarar i dette rittet før det eventuelt vert fullteikna.  

Viser ellers til vår heimeside www.postvegrittet.no for meir informasjon og påmelding.

Plakat Postvegrittet 2011

 

01.06.11

Bestilling av klede

Siste frist for bestilling av klede er mandag 6.juni

Aktuelle plagg å få kjøpt fins her

Av tilbehør kan vi skaffe skoovertrekk og hanskar i ulike storleikar.

Prisar for kort trøye og bukse ca kr 500 pr. plagg

Jakke haust/vinter og ny type Mission/Piccolo Thermo 1250kr. Desse er av ypperste kvalitet og kan brukast nermast året rundt.

Bestilling med storleik til vidar.eide@enivest.net

No vert det lenge til neste bestilling

 

27.05.11

Dametrening

Damegruppa er no høgst oppegåande! Sist mandag var det 9 damer på plass på Kleivedammen klar for treningstur. Det er å håpe at dette fortset vidare framover sesongen og at fleire etterkvart også vågar seg til å stille opp på ritt. Kanskje dameklassa får mange på startstrek under Eidsfossen Grand Prix i år?

Damene har treningar mandagar kl 17.30, oppmøte på Best med terrengyskkel.

9 damer på trening mandag 23.mai

 

 

 

 

 

27.05.11

Bestilling av klede

Minner om klesbestilling. Dei som vil bestille klede må gjere dette snarast ved å ta kontakt med vidar.eide@enivest.net Fellesbestillinga til leverandør går i løpet av komande veke.

 

23.05.11

Biletserie frå Jølser Rundt i Firda

 

22.05.11

Sterk siger og solid deltaking under Jølster Rundt i dag!

Per Erik Eimhjellen kan no saman med Mikael Johansen i alle fall eitt års tid kalle seg rekordhaldar i Jølster Rundt etter eit fantastisk ritt i dag. Dei to kom inn på den svært sterke tida 2.00.15. Mykje vind undervegs gjorde at dei beste ikkje klarte å knipe dei siste sekunda og kome under to timar. Flott insast også av Øystein Kristiansen og Ole Marius Gloppestad som var med heilt der framme! Klubben hadde 18 deltakarar på startstrek, og viste godt igjen undervegs i rittet. Les fleire rapportar av deltakarane på diskusjonsforumet

 

Per Erik Eimhjellen og Mikalel Johansen er dei to som innhehar den nye løperekorden Jølster Rundt på 2.00.15 (foto NRK Sogn og Fjordane)

 

Artikkel på nrk.no og fleire foto 

Resultat på www.fordeck.org

 

 

22.05.11

Ulriken Opp

Fleire frå klubben deltok laurdag på motbakkeløpet Ulriken Opp i Bergen. Erlend Eide gjorde sine saker framifrå og vart nummer 17 totalt av alle startande på den sterke tida 26.09. Det heldt til 5.plass i klasse menn 20-24 år. Med det var han også bestemann frå Sogn og Fjordane. Eivind Rauset blei nummer 10 i klasse Menn 40-45 år på tida 31.18. Eirik Rauset vann klasse gutar 12-13 år på 33.11 og strebror Andreas blei nummer 4 i klasse gutar 14-15 år på 30.13. Flott innsats av alle mann! Resultat her

 

For dei som gjerne vil delta på det lokale motbakkeløpet Svinestrandsløpet, så står det å lese på Fjellhug/Vereide sine heimesider at dette i år vert arrangert 2.pinsdag 13.juni.

 

20.05.11

Her er biletet frå Kleivedammen 12.mai. Det har vel ikkje vore samla så mange spreke syklistar i klubbdrakter på eitt foto tidlegare. Her var det vel berre damene som mangla. Oppmodinga går vidare til dei om å ta tilsvarande bilete ein mandag før trening (foto: Per Svein Reed).

 

19.05.11

Årets første lagsmeisterskap vart avvikla i dag under kjølege forhold med regn og vind. Likevel oppnådde mange av deltakarne sterke tider og personlege rekordar. Vinnar i år som i fjor blei Per Erik Eimhjellen på den sterke tida 39.07 som berre er 20 sekund bak løyperekorden til Trygve Henden Gaasø frå 2007. Ole Marius Gloppestad braut også 40-minuttsgrensa og fekk tida 39.46 på andreplass. Arne Nesgård viste at formen er inne igjen etter fjorårets skade og oppnådde personleg bestenotering på tredjeplass med tida 40.34. Han klatra dermed ein plass på lista i høve til fjoråret. Totalt var det 16 deltakarar med, kjekt å sjå at både unge og "gamle" stiller opp på klubbmeisterskap.

 

Resultatliste:

1. Per Erik Eimhjellen 39.07

2. Ole Marius Gloppestad 39.46

3. Arne Nesgård 40.34

4. Johnny Hauge 40.53

5. Øysten Kristiansen 41.27

6. Kristian Kahlbom 41.32

7. Henry Hammersland 41.54

8. Jørn Lothe 42.25

9. Øysten Vereide 43.41

10. Edvard Fjellestad 43.52

11.Benny Østerbye Hansen 43.57

12.Jon Husabø Hansen 47.35

13.Odd Bjarne Tveit 47.58

14.Andreas Rauset 49.18

15.Vidar Eide 49.49

16.Mats Sollid Eide 52.37

Sistemann på lista sykla litt feil ved vending og tapte litt tid på det.

 

To 14-åringar og ein 58-åring på startstrek i dag

 

Fleire bilete

 

 

17.05.11

Lagsmeisterskap temporitt

Årets første lagsmeisterskap går av stabelen som oppsett torsdag 19.mai kl 17.30. Løypa er som tidlegare år på 25,1 km med start og mål på Vassenden ved avkøyringa til Kandal. Startlista vert omtrent resultatlista frå i fjor snudd på hovudet med eventuelle sterke nykomarar innimellom. Første start Svein Petter Tveit evt. Vidar Eide kl 17.30, vidare med to minuttar mollomrom til Per Erik Eimhjellen startar som sistemann.

 

Sterk innsats på 6-vatn runden på Voss

3 mann var avgarde og deltok på 6-vatn runden på Voss 15.mai. Ole Marius Gloppestad hevda vafr med teten inn og blei best på tida 2,09, vidare Per Erik Eimhjellen 2,13 og Øystein Kristiansen 2,21. Svært sterke resultat! 

Resultat her: http://www.voss-sk.no/p/6-vatn-10.html

Race-report: http://www.sykkeltrening.no/forum/showthread.php?t=579&page=3

 

Tour of Norway for kids

Tour of Norway for kids går av stabelen 25. mai kl 18.00 i Stryn. Gratis påmelding. Ved påmelding innan 23. mai på internetter ein med i trekning om flotte premiar. I fjor over 200 ungar og høg stemning ifølge arr. Tilsvarande arrangement vert avvikla i Førde 26.mai og sogndal 27.mai.

www.tourkids.no

 

12.05.11

Bilete frå Norgescup

Margot Nesgård tok mang flotte bilete av dei aktive under Norgescup-ritta sist helg. Bileta finn du her

 

10.05.11

Bestilling av klede

Det vert no vurdert om ein skal bestille inn klede igjen, både trøyer/jakker og bukser.

Dei som gjerne vil kjøpe må gje melding om kva type plagg som er ønskjeleg og storleik til vidar.eide@enivest.net Vi har ikkje prisar klare, men det ser ut til at dei er ein del høgre no enn ved tidlegare bestillingar. Det vert i den samnheng også vurdert om klubben kan gje litt rabatt, dvs medlemane får kjøpt kleda litt bellegare enn innkjøpspris. Tidlegare har vi selt barnetrøyer for redusert pris (kr 300), og det vil vi gjere vidare framover også.

 

08.05.11

Ny siger til Arne i Norgescup!

Arne vann også i dag i Norgescupen, denne gongen var det rundbane fellesstart. Even på 11 år fekk ein flott 7.plass i klasse 11-12 år, dei fleste framfor han på lista var store gutar som mest truleg var 12-åringar. Mathias (7) og Gunhild (9) var med også denne dagen og fekk prøvd seg på skikkeleg terrengsykling

Resultat her.

 

 

07.05.11

Familien Nesgård på Norgescup i Rogaland

I dag var det temporitt i terreng, og far sjølv Arne gjekk heilt til topps i klasse M30-39! Gratulera med fantastisk flott innsats!

Even låg godt an undervegs, men var uheldig og sykla feil. Dette førte naturleg nok til at han brukte ein god del lengre tid enn han elles ville gjort. Flott innsats også av Mathias og Gunhild!

Resultat her

Biletserie

Even

 

Søndag er det rundbaneritt i terreng, fellesstart, og Arne m/barn deltek også der. Følg med på Hafrsfjord Sykkelklubb og Sola Sykkelklubb

 

05.05.11

Medlemskort

Det ver i år ikkje utdelt medlemskort til betalande medlemar slik som tidlegare år. Einaste funksjonen til dette kortet har vore å vise det fram hos OK Henden for å få rabatt ved kjøp av sykkelutstyr. Heretter er det nok å seie at ein er medlem, og butikken har ei medlemsliste liggjande som dei kan sjekk opp imot om dei vil. Minner om at medlemar av Eidsfossen Sykkel har 15% rabatt på sykkelutstyr. Det er også gode rabattar å oppnå på kjøp av syklar, så det lønar seg å nytte seg av den lokale G-sportbutikken.

 

04.05.11

Gloppetrimmen

Gloppetrimmen er igang igjen, og fleire flå klubben nyttar høvet til å få seg ein trimtur onsdagskveldane. Det er ei forholdsvis flat rundløype på 4 km, og ein konkurrerar med seg sjølv frå gong til gong. Nytt av året er at det ein gong i månaden vert ei 5 km løype. Start utan tidtaking vert heretter frå kl 19 og med tidtaking kl 19.30. Oppmøte ved Mardal skule kvar onsdag. Det er god plass til fleire i feltet, både med og utan tidtaking

 

Åsne Viken Gautefall er ivrig deltakar i gloppetrimmen

 

02.05.11

Godt oppmøte på første dametrening!

 

 

01.05.11

Knallsuksess på Breimstafetten!

 

Eidsfossen Sykkel stilde med tre lag på Breimstafetten og tok heim sigeren både i veteran og superveteranklassa! Dette er første gong vi har gått heilt til topps. Også i år var det spaning og kniving mellom dei to laga heile vegen, og i år som i fjor var det Trond Hansen som avgjorde på 5.etappe til fordel for veteranlaget. Superveteranlaget hadde leigt inn Kolseth og stod som Eidsfossen Sykkel/GFIL i programmet. Vi hadde også eit lag i opa klasse som kom på 6.plass.

Resultat Breimstafetten 2011

Bilete Breimstafetten 2011. Fotograf Oda Eide

Men desse karane ligg ikkje på latsida. Like etter Breimstafetten var avslutta stilde mange av dei på sykkeltrening. Ny rekord i dag med 18 oppmøtte!

 

 

30.04.11

Årets første barnetreing avvikla i dag, sjå under barn i menyen på venstre side.

 

29.04.11

Innbydingar til ulike arrangement

Nerk Challenge i Sogndal 14.mai er eit multisportarrangement det er vel verd å sjå nærare på, sjekk videoen på www.nerkchallenge.no

innbyding her

 

I juli går NM for veteranar av stabelen i Halden, info her

 

28.04.11

Medlemskontigent

Det strøymar på med betalande medlemar også i 2011, til no ca 80 stk med stort og smått. I 2010 hadde vi 128 medlemar. Til dei som enno ikkje har fått betalt er dette sjølvsagt framleis mogeleg.

Kontigenten er uendra frå tidlegare år:

  • Familiepris kr. 300.
    Famile inneber inntil 2 vaksne med ubegrensa antal barn tom. det året dei fyller 18
  • Enkeltmedlem vaksen kr. 200
  • Enkeltmedlem barn/ungdom kr. 100 (tom. det året dei fyller 18)
  • Støttemedlem kr. 100

Til kontonr. 3705.07.87428

 

 

27.04.11

Meir sykkeltrening startar opp

 

Sykkeltrening for barn

Barnetreningane startar opp førstkomande laurdag kl 16.00. Oppmøte på Nordfjord Folkehøgskule. Ein vil freiste å få til nokre treningar framover, og eit par uhøgtidelege ritt etter mønster frå i fjor, før sommarferien. Treningane ser pr. idag ut til å bli på laurdagar (av og til på torsdagar), og det vil vere fokus på leik og moro i terrenget. Treningane vil høve best for born frå 9 år og oppover, men yngre kan også vere med. Oppmøtestad vil variere mellom Vereide og Kleivedammen. Meir informasjon om dette kjem seinare. Følg med på nettsidene.

 

Sykkeltreningane for damer

Dametreningane startar opp mandag 2.mai. Dei vil vere fast mandagar kl 17.30, oppmøtestad vil vere Kleivedammen. Meir informasjon på diskusjonsforumet

 

Mosjonsgruppe

Det vil også i år bli ei mosjonsgruppe. Ein freistar å få til dette på torsdagar kl 18, oppmøte i Sandane sentrum (utanfor G-sport).

 

25.04.11

Ulstein-Nordea rittet

Konkurransesesomgen er igang, og Eidsfossen Sykkel var representerte med 4 deltakrar i Ulstein-Nordea rittet i dag. To av våre hang med tetgruppa nesten til mål då det gjekk eit tydelegvis avtalt brot i ein s-sving med ein liten bakke. 4 mann frå Nesset og Ulstein stakk og klubbkameratane deira var naturleg nok lite interesserte å køyre dei inn. Dette blei då for tøft for våre to og nokre få til. Øystein Kristiansen vart tredjemann i denne gruppa og dermed nr 7 totalt i mål. Med det blei han bestmann frå klubben. Ole Marius Gloppestad kom like bak. Desse tok dei to første plassane i klasse M30-39! Benny Østerbye Hansen kom noko lengre bak i mål. Ragnhild Gundersen var uhledig og punkterte tidleg. Litt etter dette gjorde ikkje løypevakta jobben sin, og ho sykla feil og 8 km for langt. Likevel vart ho vinnar av klasse K30-39! Gratulerar med ein sterk  sesongstart av alle fire som deltok! 

Rsultat på www.ulsteinsykkel.no

 

 20.04.11

Jølster Rundt

Førde CK inviterer til Jølster rundt 22.mai. Innbyding og informasjon finn du på www.fordeck.org Det vert opna for påmelding der i løpet av påska.

 

11.04.11

Lagsmeisterskap motbakke

Motbakkerittet er i år terminfesta til 8.juni. Det var semje om å endre trase frå år til år, vi har nok å ta av heromkring. Eitt av forslaga som var kome inn var Evebøfossen-Søreidsstøylen, og dette vart vedteke for 2011. Det er berre å starte treninga eterkvart som snøen forsvinn frå bakkane oppover mot Jardalen.

 

Her er utskriftsvenleg versjon i excel av turlista 2011. Den ligg også i venstremynen under treningsturar.

Elles er terminliste for ritt å finne her

 

02.04.11

Fellestreningar 2011

Fellestrningane startar opp søndag 3.april kl 17:30, oppmøte på Best på Kleivedammen med terrengsykkel. Opplegget vert som tidlegare år. Turliste er lagt ut i venstrmenyen.

 

Lagsmeisterskap:

Lagsmeisterskapa vert inneverande år etter møsnster frå i fjor. Reglande for samanlagtutrekning er imidlertid litt endra. Det er dei same 6 konkurransane som i 2011 inkludert oppmøte, men det vert i år berre 4 som tel i samandraget. Det vert med andre ord anledning til å stryke to. Det vert ført statistikk på oppmøte, og ein er avhengig av at ein eller annan skriv rapport frå treninga på diskusjonsforumet og nemner dei som har vore med. Det er kun torsdags- og søndagstreningar oppsett på sykkel, og som er sett opp i planen, som tel med. Konkurranse som inneber bruk av sykkel dagen før eller dagen etter ei planlagd trening er også teljande.

 

Konkurransane er:

  • Torsdag 19.mai kl 17:30 Temporitt
  • Onsdag 8.juni kl 17:30 Motbakkeritt (terrengsykkel)
  • Søndag 14.august  Eidsfossen Grand Prix
  • Laurdag 27.august Birkebeinerrittet
  • Torsdag 1.september Fellesstart, landeveg 
  • Antal oppmøte på treningar

 

Lågast samla plassiffer er Lagsmeister

 

 

29.03.11

Ulstein-Nordea Rittet

Hei alle sykkelklubbar i nabofylket Sogn og Fjordane!
Då er sykkelsesongen like om hjørnet, og vi ynskjer dokke alle velkommen til Ulsteinvik 2. påskedag på sesongopninga av ritt 2011.
Håper de kan sende invitasjonen vidare til alle medlemmane dykkar, så sjåast vi i sporten gode ånd.
Med vennleg helsing
Aud Janne Hatlebakk
leiar i Ulstein og Omegn sykkelklubb
99737039
Heimesida vår: www.ulsteinsykkel.no

 

20.03.11

Birkebinerrennet

6 stk frå klubben var avgarde og gjekk Birkebeinrrennet på ski og kom att med 4 merke. Flotte forhold over fjellet, men noko trått føre og motvind. Deltakarar med oppnådde tider:

Jørn Lothe 3.48.30

Svein Rune Aaland 3.55.35

Helge Roska 3.59.27

Trond Hansen 4.35.44

May Kristin Sæther 4.39.26

Vidar Eide 4.40.15

 

16.03.11

Diskusjon i etterkant av Årsmøtet

Etter at det formelle Årsmøtet var over blei det opna for ein diskusjon om laust og fast omkring sykkelkubben og komande sesong. Her er nokre stikkord:

  • Rekruttering av damer er viktig!
  • Opprette kontakt med dei andre sykkel miljøa i kommunen (Hyen og Breim) og andre klubbar i fylket, og invitere desse til klubbritta.
  • Kva med stafett på sykkel?
  • Fellestreningane for vaksne startar ca 1.april. Vil bli etter mønster frå tidlegare år; terrengsykkel søndagar, racer torsdagar og på langturar laurdag morgon første del av sesongen. Større fokus på trafikktryggleik, mellom anna dele i grupper ved sykling på vegar der det er vanskeleg å køyre forbi. Ein må kome seg ut av vegen ved pausar/stopp/punkteringar. Lys framme og bak er påbode der ein skal sykle gjennom tunellar.
  • Jølster Rundt går 22.mai. fleire er i år interesserte å stille i rekordpulja. Resterande stiller i eiga lagpulje om ein blir mange nok, eller i tidspuljer.
  • Bergen-Voss har 17 påmelde frå klubben. Det er å føretrekkje å leige buss som i fjor. Andre Nordfjordingar kan inviterast til å vere med. Ansvar bussbestilling og overnatting: Helge Roska
  • Ritt å anblefale: Ulteinrittet 25.april (2.påskedag), 6-vant runden Voss, 15.mai, Jotunheimen rundt, Postvegrittet Dale 6.august - her bør klubben stille ei fyldig tropp, lokalt fint terrengritt med kort reiseveg og seedingsritt til Birken.
  • Drakter: Har ein del trøyer på lager, Aktuelt å kjøpe bukser i 2011.
  • Ønskje om å få til ei rundløype på sti, Vereide kan vere aktuelt.
  • Downhill: Ønskje om at Utfor-gutta viser oss litt Downhill og teknikk ein treningsdag.
  • Samarbeid med Gloppetrimmen? Aktuelt å leggje inn sykling som ein alternativ aktivitet der?

 

14.03.11

Årmøte

Årsmøtet vart avvikla etter planen på Gloppebua 13.mars. For første gong i klubben si historie vart det endring i styret. Ny dame i styret for klubben er Ragnhild Gundersen som kjem inn for Else Pernille Eide. Leiar Vidar Eide og styremedlem Helge Roska tok attval for høvesvis eitt og to år. Nestleiar/kasserar Kjetil Eide og sekretær Dag-Arne Eide stod ikkje på val. Vara til styret er Kjersti Rønningen.

Medlemskontigenten vart vedteke uendra for 2011, kontigenten er som følgjer:

 

  • Familiepris kr. 300.
    Famile inneber inntil 2 vaksne med ubegrensa antal barn tom. det året dei fyller 18
  • Enkeltmedlem vaksen kr. 200
  • Enkeltmedlem barn/ungdom kr. 100 (tom. det året dei fyller 18)
  • Støttemedlem kr. 100

 

Styret oppmodar medlemane om å betale inn kontigenten for 2011 til kontonummer 3705.07.87428. Merk betalinga med medlemskap og namn

 

22.02.11

Seedingsritt i Sogn og Fjordane

Postvegrittet i Dale er no godkjent som seedingsritt til Birkebeinerrittet. For dei som treng seeding for å få seg ein god startposisjon i Birkebeinerrittet er Postvegrittet 6.august å anbefale. Rittet er elles også eit flott ritt på mange måtar i det delar av traseen går på den gamle postvegen.

http://www.daleil.no/

 

 

20.02.11

Klubbinnkjøp

Klubben har no bestilt tre stk racersyklar av merket Diamant, veil. pris ca 10.000 kr. Vi har fått eit godt tilbod frå vår sponsor Olav K. Henden AS, og slått til på dette. Syklane er forlodsvis små og i to ulike storleikar. Dei er tenkt for utlån til interesserte klubbmedlemar frå ca 12 år og oppover. Dei vert leverte med justerbart styrestem og SPD-kombipedalar. Levering vert i april/etter påske. Korleis utlånet skal fungere i praksis og regelverk for dette er ikkje fastlagt enno, men vil vere på plass før sesongstart. Bakgrunnen for dette kjøpet er sjølvsagt ei von om å rekruttere yngre sykkelryttarar også til landeveg.

 

04.02.11

Innkalling til Årsmøte

 

Gloppebua søndag 13.mars 2011 kl 18.00

 

Sakliste

1.   Godkjenning av innkalling og sakliste

2.   Val av møteleiar, sekretær og to til å skrive under møteboka

3.   Innkomne saker til styret

4.   Godkjenning av årsmelding

5.   Godkjenning av rekneskap

6.   Godkjenning av kontingent for 2011

7.   Val

Årsmøtet er slutt

  

Matøkt

 

I etterkant av årsmøtet;

Preimeutdeling lagsmeisterskap

  

Ordet fritt:

Drøfting av opplegg for fellestreningar, klubbmeisterskap, konkurransar m.m

 

Saker til Årsmøtet må vere styret i hende seinast 1.mars 2010. Desse kan sendast tilvidar.eide@enivest.net

 

Årsmelding 2010

 

03.02.11

Grenserittet og Postvegrittet 6.august

Påmelding til Grenserittet opna 1.februar og allereie etter to dagar er det over 4000 påmelde. 3 av desse kjem frå Eidsfossen Sykkel. Det vil dermed gå ein bil frå Sandane til dette rittet, og der vil det nok vere plass til fleire. www.grenserittet.no

Same dag går Postvegrittet av stabelen i Dale. Dei har no søkt om seedingstatus til Birkebeinerrittet. Om det skulle gå iorden vil dette rittet kunne få ein oppsving i deltakarantal. Her hastar det ikkje med å melde seg på.

Bilete frå fjorårets Postvegritt her

Begge desse ritta kan anbefalast av dei som har delteke tidlegare.

 

01.02.11

Hyen på sykkelkartet

Som mange sikkert kjenner til er det eit sykkelmiljø både i Hyen og på Breim. Hyarane har no fått seg stilige drakter og er klare for eit nytt år med sykling både inne og ute.

Draktene kan de sjå her. Aktivitetar for første år med sykkelgruppe i Hyen IL kan lesast her.

 

26.01.11

Heilårslisens 2011

Det er no opna for registrering av heilårslisensar. Dei som ønskjer dette må gje melding til vidar.eide@enivest.net og oppgje kva type lisens du vil ha. Kvar og ein vil då motta faktura, og etter at denne er betalt vil lisensen kunne skrivast ut. Dei som ikkje har hatt heilårslisens tidlegare må oppgje fødselsdato. Forsikring frå fjorårets lisens gjeld ut februar

Prisar og typar lisensar

Meir informasjon om kva lisensane inneber

 

03.01.11

Spinning

Eidsfossen Sykkel har i 2011 fått tilsvarande tilbod frå STIL som i fjor på desse tider. Vi får reservert spinningsyklane i STIL-stova ein eigen kveld for sykkelklubben, og våre framifrå instrulktørar har sagt seg villige til å stille opp!

Desse treningane blir som i fjor søndags kveldane. Første trening er søndag 9.januar kl 17.30. Tidspunktet kan endrast etterkvart om det skulle høve betre til anna klokkeslett.

Men der er verd å merke seg at dette tilbodet avheng av at folk møter opp. Ved dårleg frammøte vil desse spinningtimane bli innstilte.

 

 

 

Samstundes vil leiaren i klubben med dette nytte høvet til å ønskje alle medlemar og syklistar eit riktig Godt og framgangsrikt Nytt År! Måtte dei sporslege prestasjonane og gleda ved å sykle og å vere ute i naturen verte like stor som i 2010!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

19.12.10

Julebord

 

Julebordet blei avvikla i flott atmosfære på fredag. Verstkapet serverte tradisjonell vestlandsk julemat, og fleire av deltakarane som nett hadde smaka tilsvarande mat på det lokae prisbelønte hotellet meinte at det som blei servert på vårt julebord var vel so godt! Dette var vel verd alt slitet i Austrheimsbakken i haust og i mange kuldegrader dei siste vekene.

11 av 12 kvalifiserte møtte. Mykje godt sykkel- og skiprat utover kvelden utan at dei altfor viktige avgjerdslene blei fatta, men taktikken for neste års Jølser rundt er i ferd med å bli forma. Fleire bilete sist i dette albumet: http://picasaweb.google.com/EisfossenSykkel/EidsfossenSykkel2010#

 

 

13.12.10

Invitasjon til julebord!

Tid: Fredag 17.desember kl 20.00

Stad: Lyngvegen 39

Kven kan delta: Dei som har delteke på minimum 11 intervalltreningar i Austrheimsbakken fordelt på like mange veker

Inngangspengar: kr 100 kontant ved inngang

 

 

12.12.10

Valdresrittet 2011

23. juli arrangeres Valdresrittet 2011, landets kanskje vakreste terrengsykkelritt, på Vaset i Valdres. Rittet er 54 km langt oggår i et variert terreng med både sugende motbakker, artige stipartier og raske grusveier omkranset av vakre fjell, innsjøer, elver, levende støler og godt bevarte kulturlandskap.

Et gavekort for deltagelse i Valdresrittet er en gave som viser at du bryr deg om den du gir det til. Du ønsker selvsagt at de du er glade i har god helse og samtidig får opplevelser for livet, derfor er dette den riktige jule-/juligaven i år.

Valdresrittet har klasser for alle fra 2 til 104 år. Egne klasser for både elite og pondusryttere med minimum 25.6 i BMI.

Send en e-post til post@valdresrittet.no, eller ring Thorgeir på 9093 7344, for å bestille årets beste julegave.

 

 

10.12.10

Frå fjord til fjell 2011

Søndag 12.juni brakar det på nytt laust i Geiranger når hundrevis av løparar, syklistar og marsjarar jagar i veg oppover mot Dalsnibba!

Vi måtte legge arrangementet til søndag pga. anløp av eit stort cruiseskip på laurdagen. Pinsehelga er vanlegvis ei travel helg i Geiranger, bestill derfor overnatting i god tid.

I 2011 kan også borna sykle til topps på Dalsnibba ved å delta i det nyoppretta Nibberittet5 med start på Djupvasshytta. Løypa er 5 km og har ca 450 m stigning. Rittet er ope for alle, men er spesielt retta mot born. Dei som fyller 14 eller 15 år i 2011 kan delta i ei eiga konkurranseklasse.

Opprettinga av Nibberittet5 gjer at vi har innført meir oversiktlige namn på dei øvrige arrangementa. Du finn ei oversikt her; http://www.frafjordtilfjell.com/hoved.php?val=0

Kun namna er endra, arrangementa forøvrig er slik vi kjenner dei.

Vi arrangerer også guida skitur til Blåtind både den 11. og den 13.juni. Blåtind er ein av nabotoppane til Dalsnibba og ligg på grensa til Sogn og Fjordane. I juni kan ein vanlegvis spenne på seg skia i vegkanten ved Djupvasshytta og det tek i underkant av tre timar opp til toppen på 1650 meter over havet. Å stå på ski om sommaren er ei spesiell oppleving! Påmelding til denne turen gjerast saman med vanleg påmelding. Les meir her; http://www.frafjordtilfjell.com/hoved.php?val=16&sprak=nor

Vi tilbyr også interessante foredrag på laurdag kveld og lovar fest etter arrangementet på søndag. Så om du ikkje har meldt deg på enno, gjer det på www.frafjordtilfjell.com!

Velkomen til Geiranger 11.-13.juni!

 

 

30.11.10

Ungdomsbirken

To tøffe gutar er no påmelde til Ungdomsbirken Sykkel. Måtte fleire følgje etter!

Klasse: , ()  
0 Rauset, Eirik Eidsfossen Sykkel 0 0 0
Klasse: UM14, (Gutter 14)  
0 Rauset, Andreas Eidsfossen Sykkel 0 0 0

 

Desse to er også påmelde på Ungsomsbirken Ski og satsar nok på trippelen i 2011.

 

25.11.10

Påmelding Birkebeinerarrangementa

Eidsfossen Sykkel har pr. i dag 28 påmelde til Birkebeinerrittet 2011. Alt tyder dermed på at vi ser ut til å få eit like høgt deltakarantal og like mange spennande interne duellar som i år. Lista nedanfor viser kven som er påmelde.

 

I 2010 hadde vi 26 deltakarar og 3 på Fredagsbirken. Frå neste års liste er John Gauge og Edvin Hugvik høgst usikre kort, her vil mest truleg Johnny Hauge og Otto Ose steppe inn som solide erstattarar. Allan Mardal og Rune Hjelle er også usikre karar som ikkje har vore med på nokre år.  Det er å håpe at desse gjer comeback i 2011. Johan Winkelhorst er tvilar som vurderar eit mountain-bike ritt i Belgia i staden for Birkebeinerrittet. Av deltaktakarar frå fjoråret som manglar førebels finn vi Unni Heggdal, Ingrid Fjellestad, Sverre Aske Nesdal og Svein Petter Tveit. Det er å håpe at desse likevel blir med. Elles har vi også sett at Stig Svalheim har vist styrke i Autrheimsbakken i haust og vil utan tvil bli ein sterk mann i Birken om han stiller.

 

Om ein skal samanlikne seg med andre sykkelklubbar i fylket ser ein fort at vi er desidert størst på dette rittet. Førde CK har 3 påmelde, Sogn CK 10, Flora 7 pluss 3 i ungdomsbirken, Stryn 4. Dale er nest største klubb frå Sogn og Fjordane med 11 påmelde. Desse tala er nok likevel noko misvisande i det ein del sikkert syklar for bedrifter eller sponsorar.

 

Styret i klubben oppmodar også dei som har ungar mellom 12 og 16 år som likar å sykle å få desse til å delta på Ungdomsbirken. Dette er eit utfordrande og kjekt ritt i stiane mellom Stampesletta og Maihaugen, like ved innkomsten til Birkebeinerrittet. For dei som er yngre er det kjekt å delta på Barnas Birkebeinerritt i same området.

 

Påmelde til Birkebeinerrittet 2011:

Klasse: K40, (Kvinner 40 - 44 år)  
0 Sollid, Ragnhild Eidsfossen Sykkel 0 3 4
Klasse: K45, (Kvinner 45 - 49 år)  
0 Larsen, Else Margrethe Eidsfossen Sykkel 0 1 4
Klasse: M20, (Menn 20 - 24 år)  
0 Eide, Erlend Eidsfossen Sykkel 0 1 1
0 Gilleshammer, Bjørnar Eidsfossen Sykkel 0 1 1
Klasse: M30, (Menn 30 - 34 år)  
0 Gloppestad, Ole Marius Eidsfossen Sykkel 0 0 2
0 Hugvik, Edvin Eidsfossen Sykkel 0 0 0
0 Kristiansen, Øystein Eidsfossen Sykkel 0 0 1
Klasse: M35, (Menn 35 - 39 år)  
0 Eimhjellen, Per Erik Eidsfossen Sykkel 0 2 3
0 Fjellestad, Edvard Eidsfossen Sykkel 0 4 4
0 Hansen, Trond Eidsfossen Sykkel 0 2 3
0 Nesgård, Arne Eidsfossen Sykkel 0 6 6
0 Tveit, Odd Bjarne Eidsfossen Sykkel 0 0 2
Klasse: M40, (Menn 40 - 44 år)  
0 Lothe, Jørn Eidsfossen Sykkel 0 3 4
0 Winkelhorst, Johan Bernard Willem Eidsfossen Sykkel 0 0 2
Klasse: M45, (Menn 45 - 49 år)  
0 Eide, Kjetil Eidsfossen Sykkel 0 10 11
0 Eide, Vidar Eidsfossen Sykkel 0 8 15
0 Hammersland, Henry Eidsfossen Sykkel 0 6 8
0 Henden, Olav Eidsfossen Sykkel 0 3 8
0 Hjelle, Rune Eidsfossen Sykkel 0 0 9
0 Mardal, Allan Rune Eidsfossen Sykkel 0 0 6
0 Moritsgård, Magne Eidsfossen Sykkel 0 2 3
0 Roska, Helge Eidsfossen Sykkel 0 5 5
Klasse: M50, (Menn 50 - 54 år)  
0 Eide, Dag-Arne Eidsfossen Sykkel 0 10 10
0 Sundal, Øystein Eidsfossen Sykkel 0 1 3
0 Aaland, Svein Rune Eidsfossen Sykkel 0 5 6
Klasse: M55, (Menn 55 - 59 år)  
0 Flølo, Jostein Eidsfossen Sykkel 0 0 3
0 Myklebust, Arne Eidsfossen Sykkel 0 3 5
Klasse: M85, (Menn 85 år og eldre)  
0 Gauge, John Eidsfossen Sykkel 0 0 0

 

Vi har også nokre påmelde til skirennet:

Klasse: M20, (Menn 20 - 24 år)  
0 Gilleshammer, Bjørnar Eidsfossen sykkel 0 0
Klasse: M35, (Menn 35 - 39 år)  
0 Hansen, Trond Eidsfossen sykkel 0 3
Klasse: M40, (Menn 40 - 44 år)  
0 Lothe, Jørn Eidsfossen sykkel 4 9
Klasse: M50, (Menn 50 - 54 år)  
0 Aaland, Svein Rune Eidsfossen sykkel 0 7

 

I tillegg kjem Edvard Fjellestad og Helge Roska som går rennet for Fjellhug/Vereide.

 

19.11.10

Trenarkurs

Eidsfossen Sykkel har denne helga ein representant avgarde på trenarkurs i det Arne Nesgård deltek på Trenar 1 kurs i Førde. Les meir om kurset her: http://www.sykling.no/utdanning/trenerkurs/Documents/Førde%20Invitasjon%20Trener%201%2020-21%20nov%202010.pdf

 

06.11.10

Birkebeinerrittet

Som kjent har påmeldinga til Birkebeinrerittet 2011 opna for enkelte grupper. Eidsfossen Sykkel har 16 påmlede. Johnny Hauge har framleis anledning pga "lettare" tilkomst for dei yngste klassene, men det er også begrensa antal plassar der. Alle øvrige MÅ vere klar med datamaskina litt før klokka 09.00 torsdag 11.november.

 

 

23.10.10

Klubbkveld

 

 

Klubbkvelden blei avvikla i flott atmosfære på SFE fredag kveld. Hovudinnhaldet var spektakulære filmar frå Jølster rundt og fellesstarten, skarpe bilde med flott kvalitet. Her har Øysten gjort ein framifrå jobb, og forventningane til neste år er på dette området store!

Vidare var det også nokre diskusjonar omkring rittsatsing til neste år, trafikktryggleik under trening og andre viktige saker. God pizza og elles ein fin kveld for dei 13 oppmøtte.

 

18.10.10

Klubbkveld

Minner om at det er klubbkveld førstkomande fredag på SFE kl 20.00. Det er påmelding til denne kvelden til per.erik.eimhjellen@sfe.no

 

 

15.10.10

Påmelding Brikebeinerarrangement 2011

Påmeldinga er no like om hjørnet og skal gjerast på www.birkebeiner.no frå 21.oktober for dei som har anlending til å vere først ute.

Det er viktig at alle melder seg på straks det er anledning, som kjent blir det fort fullt på rittet. Alle i klubben er herved også oppmoda om å finne nye som kan melde seg på og rettleie desse korleis det praktiske omkring påmelding føregår. 

Detaljert informasjon her: http://www.birkebeiner.no/Pamelding-2011/

 

29.09.10

Sykkelkolleksjon

Det er ulike typar klær på lager å få kjøpt. Mellom anna er det utmerka skoovertrekk til 277 kroner som passar fint desse kjølege haustdagane. Om nokre har starta å tenkje på julehandelen er det også både små og store sommarhanskar å få kjøpt for kr 167. Ta kontakt med kjetil.eide@enivest.net

 

 

 

26.09.10

Femsjøen Rundt

Ole Geir Flølo deltok på sykkelrittet Femsjøen Rundt MTB ved Halden laurdag. Han fullførte det 49 km lange terrengrittet på tida 2.14.00 og blei med det nummer 8 i klasse M45-49. Meir info og link til resultat på Halden CK sine sider.

 

 

 

25.09.10

Kanonløp av Erlend i Stolzen!

Erlend Eide slo til i dag og plasserte seg mellom dei aller fremste i motbakkeløpet Stolzekleiven Opp. Han slo mellom anna skistjerner som Odd-Bjørn Hjelmeset, Kristen Skjeldal, fjorårsvinnar Joel Dyrhovden og verdsmeister i orientering Olav Lundanes.

Han fekk tida 9.09 og kom med det på 6.plass i klasse M18-34 år og 7.plass totalt mellom av 4065 startande! Han sette med dette Eidsfossen Sykkel verkeleg på kartet også i motbakkeløp!

 

Andre deltakarar frå Eidsfossen Sykkel:

Trond Midtkandal 11.06, nr 11 i klasse M40-44 som hadde 394 deltakarar

Helge Roska 11.55, nr 7 i klasse 90+ (100 delt.)

Dag-Arne Eide 12.50 nr 37 i M50-54 (234 delt.)

 

 

Elles også sterk innsats av Andreas Rauset STIL som fekk tida 11.12 og kom på 7.plass i klasse gutar 12-14 år (128 delt.)

 

Info og resultat: http://www.stoltzen.no/

 

 

 

 

19.09.10

Birkebeinerløpet

Fleire klubbmedlemar var avgarde og sprang Birkebeinerløpet i helga. For nokre var dette også siste del i Birkebeinertreippelen. Klubben fekk også i år ein Superbirkebeiner. Helge Roska klarte å oppnå denne høgthengande tittelen for tredje gong. I og med at dette ikkje er eit sykkleritt, og fleire av deltakarane er meir friidrettsutøvarar enn syklistar, representerte medlemane frå Eidsfossen Sykkel naturleg nok ulike andre lokale lag. Her er resultata:

 

Eivind Rauset 1,35,58

Helge Roska 1,37,43

Vidar Eide 1,45,44

Jon Husabø Hansen 1,54,27

Else Margrethe Larsen 2,16,39

 

Ungdomsbirken:

Andreas Rauset 20,45

Oda Eide 30,14

 

Deltakarar i Barnas Birkebeinerløp: Eirik, Simen og Mathias Rauset.

 

 

 

 

Resultat for andre Glopparar i Birkebeinerløpet:

Vidar Nyhammer 1,33,02

Eirik Hellerud 1,36,09

Rolf Tennebø 1,52,31

Jan Steinar Roset 1,54,11

Øystein Hellerud 1,57,51

Ivar Bruun 2,03,11

Lars Ulvestad 2,07,51

 

Bilete frå løpet: http://picasaweb.google.no/EisfossenSykkel/BirkebeinerlPet2010#

 

I etterkant av Birkebeinerløpet vart det arrangert NM i terrengløp, der Mari Sollid Eide vann klasse jenter 15 år!

Meir info: http://www.kondis.no/spennende-nm-for-de-unge.4820322-127676.html

 

15.09.10

Intervalltreninga i gang!

 

Intrevalltreninga i Austrheimsbakken starta opp i dag. 7 mann var å sjå litt etter klokka 19.30.

Som ein ser av biletet gjekk det lynande fort opp bakken. Like mange i morgon i høljande regn?

Treningane er kl 19.30 onsdagar og torsdagar med oppmøte på Statoil. 

 

 

14.09.10

Bataling av Birken-buss

Det viser seg at fleire har gløymt å betale bussbilletten sin til Birkebeinerrittet. For dei som ikkje allereie har gjordt det bør det gjerast i næraste framtid. Tek opp att meldinga som er lagt inn på diskusjonsforumet tidlegare:

Oppgjeret for bussturen er no kome.Turen kjem på kr. 900,- pr. stk.Dei aller fleste har tur/retur.Dei to som på førehand hadde avtalt kun ein veg betalar kr. 450,-.
Kontonr. 37050787428.

-Kasserar. 

 

10.09.10

Resultat lagsmeisterksap samanlagt

 

 

 

Lagsmeisterskap Eidsfossen Sykkel 2010 Temporitt Motbakkeritt Terrengritt Birken Fellesstart Oppmøte Sum
1 Johnny Hauge 3 13 2 3 3 1 12
2 Per Erik Eimhjellen 1 6 4 6 1 8 18
3 Ole Marius Gloppestad 2 1 1 2 15 21
4 Edvard Fjellestad 12 2 3 2 6 18 25
5 Jørn Lothe 5 5 9 5 5 11 29
6 Øystein Kristiansen 14 8 5 4 3 34
7 Trond Hansen 12 9 7 7 5 40
8 Henry Hammersland 8 11 10 9 8 5 40
9 Dag-Arne Eide 9 12 15 8 2 41
10 Magne Moritsgård 7 10 6 12 12 47
11 Helge Roska 11 14 8 11 16 60
12 Odd Bjarne Tveit 15 15 11 17 3 61
13 Vidar Eide 16 16 10 10 9 61
14 Bjørnar Gilleshammer 6 16 13 13 19 67
Olav Henden 12 18 7 5 42
Arne Myklebust 10 14 14 10 48
Svein Rune Aaland 17 15 9 21 62
Kjetil Eide 3 4 12 19
Arne Nesgård 4 4 16 24
Svein Petter Tveit 17 20 12 49
Sverre Aske Nesdal 7 19 27 53
Øystein Sundal 17 16 23 56
Erlend Eide 1 20 21
Kvinner
Ranghild Sollid 1 1 1 1 4
Ingrid Fjellestad 2 3 5
Else Margrethe Larsen 4 2 6
Unni Heggdal 3 3 6

 

Detaljert oversikt over treningar, rittdeltaking mm finst her. Dersom det er manglar eller feil ved denne ver venleg å sei ifrå til vidar.eide@enivest.net

 

 

Bilete frå fellesstarten er no lagt ut her:  http://picasaweb.google.no/EisfossenSykkel/LagsmeisterskapFellesstart2010#

 

 

09.09.10

Johhny Hauge lagsmeister 2010

I dag vart fellestartten avvikla, og det blei som forventa eit spanande oppgjer. 10  mann starta og halvparten av desse kom samla mot mål og kjempa om sigeren. Først i mål blei iår som i fjor Per Erik Eimhjellen framfor Ole Marius Gloppestad og Johnny Hauge. Sistnemnde stakk av med samanlagtsigeren.

 

Resultat fellesstart:

1. Per Eik Eimhjellen 60.04

2. Ole Marius Gloppestad 60.05

3. Johnny Hauge 60.07

4. Øystein Kristiansen 60.08

5. Jørn Lothe 60.08

6. Edvard Fjellestad 60.19

7. Olav Henden 61.12

8. Henry Hammersland 61.12

9. Svein Rune Aaland 61.28

10. Vidar Eide 63.53

 

 

Resultat samanlagt:

1. Johnny Hauge

2. Per Erik Eimhjellen

3. Ole Marius Gloppestad

 

Fullstending samanlagtliste og bilete vert lagt ut fredag kveld.

 

07.09.10

Sesongavslutning for juniorane

Årets siste barneritt blei avvikla i Eidsmona i dag. Vi fekk låne crossbana og sykla runder der. Først ein prolog på ei runde, deretter finalar med to runder. Det var 20 deltakarar i flott sommarver, og mange av desse fortsette syklinga etter rittet var avslutta. Etterpå var det saft og is til alle og premiar til dei som hadde sykla 3 og 4 ritt i år.

 

 

Resultat finalar:

Andreas Rauset (1997) 2.53

Even Nesgård (2000) 3.07

Håvard Bergheim Holvik (1999) 3.29

Simon Hjelmeset Kirkeide (2000) 3.31

Eirik Rauset (1999) 3.34

Matias Sollid Eide (1999) 3.35

Oda Eide (1997) 3.39

Marcus Røed Frøyset (2000) 3.40

Ruben Elvebakk Nesdal (1999) 3.46

Magnus Eide (2000) 4.12

Marcus Heltne Damli (2000) 4.44

 

8 og 9-åringar utan tidtaking:

Ola søreide, Sondre Bruland, Jon Ingvar Engelstad, erik Pele Gran, Simen Rauset, Gunhild Nesgård, Per Helge Egge Eide, Andreas Kaale.

 

Bilete frå siste rittet er å finne i albument saman med dei to første ritta.

 

 

 

06.09.10

Lagsmeisterskap fellesstart

Vil minne om at årets kjekkaste ritt står for døra. Lagsmeisterskap fellesstart går av stabelen torsdag 9.september med start kl. 17.30 på Kleivedammen. Oppmøte noko før for registrering. Det er å håpe på eit rekordstort felt i år. Vel møtt!

 

 

05.09.10

Mange unge på startstrek og to sigrar i Alperittet!

 

Ein minnerik dag for dei unge og håpefulle; frå venstre: Mats Sollid Eide, Andreas Rauset, Eirik Rauset Dag Otto Lauritsen og Matias Sollid Eide

 

Eidsfossen Sykkel hadde ei stor tropp avgarde til Stranda og Alperittet i helga. I strålande sol og flott sykkelvere var det svært gledeleg at klubben hadde mange unge på startstrek. Desse gjorde også svært skarpt. I klasse gutar 11-16 år vann Mats Sollid Eide, Andreas Rauset blei nummer 3, Eirik Rauset 10, Matias Sollid Eide 13 og Ruben Elvebakk Nesdal 21. Klassa hadde 31 startande. Flott innsats av unggutane! Det er å håpe at dette gav meirsmak for desse gutane og at vi ser dei igjen i sykkelritt i mange år framover.

Dei vaksne gjorde det ikkje stort dårlegare. Kjetil Eide vann i år som i fjor klasse M 45-49 og Svein Rune Aland blei nummer 8 i same klasse. Her var det 22 deltakarar.

 

Resultalister her

 

Bilete frå Alperittet 2010, fotograf Liv Kristin Eimhjellen Rauset

 

 

03.09.10

MTB-karusell på Langeland

Førde CK har i haust gått i gang med MTB-karusell på Langeland som er ope for store og små frå alle klubbar. Her er meir informasjon.

 

 

Invitasjon til Trollrittet 11.september 2010

 

Då nærmar sesongen seg slutten, og kva kan då vere bedre enn å sykle 5,8 km i motbakke?

Trollrittet er Flora CK sitt ritt med start på Svarthumle og målgang ved Trollstova på Ramsdalheia.

 

 

Konkurransen vert avvikla som fellesstart trimklasse med uoffisiell tidtaking.

Rittstart kl.13. Dei aller yngste startar kl.12.50 evt. saman med dei som vil ta seg ekstra god tid.

Påmelding før torsdag 9.september kl.21 til Rune Horgen mobil: 9283 4977

eller mail: rhorgen@online.no

Startavgift: Kr.50,- opp til 18 år, kr.100,- for voksne.

Etteranmelding ved start fram til kl.12.30 mot kr.50,- ekstra.

Premie frå våre sponsorer til (nesten?) alle vert uttrekt på startnummer.

Til alle deltakarar blir det gratis betasuppe, saft og kaker på den peisvarme Trollstova etter rittet!

Sal av mat og drikke til publikum.

 

Veganvisning: Svarthumle ligg på gamle RV5 over Ramsdalheia i Flora Kommune.

Frå Florø køyrer ein i retning Førde, men tek til venstre vel 1 km før Sunnfjordtunellen.

Frå Førde/Naustdal køyrer ein gjennom Sunnfjordtunellen. Etter tunellen tar ein første veg til høgre etter vel 1 km.

NB! Vegen er open for alminnelig trafikk, og alle må følge trafikkreglane! Strekninga er særs lite trafikkert, og det vil bli tydelig merking som angir at sykkelritt pågår.

 

 

02.09.10

Kleiva Opp 2010

Søndag 5 september 2010 blir det på nytt Kleiva Opp. Sett av dagen og vær med på å skape en folkefest ut av arrangementet.
I år vil det bli pengepremiar til dei tre beste i herre -og dameklassa. Høvesvis kr 2500 for fyrste plass, 1500 for andre plass og 1000 kr for tredje plass. I tillegg vankar det 2500 kr for løyperekord. Dette betyr at vinnaren i herre og dameklassa kan stikke av med 5000 kr dersom dei samstundes set løyperekord.
Dette gjeld i løpsklassa. I sykkelklassa vil det framleis bli premiert med gåvepremiar.
Vi håpar dette kan vere med å på å få på plass mange og gode løparar til eit av landet sine aller eldste motbakkeløp!
Vi takkar Sparebanken Sogn og Fjordane, Stryn Energi og Pricewaterhousecoopers for støtte til pengepremiar!
Logo Sparebanken SFJ
Logo Stryn Energi
Logo Pricewaterhousecoopers
Du finn omtala frå løpet 2009 på Kondis sine sider her

Alperittet Sykkel

Då nærmer det seg for Alperittet Sykkel. Vi sykla løypa i går onsdag, og det var flotte forhold. Løypa er tørr og fin, og det er ingen stor fare for at den skal bli dårlig med desse fine værmeldingane vi har no.

Det blir en stor kontrast i forhold til ”Birken” for den som var der!

Strandadagane blir arrangert samtidig, og Dag Otto Lauritzen blir en av speakerane, så her kan bli mykje moro både for store og små.

Velkomen til Stranda 4. september

Styret i Stranda Sykkelklubb

 

 

02.09.10

Barneritt

Siste barnerittet for sesongen vil bli arrangert i på crossbana i Eidsmona tysdag 7.september kl 18.00. Ein vil forsøke å få til prolog, heat og finalar om det let seg gjere.  Dette avheng noko av oppmøtet. Det vankar også premiar til dei som har delteke på 3 eller 4 ritt, då Eidsfossen Grand Prix inkludert.

Styret i klubben er ikkje fulltallige denne gongen so vi er avhengige av litt hjelp utanfrå. Det er fint om eit par vaksne kan stille opp og hjelpe til.

Vel møtt!

 

 

31.08.10

Enno eit par opplysningar som blei utegløymt ang Birkebeinerrittet:

- Henry vart vinnar av tippekonkurransen

- Roar Hjelmeset skal sykle Birken neste år for Eidsfossen Sykkel. Skal bli  spennande å sjå kva den karen kan utrette..

 

30.08.10

Ein del viktige faktaopplysningar blei utegløymde i artikkelen under, og det har også snike seg inn ein feil.

 

Trøyevinnarane for 2010 blei som ein kan sjå på biletet over, Erlend Eide gul trøye, Edvard Fjellestad beste klatrar og Johnny Hauge beste spurtar.

Årets namn vart Erlend Eide med 7 stemmer.

Nyinnmeld medlem Ingrid Fjellestad hadde falle ut av statistikken, og er no lagd inn i tabellen nedanfor. Dette inneber at vi samla totalt 18 merke fordelt på 26 deltakarar.

 

 

29.08.10

Birkebeinerrittet 2010

Birkebeinerrittet blei også i år eit gjørmeritt, bortimot like gale som tidenes verste i fjor. Det var nok litt kaldare i år, og mange fraus over fjellet.Tidene til våre deltakarar blei likevel betre enn i fjor for bortimot alle som var med. Bestemann frå klubben blei debutant Erlend Eide på den sterke tida 3,22,26. Han blei med dette nr. 27 i si klasse. Like bak kom Edvard Fjellestad og Johny Hauge. Desse tre kom under 3.30. Vidare nedover kom våre tett som hagl,  totalt blei det samla 17 merke på 25 startar! Sjølv om det har vore oppnådd betre tider tidlegare, so vil dette gå inn i historia som tidenes beste Birkebeinerritt, då med tanke på antal deltakarar og antal merke. Når ein so tek med Ole-Marius sin fantastiske siger i Fredsagsbirken og Øystein si sterke tid og plassering der, og deltaking i ungdomsbirken og barnas birkrebeinerritt, vil nok dette med rette kunne reknast som den mest aktive og suksessfulle helg i Eidsfossen Sykkel si historie.

 

Birkebeinerrittet 2010 blei ein merkedag for desse fire: Frå venstre Kjetil Eide med premie for 10 merke, Vidar Eide for 15 deltakingar, bestemann frå klubben debutant Erlend Eide og Dag-Arne Eide 10 merke.

 

Statistikk frå årets ritt:

  Skramstad   Bringebu   Kvarstad   Storåsen   Mål Klasse Plass Delt.
Erlend Eide 32,06 36,43 1,08,49 45,56 1,54,45 47,37 2,42,22 40,04 3,22,26 20-24 27 298
Edvard Fjellestad 34,00 34,48 1,08,48 45,46 1,54,34 47,48 2,42,22 41,16 3,23,38 35-39 90 2258
Johnny Hauge 34,16 37,05 1,11,21 46,39 1,58,00 48,19 2,46,19 39,45 3,26,04 20-24 36 298
Kjetil Eide 34,01 37,21 1,11,22 46,27 1,57,49 50,25 2,48,14 42,06 3,30,20 45-49 102 2019
Jørn Lothe 34,15 37,24 1,11,39 48,31 2,00,10 51,02 2,51,12 41,06 3,32,18 40-44 138 2539
Per-Erik Eimhjellen 34,07 37,59 1,12,06 48,18 2,00,24 52,19 2,52,43 41,37 3,34,20 30-34 114 1384
Trond Hansen 35,32 37,40 1,13,12 49,10 2,02,22 52,45 2,55,07 40,07 3,35,14 35-39 188 2258
Dag-Arne Eide 35,12 37,48 1,13,00 49,27 2,02,27 51,06 2,53,33 42,16 3,35,49 50-54 49 1183
Henry Hammersland 35,11 37,48 1,12,59 49,43 2,02,42 53,27 2,56,09 42,19 3,38,28 45-49 178 2019
Vidar Eide 36,41 41,16 1,17,57 50,25 2,08,22 51,38 3,00,00 41,43 3,41,43 45-49 212 2019
Helge Roska 35,03 40,27 1,15,30 49,45 2,05,15 54,20 2,59,35 45,23 3,44,58 45-49 255 2019
Magne Moritsgård 34,44 40,38 1,15,22 51,53 2,07,15 54,03 3,01,18 45,00 3,46,18 45-49 280 2019
Bjørnar Gilleshammer 34,39 41,32 1,16,11 51,27 2,07,38 57,44 3,05,22 43,10 3,48,32 18-19 35 126
Arne Myklebust 36,25 44,45 1,21,10 52,06 2,13,16 55,32 3,08,48 43,41 3,52,29 55-59 39 657
Svein Rune Aaland 37,21 40,28 1,17,49 52,40 2,10,29 59,29 3,09,58 43,32 3,53,30 45-49 419 2019
Øystein Sundal 38,39 43,55 1,22,34 56,12 2,18,46 56,00 3,14,46 45,26 4,00,12 50-54 251 1183
Odd Bjarne Tveit 37,16 44,18 1,21,34 55,19 2,16,53 59,07 3,16,00 47,38 4,03,38 35-39 717 2258
Olav Henden 37,01 43,49 1,20,50 58,19 2,19,09 1,04,02 3,23,11 51,34 4,14,45 45-49 817 2019
Sverre Aske Nesdal 38,04 50,28 1,28,32 56,03 2,24,35 59,15 3,23,50 51,03 4,14,53 35-39 930 2258
Svein Petter Tveit 44,07 52,10 1,36,17 1,01,20 2,37,37 1,04,06 3,41,43 52,08 4,33,51 50-54 619 1183
Johan Winkelhorst 45,59 50,59 1,36,58 1,04,48 2,41,46 1,14,41 3,56,27 51,54 4,48,21 40-44 1756 2539
Ragnhild Sollid  42,40 50,38 1,33,18 1,00,37 2,33,55 1,06,54 3,40,49 1,07,56 4,48,45 40-44 106 392
Ingrid Fjellestad 44,12

50,43

1,34,55 1,01,19 2,36,14 1,15,10 3,51,24

57,45

4,49,09 30-34 54 200
Unni Heggdal 52,25 1,06,45 1,59,10 1,17,40 3,16,50 1,25,16 4,42,06 1,09,27 5,51,33 35-39 210 311
Jostein Flølo 53,19 1,07,33 2,00,52 1,17,16 3,18,08 1,29,44 4,47,52 1,05,09 5,53,01 55-59 581 657
Else Margrethe Larsen 54,37 1,06,05 2,00,42 1,21,10 3,21,52 1,37,56 4,59,48 1,07,17 6,07,05 45-49 199 247

 

 

 

 

Info og søkbare resultat: http://www.birkebeiner.no/

Bilete frå Barnas Birkebeinerritt, Ungdeomsbirken og Birkebeinerrittet: http://picasaweb.google.no/EisfossenSykkel/Birkebeinerrittet2010#

 

 

27.08.10

Fredagsbirken: Ole Marius Gloppestad vinnar!

Ole Marius spurta inn til ein knallsterk siger i Fredagbirken i dag!  Han var i ei gruppe med tre mann, og tok spurten 2 sekund føre andremann. Vinnartida vart 3.20.10. Øystein Kristiansen blei nummer 15 på 3.35, sterk innsats også av han.

 

Les meir på Birkebeinerrittet sine sider: http://www.birkebeiner.no/Birkebeinerrittet/Nyheter/Gloppestad-forst-i-mal/

Treningsmagasinet: http://www.treningsmagasinet.no/wip4/foerst-i-fredagsbirken-foelte-meg-sterk-i-dag/d.epl?id=498122

 

23.08.10

Resultat Gaularfjellrittet

Deltakarar frå Eidsfossen sykkel i turklasse med tidtaking:

 

M30-39

5. Per Erik Eimhjellen 1.16.52

24 deltakarar

 

M40-44

2. Jørn Lothe 1.15.30

16 deltakarar

 

M45-49

2. Kjetil Eide 1.16.55

8. Svein Rune Aaland 1.24.04

19 deltakarar

 

M50-54

8. Svein Petter Tveit 1.33.33

12 deltakarar

 

M55-59

2. Arne Myklebust 1.20.49

3 deltakarar

 

 

22.08.10

Gaularfjellrittet

Fire av deltakarane; frå venstre Jørn Lothe, Kjetil Eide, Arne Myklebust og Svein Rune Aaland

 

Eidsfossen Sykkel hadde 8 stk på starstrek på Gaularfjellrittet i dag. 13-åringen Mats Sollid Eide sykla i trimklassa utan tidtaking saman med mor Rgnhil Sollid. Desse brukte omlag 2 timar i dette tøffe rittet i surt ver, svært imponerande!

Raskaste mann av dei 6 i konkurranseklassa var Jørn Lothe som brukte ca 1t 15 min. Omlag eitt minutt bak kom Per Erik Eimhjellen og Kjetil Eide med nokre få sekunds melllomrom. Desse tre antok at dei kom inn mellom 5 og 10 av alle som deltok på rittet. Vinnar vart Geir Orrestad på 1.13. Andre deltkarar var Svein Rune Aaland, Arne Myklebust og Svein Petter Tveit som kom i mål i nemnde rekkefølgje.

 

  

Fleire bilete nedst i dette albumet

Resultat kjem her: http://www.fordeck.org/

 

 

19.08.10

Alperittet sykkel

 

No er det snart klart for eit nytt Alperittet Sykkel. Datoen er som nokon kanskje veit, laurdag 4. september.

Også i år er det Strandadager samme helga, og barne Alperittet blir arrangert samtidig med det vanlige sykkelrittet.

I år har vi vore så heldig å få den stemningsskapande ekspertkomentatoren frå TV2, nemlig Dag Otto Lauritzen, til å gjeste Alperittet Sykkel.

Han skal være komentator under barnealperittet, og under Alperittet Sykkel, og berre det i seg sjøl er kjempeartig!

Dag Otto skal også halde eit foredrag i Storfjord Kulturhus laurdag ettermiddag.

Dei tre beste syklistane i både dame –og herre klasse, samt 5 uttrekte vinnarar på startnummer får gratis inngang til foredraget.

Lauritzen appellerer til fleire enn syklister å kome på foredraget. Dette kan være interessant for mange andre grupper og næringslivet å få med seg.

Den som skal være med i rittet, kan melde seg på via nettsida www.alperittet.com, eller laurdagsformiddag til klokka 12:00.

 

18.08.10

Eldsjelsamling

Sparebanken Sogn og Fjordane inviterer til eldsjelsamling:

 

Vi har gleda av å invitere til Eldsjelsamlinga tysdag 24. august frå kl. 17.30. Dette er det same arrangementet som vi måtte avlyse i vår grunna askeskyer/sjukdom.

 Programmet er som tidlegare, med foredrag av blant anna Dag Erik Pedersen, Kari Standal Pavelich og vår eigen Arvid Andenæs.

Det blir servert mat undervegs, og det kostar ingenting å være med.

  

Sjå også www.meirennbank.no/eldsjel for meir informasjon.

 

Har du ikkje muligheit sjølv, men kjenner nokon som kanskje kunne tenke seg å være med, eller rett og slett fortener å være der så oversend gjerne informasjonen til dei.

Hjarteleg velkomen!

 

 

17.08.10

 

GAULARFJELLRITTET

Det er no klart for påmelding til Gaularfjellrittet 2010

Gaularfjellrittet 2010 blir avvikla søndag 22.august med start kl. 1230 for turklassen.  Trimklassen vil starte mellom kl. 1030 og 1130.

Oppmøte minimum 1 time før start.

Pris for trimklassen vil være kr. 100,- + lisens kr. 25,-

Pris for turklassen (m/tid) vil være kr. 250,- + eventuell eingangslisens kr. 150,-.

Vanleg klasseinndeling.

For å delta i turklassen må ein være fullt 17 år.

Meld deg på ved å gå til følgande link: https://www.deltager.no/gaularfjellrittet2010

Meir informasjon om rittet vil følge seinare, følg med på nettsida: www.fordeck.org

 

 

Birkebeinerrittet

Opplev løypa frå godstolen: http://nrk.no/multimedia/1.7244771

Kan vere interessant å sjå litt på for debutantar og dei som har tenkt å avgjere spurten til sin fordel

 

 

15.08.10

Eidsfossen Grand Prix i strålande sommarver

Dei tre beste i seniorklassa, her tredjemann Edvard Fjellestad fremst, vinnar Ole-Marius Gloppestad og Johnny Hauge (foto Vegard Wergeland Hansen)

 

Etter fjorårets ritt i høljande regn var vergudane i år på arrangøren si side igjen. Rittet samla i år 121 deltakarar, noko som er litt færre en dei siste åra. Med tørre fine tilhøve stod dei fleste løyperekordane for fall. Klassevinnarar blei Even Nesgård, Evald Osnes Devik, Ragnhild Vereide, Ragnhild Sollid, Ole-Marius Gloppestad og Arne Myklebust.

Størst deltaking var det i klassa menn senior (16-49 år) som hadde 16 startande. Her blei det ein beintøff duell til siste slutt, og Ole-Marius Gloppestad vann med minst mogleg margin til Johnny Hauge. Edvard Fjellestad tok tredjeplassen etter å ha gjennomført eit sterkt løp på Skåla i går. Alle desse tre kom under den gamle løyperekorden til Trygve Handen Gaasø.

 

Resultat:

Gutar 10-12 år - 1 runde

1. Even Nesgård 10:51

2. Eirik Rauset 11:14

3. Simon Hjelmeset Kirkeeide 11:55

4. Matias Sollid Eide 12:16

5. Håvard Bergheim Holvik 13:41

6. Johan Lothe 14:43

7. Magnus Eide 14:58

 

 

Gutar 13-15 år - 1 runde

1. Evald Osnes Devik 09:24

2. Andreas Rauset 09:40

3. Mats Sollid Eide 10:04

 

Jenter 13-15 år - 1 runde

1. Ragnhild Vereide 11:11

2. Oda Eide 12:40

 

Damer senior - 3 runder

1. Ragnhild Sollid 33:44

2. May Kristin Sæther 36:01

 

Herrar senior - 4 runder

1. Ole Marius Gloppestad 34:13

2. Johnny Hauge 34:14

3. Edvard Fjellestad 34:31

4. Per Erik Eimhjellen 35:01

5. Øystein Kristiansen 36:24

6. Magne Moritsgård 36:26

7. Trond Hansen 36:27

8. Helge Roska 36:34

9. Jørn Lothe 36:36

10. Henry Hammersland 36:44

11. Odd Bjarne Tveit 37:09

12. Olav Henden 37:13

13. Bjørnar Gilleshammer 37:22

14. Vidar Eide 39:10

15. Svein Rune Aaland 39:12

Kjetil Eide braut

 

 

Herrar veteran - 4 runder

1. Arne Myklebust 37:27

2. Dag-Arne Eide 37:36

 

 

Vinnar av sykkel blei Malin Aske Nesdal

 

Bilete frå konkurranseklasse vaksne i Vegard Wergeland Hansen sitt fotogalleri

 

14.08.10

1. og 2.plass på Kvam

Erlend Eide sikra seg ein råsterk klassesiger under terrengrittet Furusjøen Rundt i dag på den sterke tida 2.55.02. Totalvinnar blei elite-syklist Hallvard Barlaup på 2.36.20. Dag-Arne Eide blei nummer to i klasse M50-54 på tida 3.17.04. Svein Rune Aaland var også med og enda på 5.plass i M45-49 på tida 3.28.44. Rapport frå deltakarane fortel om ei tøff løype med mykje terreng. Resultatliste her

 

Far og son etter målgang

 

 

5.plass i Dale

Vidar Eide kom på 5.plass i det nyskipa Postvegrittet i Dale i dag på tida 2.58.19. Klar vinnar blei Thomas Kristiansen på 2.46.57. Plass 2-4 var inne på 1.54-1.56. Det var ei flott og tøff løype i området Dale-Flekke med mange bratte bakkar både opp og ned på postvegen. Rittet hadde omkring 25 deltakarar.

 

Fleire sterke prestasjonar under Skåla Opp

Tider oppnådde under Skåla Opp i dag:

Edvard Fjellestad 1.33

Henry Hammersland 1.38

Kjetil Eide 1.42

Helge Roska 1.44

Resultatlister kjem på www.skaala.no

 

 

Fleire bilete, fotograf Trond Hansen

 

08.08.10

Oppsummering arrangement siste helg

Det er skrive ein del om Grenserittet og Sykkelenern på diskusjonsforumet, slik at dei fleste interesserte har fått med seg klubben sin innsats på desse ritta. Her er likevel ei ekstra oppsummering for å få med det som har skjedd også på nyhendesida.

 

 

Debutant Else Margrethe Larsen på veg opp siste bakken mot mål i Grenserittet 2010 (foto: Ola Flølo Ringdalen)

 

Grenserittet:

5 stk på startstrek i Noregs nest største terrengsykkelritt. Soleklar bestemann blei Kjetil Eide på tida 2.49.32. Dette heldt til ein sterk 43.plass i klasse M45-49 som hadde 981 deltakarar. Vidar Eide blei nummer 365 på tida 3.20.00 og Ole Geir Flølo blei nummer 820 i same klasse på tida 4.09.01.

Debutant Øystein Sundal var uheldig etter start og måtte starte på nytt saman med ei av dei siste puljene, men kom likevel inn på tida 3.34.36 som heldt til ein 280.plass av 552 deltakarar.

Else Margrethe Larsen blei nummer 106 av 153 i klasse M45-49 på tida 4.30.10.

 

Bilete frå Grenserittet 2010: http://www.grenserittet.no/nor/Nyheter/Se-bilder-fra-Grenserittet

Resultatlister: http://results.ultimate.dk/live/front/index.php?e=778&t=www&l=no%20

 

Sykkelener'n:

4 mann til start på Sykkelener'n på Oppdal.

Dag-Arne Eide bestemann med 5.plass av 85 i klasse M50-54 på tida 2.53.55.

Svein Rune Aaland nr. 44 av 108 i M45-49 på 3.05.18

Bjørnar Gilleshammer nr. 15 av 20 i M17-19 på 3.09.15

Arne Myklebust nr. 13 av 67 på 3.13.10

Info om rittet og resultatlister her: http://enern.com/

 

Buff Fanaraaken Opp:

Laurdag 7.august deltok Trond Midtkandal og Henry Hammersland på Buff Fanaraaken Opp. Førstnemnde sikra seg ein sterk 3.plass i klasse M40-44 på tida 1.15.17. Også eit svært sterkt løp av Henry med 4 plass i klasse M45-49 på tida 1.17.40. Desse karane ser ut til å vere i god rute før Skåla Opp neste helg. 

Info og resultat: http://www.fanaraaken.com/

 

30.07.10

Eidsfossen Grand Prix

Årets ritt går av stbelen i kjend stil. Løypa og arrangementet blir som dei siste åra. Vi har i år 10-årsjubileum og det blir enkelt markert ved at startkontigent for vaksne er sett til 10X10kr, alle øvrige betalar kr 10 for å vere med. Alt i kiosken kostar kr 10.

 

 

 

28.07.10

GAULARFJELLRITTET

Det er no klart for påmelding til Gaularfjellrittet 2010

Gaularfjellrittet 2010 blir avvikla søndag 22.august med start kl. 1230 for turklassen.  Trimklassen vil starte mellom kl. 1030 og 1130.

Oppmøte minimum 1 time før start.

Pris for trimklassen vil være kr. 100,- + lisens kr. 25,-

Pris for turklassen (m/tid) vil være kr. 250,- + eventuell eingangslisens kr. 150,-.

Vanleg klasseinndeling.

For å delta i turklassen må ein være fullt 17 år.

Meld deg på ved å gå til følgande link: https://www.deltager.no/gaularfjellrittet2010

Meir informasjon om rittet vil følge seinare, følg med på nettsida: www.fordeck.org

 

25.07.10

Resultat Triatlon

http://idrett.speaker.no/Downloads/25788/docs/Resultatliste_Triatlon_Hyen_2010.pdf

Det skal ifølge arrangøren også kome ei fyldigare reportasje og resultat med etappetider på Hyen IL si heimeside

 

Eggenipa Opp

Henry Hammersland deltok som einaste mann frå Eidsfossen Sykkel under Eggenipa opp i dag. Han sikra seg ein flott andreplass i klasse M45-49 på tida 65,18. Resultatliste her

 

 

24.07.10

Eidsfossen sykkel med reint bord under Triatlon i Hyen!

 

Jon Husabø Hansen, Trond Hansen og Jørn Lothe på veg opp av vatnet etter den først iskalde etappen. Bak skimtar vi også Arne Myklebust

 

Nytt av året var klasseinndelingar, og resultatlista viser at vi gjorde reint bord i veteranklassane, og enda opp med med 3 klassesigrar, ein andre og ein tredjeplass.

Jørn Lothe blei nummer to totalt med tida 27.05, kun slegen av skiløparen Roger Aa Djupvik (24.10) og sikra med sin sterke konkurranse ein klar siger i klasse M35-44. Trond Hansen (29.16) kom på tredjeplass i same klasse av 8 deltakarar. Vidar Eide (31.14) vann klasse M45-54 og Arne Myklebust (30.29) gjekk til topps i klasse M 55-64. Jon Husabø Hansen blei nummer to i denne klassa.

Fleire andre klubbmedlemar deltok også på mix-lag, sjå biletserie her: http://picasaweb.google.no/EisfossenSykkel/TriatlonHyen2010#

 

 

Arrangøren sa lite om temperaturen i sjøen før start, men etter premieutdelinga blei denne opplyst til å vere 11 grader!

Resultatliste kjem seinare.

 

 

23.07.10

Lokale arrangement denne helga

Denne helga går to lokale og etterkvart tradisjonelle konkurransar av stabelen.

Laurdag 24.juli kl kl 15.00 er det klart for Triatlon konkurrandse i Hyen. Påmelding seinast to timar før start. www.hyen.com

Søndag 25.juli kl 12.00 startar konkurranseklassa i motbakkeløpet Eggenipa Opp.

http://idrett.speaker.no/Organisation.asp?OrgElementId=598547

 

12.07.10

Nytt terrengritt i Dale

For dei som ikkje vil slite seg opp på Skåla er det eit alternativ i Dale. Dette er dagen før Eidsfossen Grand Prix, men det er fullt mogeleg å få med seg begge deler. Sikkert ei fin oppkøyring til Birken:

 

Dale IL Sykkel inviterer til
Postveg-rittet Terreng
Laurdag 14. August 2010.
Dale IL Sykkel vil for fyrste gong arrangere sykkelritt, og ynskjer lokale sykkelklubbar velkomne til å delta.
Start vert ved Fjalerhallen kl 1100. Vi syklar samla i prolog til Dale sentrum der starten vil gå. Løypa er totalt 42 km, og går i alt frå til dels krevjande teknisk terreng til grusveg og asfalt. Store delar av løypa fylgjer den Tromdhjemske postvegen gjennom Fjaler.
Oppmøte ved Fjalerhallen seinast 1030. Drikke og bananer ved start og mål.
Dusj i Fjalerhallen.
Påmelding til stabratt@online.no   innan fredag 13. August kl 1800. I mailen treng vi namn, klubb, fødselsdato og lisens(heilårs eller eingongs). Aldersgrense er 17 år.
Påmeldingsavgift kr 200,- (+ ev eingongslisens kr 150,-) betalast til Dale IL Sykkel sin konto nr 3755 12 53520.
Premieutdeling i Torggata kl 1500.

 

 

10.07.10

Norges tøffaste sykkelritt

Arrangøren av Jotunheimen Rundt kallar dette rittet med rette for Norges tøffaste sykkelritt. Med sine 4700 høgdemeter fordelt over 43 mil med tre fjellovergangar er dette ikkje eit ritt for kven som helst. Start er i Lærdal og mål i Sogndal. Eidsfossen Sykkel hadde i år 3 mann på starstrek her i tillegg til ein mann i Lille Jotunheimen frå Lom til Sogndal på 138 km.

Svein Rune Aaland, Arne Myklebust og Vidar Eide sykla den lange utgåva og brukte 18 timar og 7 minutt på turen. Bjørnar Gillehammer debuterte på den korte og kom in på om lag 4 timar og 49 min. Med tildels sterk motvind frå Lom til mål blei dette ei kraftprøve for svært mange av dei som deltok.

 

 

Resultat kjem her: http://www.jotunheimenrundt.com/

Nokre bilete nedst i dette albumet: http://picasaweb.google.no/EisfossenSykkel/EidsfossenSykkel2010#

 

Molde Challenge

Dag-Arne og Erlend Eide var i dag avstad på Molde Challenge. Dette er eit forholdsvis tøft terrengritt på 44 kilometer. For Dag-Arne sin del gjekk dette heller dårleg då han måtte bryte etter å ha trakka av pedalen etter vel 50 min. Erlend derimot gjorde sine saker svært godt og sykla inn til ein tredjeplass i si klasse som hadde om lag 20 deltakarar. Han har med dette seeda seg godt framover på startlista til Birkebeinerrittet.

Resultat kjem her: http://www.moldechallenge.no/#

 

03.07.10

Sunnfjord Triathlon

Per Erik Eimhjellen var i dag i Naustdal og deltok på Sunnfjord Triathlon. Rykta vil ha det til at han gjorde ein frmaifrå innsats, informasjon om arrangementet og resultaliste kjem her:

http://www.sunnfjordtriathlon.no/

 

02.07.10

Resultat Styrkeprøven

Våre 4 mann kom alle velberga gjennom årets store Styrkeprøve Trondheim-Oslo. Svein Rune Aaland sykla på 18.06 saman med Førde-pulja. Arild Bruland, Jarle Gjengedal og Olav Gloppestad brukte 24 timar og 36 min. I lag med desse og på same tid sykla Ole-Bent Søreide frå SFE.

Øystein Vereide frå Vitargo Team Germany imponerte og slo tida si frå i fjor med nesten to timar og enda på 17t 14 min. Med forbehold so er vel dette den sterkaste tida av nokon frå Gloppen på denne distansen gjennom tidene!

 

Øystein Vereide under fjorårets noko trøblete tur mellom Trondheim og Oslo

 

 

25.06.10

NM på sykkel

Familien Nesgård har siste veka vore på NM på sykkel i Trøndelag.  Der har dei minste delteke både i terrengritt og i banesykling på velodrom. Mathias hausta stor applaus som yngste deltakar i NM. Flott innsats også av både Gunhild og Even. Far sjølv fekk ikkje delteke pga eit litt firkanta påmeldingssystem der det var krav om personlege brikker og heilårslisens, men neste år stiller nok han på startstrek i veteranklassa.

Info og resultat her: http://www.sykkelnm2010.no/

 

24.06.10

Den store Styrkeprøven

Eidsfossen Sykkel har 4 mann på start i Trondheim laurdag morgon, Svein Rune Aaland syklar saman med Førde CK og startar kl 08.53. Jarle Gjengedal, Olav Gloppestad og Arild Bruland startar kl 08.28 i ei 16-20 timarspulje. Vi ønskjer dei alle lykke til på den lange turen. Dei kan følgjast her: http://www.styrkeproven.no/trondheim-oslo

 

 

20.06.10

Svinestrandsløpet

Svinestrandsløpet blei avvikla i dag med mange sterke namn frå Eidsfossen Sykkel på startsrek. Bestemann frå klubben blei Erlend Eide på ein sterk 3.plass totalt. Deretter kom Trond midtkandal som no ser ut til å vere i form igjen og Edvard Fjellestad. Litt bak han igjen blei det ein spanande duelle mellom Kjetil Eide, Henry Hammersland og Jørn Lothe. Dei kom i mål i nemnde rekkjefølgje svært nær kvarandre i tid. Meir om denne duellen kan lesast på diskusjonsforumet: http://www.sykkeltrening.no/forum/showthread.php?t=395&page=2

Litt bak desse igjen kom Arne Myklebust.

 

 

 

Bilete: http://picasaweb.google.com/astrid120369/SvinestrandslPet2010#

Resultat kjem her: http://idrett.speaker.no/organisation.asp?OrgElementId=25786

 

Betaling buss Bergen-Voss

Bussen til Bergen Voss kosta kr 17700. No blei det dessverre færre og færre personar å dele på etterkvart som rittet nerma seg. Med ein del beklagelege fråfall var det til slutt 17 personar å dele på. Klubben sponsar dei siste 700 kronene, slik at summen vert kr 1000 pr deltakar. Det er fint om dei som følgde bussen kan betale dette inn til konto 3705.07.87428 snarast råd.

 

Norge Rundt for kreftsaka

Laurdag 19.juni starta 18-åringen Christoffer Remøy Endresen frå Fosnavåg på ein sykkeltur som er anslått til å bli på 5250 km over 40 dagar. Turen går Fosnavåg-Lindesnes-Nordkapp-Fosnavåg. Han samlar inn pengar for kreftsaka, og har allereie før start fått inn fleire hundre tusen kroner. Eidsfoosen Sykkel representert ved Svein Rune Aaland, Arne Myklebust og Vidar Eide var hjelperyttarar og følgde han siste del av etappen første dagen frå Anda til Byrkjelo. Der spanderte bakar-Jon etter oppfordring frå Svein Rune sine velkjende havrekjeks og kransekaker.

Christoffer kan følgjast på sine sider www.norgerundt.com , der ein også kan sjå innslaget i TV2-sporten startdagen. Ein vil også kunne følgje han kvar dag under Tour de France sendingane i sommar. 

 

16.06.10

Resultat Aarseth-tråkket

http://goyanger.no/?event=16&side=240

 

16.06.10

Bilete frå Nibberittet

Øystein Kristiansen hadde fotograf på plass i det ufyselege veret i Geiranger. Vedkomande knipsa 4 bilete frå starten. Fleire Eidsfossen-syklistar kan skimtast i fletet, sjå bileta i slutten av albumet her: http://picasaweb.google.no/EisfossenSykkel/EidsfossenSykkel2010# Nokre bilete ligg også på sidene til rittet: http://www.frafjordtilfjell.com/hoved.php?valg=0

 

 

 

 

 

12.06.10

Resultat Nibberittet

Det var kaldt og vått i Geiranger på laurdag, spesielt på siste delen opp grusvegen mot Dalsnibba. Dette gjorde at dei fleste brukte litt lengre tid enn i tidlegare år. Her er resultata:

 

M16-19 (14 deltakrarar)

5. Bjørnar Gilleshammer 1,37,53

 

M30-39 (102)

2. Ole Marius Gloppestad 1,17,29

13. Evard Fjellestad 1,27,08

16.Øystein Kristiansen 1,28,46,6

33. Trond Hansen 1,36,00

 

M40-49 (140)

6.Kjetil Eide 1,23,08

20.Henry Hammersland 1,28,46,6

54.Svein Rune Aaland 1,39,57

 

M50-59 (70)

7.Dag-Arne Eide 1,29,49

18.Arne Myklebust 1,37,45

21.Øystein Sundal 1,39,44

40.Svein Petter Tveit 1,56,37

 

 

11.06.10

God sykling i Høyanger

Per Erik Eimhjellen kom inn på delt andreplass i Aarset-tråkket i Høyanger i dag. Ullebø frå Sogn blei klar vinnar med fleire minutt før ei tre-mannsgruppe med Per-Erik. I neste gruppe nokre minutt bak denne kom Helge Roska i mål.

Kan hende det kjem resultat på www.goyanger.no

 

Sterk sykling også i Geiranger der Ole-Marius Gloppestad var tredjemann totalt (då unnateke eliteklassa) opp på Dalsnibba i dag. Han fekk tida 1,17. Kjetil Eide var andremann frå klubben på 1,22, deretter Edvard Fjellestad, og Henry Hammersland og Øystein Kristiansen på same tid. Andre som var med: Dag Arne Eide, Øystein Sundal, Trond Hansen, Svein Rune Aaland, Bjørnar Gilleshammer, Arne Myklebust og Svein Petter Tveit. Totalt 12 mann på start.

Resultat kjem etterkvart på www.frafjordtilfjell.com

 

10.06.10

Stillinga i lagsmeisterskapen

No er to konkurransar avvikla og dei mest treningsvillige har byrja å utkrystallisere seg. Dette siste kan imidlertid endre seg utover sesongen, og ein konkurranse eller oppmøte på treningar kan strykast (5 av 6 skal vere teljande). Slik er stillinga melllom dei fremste favorittane (tempo+motbakke+trenigsoppmøte):

 

Ole Marius Gloppestad 2+1+6

Per Erik Eimhjellen 1+6+3

Arne Nesgård 4+4+6

Johnny Hauge 3+13+1

Jørn Lothe 5+5+12

Kjetil Eide -+3+15

Edvard Fjellestad 12+2+21

 

Gjenståande konkurransar:

15.august Eidsfossen Grand Prix

28.august Birkebeinerrittet

11.september Fellesstart

 

09.06.10

Lagsmeisterskap motbakkeritt

Motbakkerittet blei i dag avvikla i strålande sol og flotte tilhøve. Starten gjekk ved Statoil og målgang var på Austrheimsstøylen. Med 18 deltakarar på startstrek var det knytta stor spenning til denne konkurransen. Førehandsfavoritten Ole-Marius Gloppestad tok sigeren med god margin, og vann på den svært sterke tida 28.08. Med seg på pallen fekk han Edvard Fjellestad og Kjetil Eide. Hyggjeleg at vi denne gongen hadde ei kvinne til start, Ragnhild Sollid som fekk tida 42,16.

 

 

 

 

Resultat lagsmeisterskap motbakkeritt

1. Ole Marius Gloppestad 28,08

2. Edvard Fjellestad 29,05

3. Kjetil Eide 29,10

4. Arne Nesgård 29,48

5. Jørn Lothe 29,58

6. Per Erik Eimhjellen 30,30

7. Sverre Aske Nesdal 30,34

8. Øystein Kristiansen 30,49

9. Trond Hansen 30,58

10. Magne Mortisgård 31,25

11. Henry Hammersland 31,32

12. Dag-Arne Eide 31,57

13. Johnny Hauge 32,19

14. Helge Roska 32,54

15. Odd Bjarne Tveit 34,04

16. Bjørnar Gilleshammer 35,54

17. Øystein Sundal 36,53

 

Kvinner

Ragnild Sollid 42,16

 

 

Fleire bilete her: http://picasaweb.google.no/EisfossenSykkel/Motbakkeritt2010#

 

 

08.06.10

Bestilling av klede

Dei to frå klubben som stilde på norges-cup i utfor heldt på å få startnekt fordi dei ikkje hadde klubbdrakt. Dette må vi sjølvsagt få gjort noko med, og det er no mogeleg å bestille dette gjennom klubbben.

Dette er også ei fin anledning til å kjøpe trøye til den yngre generasjon, eller supplere eigen kolleksjon. Klubben vil kunne dekke litt av kostnadane for barne-storleikar. Ein tek også sikte på å kjøpe inn skoovertrekk og hanskar (som også er stilig for dei yngre).

Leveringstid er ca 6 veker frå bestillingsdato.

Prisar i tilbodet som føreligg no (litt dyrare enn i vinter då vi fekk spesialrabatt):

Langarma Downhill-trøye: 650

Kortarma trøye, vaksne: 511

Skoovertrekk: 313

Sommarhanskar: 179

I utgangspunktet er det ikkje planen å kjøpe bukser no i det vi har nokre på lager.

 

Dei som ønskjer å bestille skoovertrekk, hanskar eller overdel (ulike typar trøye eller jakke) må gje melding om type og storleik til vidar.eide@enivest.net snarast.

 

 

07.06.10

Lagsmeisterskap motbakkeritt

Etter litt fram og tilbake er det no bestemt at lagsmeisterskapet vil gå i den opprinneleg tenkte traseen. Oppstilling til start vert utanfor Bygger'n onsdag 9.juni kl 17:28, start 17:30 presis. Inga påmelding er naudsynt. Det vil blir køyrt master-bil føre feltet til ein har passsert krysset ved E39. Løypa går opp Austrheimsbakken (intervallbakken) vidare oppover til Engeset, Utsikten, innover Engesetåsen der den svingar av mot Austrheimsstøylen. Mål vil bli eit stykke inn på stølskvia på Austrheimsstøylen. Det er påbode med terrengsykkel. Løypa vert skilta med pil ved siste avkøyrsla til Austrheimsstøylen. Elles er det å holde høgre heile vegen etter ein har kome ovanfor E39.

All oppvarming skal føregå frå krysset utanfor Statoil og gamlevegen langs sjøen utover til Vereide. Der er også nokre motbakkar for dei som ønskjer det. Dette for å unngå å forstyrre trafikken nærare sentrum. 

Rittet er opne for alle, også dei som ikkje er medlemar og likevel ønskjer å stille. Damer er spesielt oppfordra til å delta. Vel møtt!

 

06.06.10

Suksess (og fiasko) i Bergen-Voss

I strålande sol og medvind innover Hardanger blei årets Bergen-Voss ein suksess for dei fleste Eidsfossen-ryttarane. Puljekøyringa saman med Astrik fungerte etter planen og gjekk forholdsvis strukturert i høg fart som gjorde at dei fleste kom inn på gode tider. Nokre uhell undervegs gjorde likevel at ikkje alle frå klubben var like nøgde. Etter mange forfall siste veka hadde klubben 15 deltakarar på startstrek.

 

Arne Myklebust på veg opp Skjervet

 

Resultat:

Ole-Marius Gloppestad 4,23,18

Per-Erik Eimhjellen 4,25,27

Øystein Kristiansen 4,32,38

Johnny Hauge 4,35,35

Jørn Lothe 4,35,39

Kjetil Eide 4,35,42 

Dag-Arne Eide 4,35,44

Magne Mortisgård 4,35,46

Olav-Henden 4,35,47 

Bjørnar Gilleshammer 4,37,40

Arne Myklebust 4,37,42

Helge Roska 4,38,09

Vidar Eide 5,09,27

Svein Hauge 6,41,56

Josten Flølo 6,47,49

Dei som har tilnærma like tider kom i mål i same pulje.

 

Tider for Kjerringryttartane og Stryn som starta i same pulje:

Gunnar Harstad 4,35,44

Tor Guddal 4,35,44

Anders Bakkebø 4,37,40

Per Stave 4,47,48

Frode Refsnes 4,47,51

Inge Skålbones 4,53,17

Per Kenneth Hoddevik, brutt

 

Sittkord frå årets ritt:

  • Vekas mest uheldige: Svein-Petter Tveit, Svein Rune Aaland, Odd-Bjarne Tveit og Runar Tafjord som pga. skader og sjukdom ikkje kunne starte
  • Dagens mest uheldige: Arne Nesgård som mytte bryte pga. tekniske problem
  • Dagens nest mest uheldige: Ole-Marius Gloppestad som velta på Kvamsskogen medan han framleis låg saman med rekordpulje 1
  • Beste plassering: 6. Bjørnar Gilleshammer M16-19
  • Mest offensive rytter: Helge Roska som var med i rulla frå start og stakk av med MCK pulja som køyrde forbi
  • Nest mest offensive rytter: Bjørnar Gilleshammer som telde motbakkar og hadde kome til tre før Skjervet. Trudde dermed det var flatt til mål frå Granvin og brukte mykje krefter i rulla der og fekk trøbbel i den siste lange bakken.
  • Dagens come-back kid: Johnny Hauge som låg lenge på halen, men frå Skjervet og inn viste sterke takter og var førstemann i mål i pulja.
  • Dagens rykk: Dag-Arne Eide som fekk luke opp Skjervet
  • Luraste taktikar: Øystein Kristiansen som starta 4 min bak Eidsfossen-pulja og tok att desse og sykla saman med dei til mål.
  • Beste bedrift: SFE med dei tre beste tidene
  • Hyppigast bruk av umbrako-nøkkel: Vidar Eide som måtte stoppe tre gongar og feste pedal-armen
  • Degens redningsmann: Arne Nesgård som hjelperytter for Vidar Eide første timen, og seinare berga Tor Guddal frå velt.
  • Dagens pussigaste nestenulykke: Vidar Eide som var nær ved å sykle på ein hare på Kvamskogen

 

 

 

Mange flotte bilete av Eidsfossen/Astrik-pulja her: http://picasaweb.google.com/TwinhouseWest/BergenVoss201002#

Søkbare resultat: http://results.ultimate.dk/livebergenvoss/front/index.php?e=758&t=www&l=dk

 

 

 

03.06.10

Resultat andre barneritt

Det andre barnerittet blei avvikla i Eidsmona i dag med 17 deltakarar. Løypa var på 1,6 km med variert underlag; sti, grusveg og grasmark. Dei yngste sykla ei runde medan 1997-årgangen sykla 2.

 

 

 

 

Resultat fødde 2001 og yngre, utan tidtaking:

Per Helge Egge, Gjertrud Eide, Jon Ingvar Engelstad, Simen Rauset og Gunhild Nesgård.

 

2000:

1. Even Nesgård 4,38

2. Simon Hjelmeset Kirkeeide 4,55

3. Marcus Frøyset 5,13

4. Magnus Eide 5,24

5. Marcus Heltne Damli 6,42

 

1999:

1. Håvard Bergheim Holvik 4,55

2. Eirik Rauset 5,00

3. Matias Sollid Eide 5,05

4. Ruben Elvebakk Nesdal 5,05 

 

1997:

1. Andreas Rauset 8,37

2. Mats Sollid Eide 9,00

 

jenter:

1. Oda Eide 10,51

 

 

Fleire bilete her: