|
Velkommen til
EIDSFOSSEN GRAND PRIX 2011
Rittet vil bli avvikla 14.august 2011 etter same mønster som tidlegare år.
Sykkelritt for alle!
Dette er eit terrengsykkelritt i Gloppen i Nordfjord som blir avvikla søndag 14.august 2011
Start og mål er inst på Eide. Rittet blir i 2011 arrangert for ellevte gong. Rittet går i publikumsvenlege løyper i fleire runder omkring Eide/Eidsfossen og Grasdalen i Natur- og kulturstien der.
 
Dette er ein glimrande anledning for Glopparar, og eventuelle tilreisande til å ta seg ein fin sykkeltur. Samstundes får ein treffe andre folk på tur og delta i trekning om mange premiar. Formålet med rittet er primært det sosiale, å ha det moro i lag, samstundes som ein legg inn litt uhøgtideleg konkurranse for dei som ønskjer det. Dernest er hensikten å prøve å innvie interesserte i den spennande idretten terrengsykling. Tur- og terrengsykling har hatt ei fin utvikling dei seinare åra, og dette bør vere midt i blinken også for Glopparar.

Starten under Eidsfossen Grand Prix 2004
Start: Konkurranseklasser kl 14.00, Familieklasse utan tidtaking kl 15.00 - ca.15.30. Påmelding i god tid før start på rittdagen. Startkontigent: Konkurranseklasse vaksne (over 15 år) kr 100. Alle andre i konkurranse- og familieklasse kr 20, max kr 150 pr familie.
Løype og klassinndeling:
Start inst på Eide, ut mot Kleivedammen, inn Grasdalen over til Eidsfossen og oppigjen til mål. Underlaget er både fast dekke, grus og gras/sti, og løypa inneheld både krevjande motbakkar og eit par utforkøyringar. Ei runde er ca 3,2 km. Vinnartid i 2008 klasse herrar senior var 34,48.
Konkurranseklasser:
Jenter 10-12: 1 runde
Jenter 13-15: 1 runde
Gutar 10-12: 1 runde
Gutar 13-15: 1 runde
Damer senior: 3 runder
Herrar senior: 4 runder
Veteran (50-59 år): 4 runder
Superveteran (over 60 år): 3 runder
Familieklasse:
Ei runde motsett veg av konkurranseklassene. Alternativ løype i familieklassa er rundt Ryssdalen, ca 10 km på asfalt.
Premiering: Enkel premiering til dei tre beste i konkurranseklassene Litt småtteri til til alle under 16 år.
Det blir Kongle-ritt i regi av Sprebanken Sogn og Fjordane i år også for alle under 12 år, diplom og ein liten premie til alle dei som deltek på det.
Ny sykkel + nokre fleire uttrekkspremiar på startnummer.
Vi har også i år å fått med oss våre trufaste støttespelarar frå det lokale næringslivet.
 

Hovudpremien i 2005 var denne fine terrengsykkelen, her vist fram av Olin Henden ved G-sport/Olav K. Henden. Det blir sykkel som hovudpremie i 2009 også, for niande året på rad!
Meir om våre trufaste sponsorar alle dei seks føregåande åra kan de finne her:
www.fylkesbanken.no www.g-sport.no Olav K. Henden AS
Det vert kiosk under arrangementet, der det blir pølser, sjokoladekaker, sveler, is og kaffi å få kjøpt. Gratis saft til alle.
For meir info om Eidsfossen Grand Prix kontakt: Kjetil Eide 91801547 Kjetil.Eide@enivest.net Vidar Eide 97163768 Vidar.Eide@enivest.net

Alle er velkomne til å delta, uansett fysisk form og tidlegare merittar. Vi håpar på stort oppmøte av ivrige syklistar! Møt også gjerne opp som publikum!
Bilete frå tidlegare år:
2010
2009
2008
2007
2006
Resultat for tidlegare år:
2010
2009
2008
2007
2006
2005
2004
2003
2002
2001

Veteranen Alf Hjelle held humøret oppe til tross for slitsame motbakkar (Foto Firda Tidend)
|