Henden Sport og Fritid Henden Sport og fritid Sparebanken Sogn og Fjordane

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eidsfossen Sykkelklubb

 

Eidsfossen Sykkelklubb blei skipa 18.januar 2007. Klubben har tilholdsstad i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane, og hadde ved årskiftet 08-09 99 medlemar med stort og smått. Klubben sine medlemar deltek på sykkelritt rundt omkring i Noreg, både i terreng og på landeveg. Hovudmålet for mange av syklistane er Birkebeinerrittet, der vi hadde 17 personar på startstrek i 2008.

Fleire av klubben sine medlemar deltek også i andre idrettar, mellom anna er det eit aktivt miljø for motbakkeløp med "Adidas Skåla 1848 m rett opp" som det årlege høgdepunktet.

 

Namnet på klubben kjem frå fossen på biletet under.  I 2000 var det for første gong arrangert eit lite terrengritt i området omkring Eidsfossen. Dette fekk namnet Eidsfossen Grand Prix og har vorte arrangert årvisst sidan. Fleire av initiativtakarane til klubbskipinga har også vakse opp i dette ormådet. Eidsfossen Sykkel har vore brukt som uoffiselt klubbnamn ved deltaking i sykkelritt i åra før klubbskipinga. Når det i 2007 blei skipa ein sykkelklubb blei difor namnet Eidsfossen Sykkel bestemt nytta som namn på klubben. Sogn og Fjordane idrettskrins godtok imidlertid ikkje dette namnet og Eidsfossen Sykkelklubb er difor det offisielle namnet til klubben.

 


Her er litt om historia vår:

1995:
3 mann kjøper seg terrengsykkel.

1996:
Rune Hjelle og Vidar Eide er dei to første som startar i Birkebeinerrittet.

1997:
Else Margrethe Larsen kjem med som første dame, ho blir med i 2 år.

2000:
Kjetil Eide klarar endeleg å melde seg på før Birkebeinerrittet er fulltegna og stiller for første gong. Han blir raskaste mann i perioden 2001-2005.
Nokre byrjar også å delta på andre ritt enn Birkebeinerrittet.
Eit lite uoffiselt sykkelritt utan noko form for annonsering blir arrangert på Eide.

2001:
Fleire lokale syklistar kjem med på Birkebeinerrittet, og dei to første merka er sikra ved Dag-Arne Eide og Kjetil Eide. Heretter kjem det stadig nye for kvart år.
Det første Eidsfossen Grand Prix går av stabelen med 70 deltakarar. Arrangementet blir årvisst heretter.

2002:
Tre mann fullfører Trio Cup

2003:
Det blir starta opp med organiserte fellestreningar kvar onsdag og annakvar søndag (april – september). Fellestreningane held fram kvart år etter dette.
Klubbtrøyer blir kjøpt inn og namnet Eidsfossen sykkel etablert.
Det dukkar opp landevegssyklar i miljøet og Harald Hauge deltek på Styrkeprøven for første gong.
Dag-Arne Eide deltek som førstemann på motbakkeløp.

2004:
Den første Støylsturen Støylar i Gloppen, blir arrangert med 5 mann som fullførde.
Løypeomlegging i Eidsfossen Grand Prix, til raskare og meir publikumsvenleg trasé.

2005:
Støylar i Hyen med 5 mann
Fleire deltek på landeveisritt som f.eks Bergen-Voss
Eidsfossen-syklistar deltek på triathlon i Hyen for første gong.
125 deltakarar i Eidsfossen Grand Prix som er noverande rekord.
Vidar Eide rundar som førstemann 10 Birkebeinerritt.



2006:
Jakker, bukser og fleire trøyer kjøpt inn.
Deltek for første gong i Breimstafetten.
Støylar i Breim med 7 mann
Tidenes beste Birkebeinerritt med 12 deltakarar frå Sandane, 9 av desse klarte merket, 10 mann under 3,50 og dei to siste so vidt over 4 timar. Mange personlege bestenoteringar. Johnny Hauge er ny bestemann.
Neste generasjon syklistar stiller på ritt utanom fylket
Kjetil Eide på seirspallen i M 40-50 i Alperittet.

2007:
Eidsossen Sykkel oppretta som idrettslag i skipingsmøte 18.januar.
Sterk sportsleg sesong i den første som offisiell klubb:
14 deltakarar på Birkebeinerrittet, herav 4 debutantar, totalt 9 merke.
Auka deltaking med sterke plasseringar på ulike ritt omkring i Noreg, mellom anna klassesiger til Dag-Arne Eide på Nibberittet i Geiranger og 3 pallplassseringar på Alperittet på Stranda.
Stor deltaking ulike motbakkeløp med fleire klassesigrar og pallplasseringar, mellom anna sølv i NM til Dag-Arne Eide og andreplass også i Skåla 1848 m rett opp på same mann
Deltaking med 2 lag på Breimstafetten.
Fleire lagsmeisterskap i ulike disiplinar avvikla og Trygve Henden Gaasø blei den første "Årets Klubbmeister".

 

2008:

Auka deltaking på sykkelritt, 17 stk på Birkebeinerrittet, 11 mann under 3.30.

Auka deltaking på fellestreningane

Deltakarrekord på Eidsfossen Grand Prix med 139 på startstrek.

Klubbmeisterskapet vidareført med same vinnar som i 2007

Trond Midtkandal nr. 2 i si klasse i motbakkeløpet Skåla Opp

 

 

Eidsfossen Sykkelklubb © 2009

www.eidsfossensykkel.no